Stoppar salet av Ozempic som slankemedisin

1 day ago 13



Frå i dag av får ikkje apotek i Noreg selga Ozempic til personar som brukar diabetesmedisinen til å slanka seg.

Det stadfestar overlege i Direktoratet for medisinske produkter (DMP), Sigurd Hortemo til NRK.

Formålet er å sikra at tilgjengelege pakningar blir leverte ut til diabetespasientar med blå resept, seier han.

– Det betyr at dei som har ein kvit resept på Ozempic må gå til legen og finna ut om dei skal ta i bruk ein annan medisin.

Kvit resept betyr at ein må betala for medisinen sjølv, i motsetnad til blå resept, der staten betalar store deler av prisen.

Sidan Ozempic i utgangspunktet er ein medisin for diabetes 2, er det kun dei med sjukdommen som får medisinen dekka av staten.

Bruken har eksplodert

Bruken av medisinen Ozempic har eksplodert det siste året.

Sjølv om medisinen er laga for dei med diabetes 2, har svært mange begynt å bruka det for å slanka seg.

Vanlege biverknadar er nemleg dårleg appetitt.

Forbruket har vore så høgt at apoteka har gått tomme, og Noreg har kjøpt inn rådyre medisinar frå utlandet.

Totalt har det kosta felleskapet 1,2 milliardar kroner så langt i år, viser heilt nye tal frå Direktoratet for medisinske produkter (DMP).

Det er nesten like mykje som heile fjordåret til saman.

Må rasjonera

Samstundes er det bestemt at diabetespasientar med blå resept berre får utlevert Ozempic for fire veker om gangen.

Tysdag førre veke godkjente Stortinget ei lov som opnar for å rasjonere medisinar det er kritisk mangel på i Noreg.

Blant anna vart det kjent at legar ikkje lenger kunne skrive ut blå resept på berre Ozempic til diabetspasientar.

Skal ein ha medisinen, må ein også ta annan medisin, som for eksempel insulin.

Den lova trer i kraft frå i dag av.

Men førre veke ville ikkje DMP seie noko om salet av Ozempic generelt. For legar kan nemleg skrive ut kvit resept på legemiddelet, blant anna til personar som brukar det for å slanka seg.

– Ein av dei tinga me nødig vil oppleva er hamstring. Denne typen vedtak vil bli kommunisert når dei blir satt i gang, for å unngå hamstring, sa Sigurd Hortemo, overlege ved DMP, førre veke.

No er det altså bestemt at apotek ikkje lenger kan selgje medisinen til dei med kvit resept.

Ifølge Apotekerforeningen er det solgt 40 000 pakkar mot fedme på kvit resept så langt i år.

Går ut over dei med diabetes

I dag er det rundt 60 000 personar som brukar Ozempic mot diabetes 2 i Noreg.

Men det er også kjent at nokon har fått det på blå resept mot slanking. Det er ikkje lov, og det er det styresmaktene vil stansa no.

Dette går ut over diabetespasienar, seier kommunikasjonsansvarleg i Diabetesforbunder, Ingvild Eilertsen.

– Me får jo allereie tilbakemeldingar frå diabetespasientar som dette gjeld. Blant dei er mange fortvila over at dei no må avbryta behandlinga og slutta med ein medisin som dei oppgir, seier ho.

Svært populær medisin

Ozempic er i utgangspunktet ein medisin utvikla mot diabetes 2. Sidan han også reduserer appetitt, gjer han det lettare for folk å gå ned i vekt.

Medisinen blir produsert av det danske selskapet Novo Nordisk, som har hatt ein ekstrem vekst dei siste åra på grunn av «slankemedisinane» sine.

NRK har tidlegare skrive om regjeringa sitt ønske om å hindre at pasientar utan diabetes får diabetesmedisinar med slankande effekt på blå resept.

Publisert 01.07.2024, kl. 07.59 Oppdatert 01.07.2024, kl. 08.26

Read Entire Article