Førre veke var ein milepæl heime hjå familien Potter på Voss.
Yngstemann Nicky tøysa for første gong med mora. Han viste humor. Ein liten ting, men ein stor siger for ein gut som ikkje er som alle andre.
Han er utan språk, sterkt autistisk og treng tilsyn kvart minutt av døgnet.
– Fastlegen rekna ut at det måtte tolv tilsette til for å erstatte den omsorgsbyrda eg og mannen min har i dag, seier Potter.
– Det opplever eg som eit ganske riktig anslag.
I forfjor vart stefaren betalt ut av jobben sin for å kunne ta seg av Nicky. Med det blei Nicky også eit tal i statistikken.
Sidan 2020 har det vore meir enn ei dobling i kor mange barn som får pleiepengar i Noreg. Auken er særleg stor innan psykiske diagnosar, viser ferske tal frå Nav.
– Det tok 9,5 år. Men me kom dit, seier Camilla Potter medan ho viser fram klippet ho delte på sosiale medium.
Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRKEnorm auke i psykiske diagnosar
I 2020 fekk 0,9 prosent av alle barn pleiepengar. I fjor var talet 1,9 prosent. På fem år har det altså vore meir enn ei dobling.
– Ordninga kan vere meir kjend no enn før, slik at både foreldre og helsetenesta veit at dei kan bruka ho. Det kan også vere at barn er meir sjuke enn før. Det treng me meir kunnskap om, seier Lone Dahlin Arntsen i Nav.
Lone Dahlin Arntsen er fagansvarleg for velferdsstatistikk i Nav.
Foto: Nav / NavHo viser til at det er vanskeleg for Nav å seie om auken er urovekkande.
– Me er opptekne av at dei som treng pleiepengar skal få det, og er glade for at dei som treng å vere heime med barna sine, får det.
Dagens pleiepengeordning vart innført i 2017.
Anslår at ho jobbar 300 prosent
Sjølv er Camilla Potter utanfor arbeidslivet. Det har ikkje vore mogeleg å jobbe så lenge ho har hatt Nicky.
Då han vart fødd var ikkje pleiepengeordninga slik ho er i dag. Potter fortel at ho dermed havna utanfor arbeidslivet for å ta vare på han, utan nokon omsorgsløn.
– Min jobb er å bruke all tid på familien. Som mor vil ein jo gjerne gjere det ein kan for barna sine.
Ho anslår arbeidsbyrda til å tilsvare ei stilling på kring 300 prosent.
Ho er glad for at mannen no kan ta del i omsorgsarbeidet. Men då han fekk pleiepengar vart det kutta i annan hjelp, som avlastning.
Potter er styremedlem i foreininga Løvemammaene region Vest. Der har dei eit inntrykk av at mange kommunar er ivrige på å få foreldre over på pleiepengar.
Pleiepengane er det staten som betaler, og kommunen kan spare på fagfolk og ekspertise i skule og omsorg.
Hjertholm trur det offentlege sparer mykje på å gje fleire pleiepengar.
– Me er jo billig arbeidskraft for det offentlege. Veldig billig arbeidskraft.
Potter legg ut glimt frå kvardagen med Nicky på sosiale medium.
Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRKKamp mellom ulike budsjett
Opplevinga av at pleiepengar er ein måte for det offentlege å spare pengar på vert delt av fleire som NRK har vore i kontakt med.
– Det er det ein stor fare for. Det er viktig at desse familiane opplever god støtte i lokalmiljøet, og at kommunar ikkje ser seg tente med å skyve ansvaret over på staten, seier Gry Lunde. Ho er generalsekretær i organisasjonen ADHD Noreg.
Også i forskarmiljø er det ei uro for at denne pasientgruppa vert ein kasteball mellom ulike budsjett.
– Det er uheldig om ulike offentlege aktørar som kommunane berre vurderer sitt budsjett og ser på foreldre som billig arbeidskraft, seier helseøkonom Gudrun Waaler Bjørnelv ved NTNU.
Helseøkonom Gudrun Marie Waaler Bjørnelv ved institutt for samfunnsmedisin og sjukepleie på NTNU.
Foto: Trond Odin Myhre Johansen / NRK TrondelagHo seier utgangspunktet må vere å tenke på det beste for barnet og familiane.
Mange kommunar er pressa på økonomi og tilsette, og ho fryktar for støtteordningane kring desse familiane.
– Å ikkje ta seg godt av dei uformelle omsorgsgjevarane, som foreldre, kan bli dyrt på sikt. Det er ei fare for at dei rett og slett slit seg ut, seier Bjørnelv.
Publisert 20.02.2026, kl. 10.46










English (US)