– Det er fleire som av ein eller anna grunn sit einsleg på julaftan. Ikkje alle er heldige og eg blir rørt over alle tilbakemeldingane, seier Fransplass.
Julaftan inviterer han til gratis julefeiring på Pillarguri kafé på Otta for 30 heldige.
– Vi har hatt eit skikkeleg godt år, og vil gje noko tilbake. Derfor steller vi i stand ei julefeiring og vi ser at det er eit behov, seier Fransplass.
Han og dei tilsette på kafeen fekk inspirasjon til feiringa på studietur og alle andre som arrangerer liknande arrangement.
– Mange har teke kontakt og er kjempeglad for å kome til oss julaftan, seier Fransplass.
Fleire føler seg einsame
Ting kan tyde på at det er eit stort behov for slike arrangement over heile Noreg.
Ei måling som Røde Kors har gjennomført før jul viser at ein av fire i Noreg føler seg einsam.
– Årets måling er eit kraftig varsku og er skumle tal inn i julehøgtida. Spesielt er aukinga markant hjå den yngre gruppa, seier Røde Kors Ungdom-leiar, Azra Numanovic, i ei pressemelding.
Tala for dei unge er nedslåande og viser at nesten ein av to i alderen 18–24 år føler seg einsame.
Dårlegare økonomi og dyrtid kan vere noko av årsakene til auka, meiner Røde Kors.
– Einsemd er eit samfunnsproblem som vi må ta på alvor. Det er ekstra synleg nå, men det pregar mange heile året, seier Numanovic.
– Gje eit smil
Ho håper at politikarane investerer meir i førebyggjande tiltak og lågterskeltilbod for alle.
Det er ikkje berre på Otta at dørene blir opna på julaftan. Også på Lillehammer opnar Lillehammer Frivilligsentral dørene for sjuande året på rad - i år på Nansenskulen.
– Det er 60 personar som kjem på tradisjonell norsk julekveld. Det kjem folk i alle aldrar og det har vorte ein fin tradisjon, seier Kirsten Kallelid, leiar av frivilligsentralen.
Ho meiner det er spesielt viktig å vise omsorg og varme i jula.
– Vi opplever at mange støtter opp om dette og nokre seier at det er den finaste jula dei nokon gong har feira, seier Kallelid.
Ho har eit klart julebodskap til alle der ute.
– Løft blikket og gje eit smil til medmenneske. Det er håp, seier Kallelid.
– Kan vere livsviktig
Tilbake på Otta har det vorte lange dagar på kafeverten. Men han gjer det med glede.
– Eg har kjent Thomas i mange år, og han er tvert igjennom god. Eg tykkjer det er bra at han ikkje følger den A4-tradisjonen vi har med familiejul og arrangerer dette, seier Jørn Roger Aateigen.
Han er ofte på Pillarguri og trur ei slik julefeiring er utruleg viktig for dei som nyttar seg av det.
– Det kan vere livsviktig for nokre, og da er det verdt det. Å kunne ha eit slik tilbod julaftan er alfa og omega, seier Aateigen.
Publisert 24.12.2024, kl. 11.04 Oppdatert 24.12.2024, kl. 11.12