Stor spenning før opprykkskamp: – Det blir storfest, håpar vi

1 month ago 52



Tribunen er full når Rana FK skal spele for å sikre billett andredivisjon. Like før kamp er stemninga stor på tribunen.

I dag klokka 12:00 går nemleg avsparket på heimebane mellom Rana FK og Byåsen.

Det blir ein viktig kamp, for laget som må ha enten uavgjort eller siger for å sikre opprykk.

Chris Lind er forsangar og trommeslagar på tribunen, som han forventar å bli stappfull:

– Det blir smekkfullt her. Det blir storfest, håpar vi, seier han til NRK sin reporter.

– Vi er veldig klare. Veldig nervøse, men vi har trua, seier Lind.

– Champagnen har de vel kjølt i nesten eit år?

– Ja, vi har jo det! Det blei sagt at no skulle vi gå for opprykk, men så mista vi litt trua då våren var ferdig. Men no ser det veldig lovande ut og er berre opp til oss sjølve, seier Lind.

Read Entire Article