Berre eit kvarter før Donald Trump sa at USA hadde hatt «gode og konstruktive samtalar» med Iran, vart det handla olje for over 5 milliardar kroner, skriv Financial Times.
Etter meldinga frå Trump stupte oljeprisen.
I meldinga nytta den amerikanske presidenten ei heilt anna tone enn nokre dagar tidlegare.
Laurdag trua Trump med å bombe iranske energianlegg viss landet ikkje slutta å angripe skip i Hormuzsundet. Han gav dei ein frist på 48 timar.
Det gjorde at ein allereie høg oljepris steig endå meir. Få dagar etter stupte han.
Dei unormale oljehandlane har fått nokre til å lure på kva som eigentleg skjedde i minutta før meldinga frå Trump.
Var det nokon som visste at ho kom?
Få minutt før Trump la ut dette innlegget, var det ein kraftig auke i oljehandelen.
Faksimile: @realDonaldTrump / Truth SocialMistenkeleg handel
– Hadde dette skjedd i Noreg, ville Økokrim etterforska det.
Det seier Olav Chen i Storebrand Asset Management til NRK.
Olav Chen
- Samfunnsøkonom
- Leiar for allokering og globale renter i Storebrand
Han peikar på at timinga for handlane kan ha vore tilfeldig, men skildrar òg situasjonen som både uvanleg og spesiell.
– Det kan vere nokon som har hatt enormt mykje flaks. Men det luktar, slik eg ser det, innsideinformasjon.
Både timinga og storleiken på handlane gjer situasjonen mistenkeleg, meiner Chen.
Ifølge Chen er det heller ikkje fyrste gong ein har sett handlar av denne typen rett før meldingar frå Trump.
Han viser mellom anna til den såkalla «Liberation Day» i fjor, då Trump snudde om varsla tollsatsar mot fleire andre land.
Ei CNN-kartlegging viste mellom anna at fleire folkevalde i USA gjorde store børshandlar i dagane før kunngjeringa.
– Kan vere innsidehandel
Det er spesielt omfanget av handlane som vekker mistanke, seier Sindre Heyerdahl, økonomikommentator i E24.
– Eit volum mykje høgare enn det normale. Det gjer at det ser så suspekt ut, seier han til NRK.
I tillegg til auka oljehandel var det òg auka aktivitet på aksjemarknaden.
Tidslinje
– Kan den aktiviteten ein såg vere heilt tilfeldig, eller tyder det på at det har vore ein form for innsidehandel?
– Det ser mistenkeleg ut, men ein kan jo ikkje utelukke at det er ei heilt uskuldig forklaring som ligg bak, svarar Heyerdahl.
Han peikar på at børser og prisen på olje, gass og gjødsel svingar svært mykje frå dag til dag no.
– Investorane er så frykteleg nervøse og usikre på kva som faktisk skjer. Då blir det også ein del handlar som blir plasserte, som kanskje verkar litt irrasjonelle.
Heyerdahl håper at dei mistenkelege handlane blir undersøkt nøye.
– For det kan jo også vere innsidehandel. Anten med vond vilje frå nokon i Det kvite hus, eller gjennom lekkasjar til folk plassert utanfor. Lekkasjar som kanskje ikkje har vore med vilje heller.
Høge oljeprisar
Oljeprisane har vore høge sidan USA og Israel gjekk til angrep på Iran.
Like utanfor Irans kyst ligg Hormuzsundet, ein av dei viktigaste transportvegane i verda for olje.
Dei siste vekene har svært få skip passert sundet, fordi Iran har angrepet skip med tilknyting til USA, Israel eller allierte land.
Store delar av verdas olje blir frakta gjennom Hormuzsundet.
Det iranske utanriksdepartementet har avvist at det har vore nokre samtalar med USA.
Det kvite hus avviser
Det er ikkje kjent kven som stod bak handlane, heller ikkje om det var éin eller fleire aktørar.
Det finst heller ikkje bevis for at noko ulovleg har skjedd.
Det kvite hus avviser at det har vore nokon form for innsidehandel.
– Det kvite hus tolererer ikkje at tilsette i administrasjonen ulovleg tener på innsidekunnskap, og alle påstandar om at offentlege tenestepersonar driv med slik aktivitet utan bevis, er grunnlause og uansvarleg journalistikk, seier talsperson i Det kvite hus, Kush Desai.
Er du interessert i utanriksstoff? Høyr redaksjonens podkast:
Publisert 24.03.2026, kl. 20.04








English (US)