– Eg har ingen planar om å tape.
Noah Lyles verkar å vere lysten på revansje etter ein VM-bronse på 100 meter. I semifinalen på favorittøvinga, 200 meter, sprang han inn til årsbeste i verda på 19,51.
– Eg sjokkerte meg sjølv, seier Lyles til NRK.
– Eg trur det er litt for å få ei skikkeleg gjennomføring, og litt fordi han er opptatt av «image» og posisjon, både hjå publikum og konkurrentar. Han er opptatt av respekt, kommenterte NRKs ekspertkommentator Vebjørn Rodal.
For det står kanskje meir enn eit gull på spel i finalen. Der møter Lyles to rivalar som har kalla han både «usportsleg» og «arrogant».
Det ligg med andre ord ikkje an til å bli berre god stemning når det skal springast om gullmedaljen.
– Usportsleg drit
Lyles er kjent i friidrettsverda for å vere både frittalande og sjølvsikker. Noko som har gjort at han også har hamna i søkelyset, ikkje alltid på ein positiv måte.
– Eg veit ikkje heilt kva alle meiner, men folk ser på meg som ein ekte konkurrent. Nokon ser meg som den som snakkar mykje. Nokon ser meg som mannen som prøver å endre sporten, seier Lyles til NRK.
PROFIL: Noah Lyles, her på Met-gallaen i mai.
Foto: Eduardo Munoz / Reuters / NTBMen han let det ikkje vere nokon tvil om kva han ønsker at folk skal tenke om han:
– Eg har «ikon» tatovert på overkroppen av ein grunn. Eg vil gjerne at folk skal sjå på meg som eit ikon, men det er opp til dei å bestemme
– Av og til er det ein del drama blant dykk sprintarar, kvifor er det sånn?
– Det er mykje som skjer, det er høgt press og mykje på spel, fortel han.
Seinast under den amerikanske meisterskapen førre månad blei det hissig stemning mellom Lyles og ein av VM-konkurrentane hans: Kenny Bednarek.
Lyles stirte ned Bednarek da han passerte han og vann 200-meterfinalen i USA, og Bednarek svarte med å dytte tilbake. Krangling blei det også i intervjuet etterpå.
KNUFF: Bednarek gav Lyles ein dytt i ryggen.
Foto: Ashley Landis / AP / NTB– Det han sa spelte ingen rolle, det var berre det han gjorde. Usportsleg drit, og det taklar ikkje eg. Det handlar om respekt, sa Bednarek etterpå.
Da Lyles blei beden om å kommentere hendinga, heldt han seg kort.
– På ordre frå trenaren: ingen kommentar.
Men da dei løp forsøk i VM verka lufta å vere reinsa. Da utøvarane møttest i trappa, gav dei kvarandre ein liten «handshake».
– Korleis er forholdet mellom deg og Lyles?
– «We’re cool». Som eg seier, ting skjer i livet, men det er bra, det er alt eg kan seie, seier Bednarek til NRK.
– Lufta er reinsa, noko anna ville vore for barnsleg, kommenterte NRKs friidrettsekspert Vebjørn Rodal.
Mens Lyles framleis var ordknapp:
– Ikkje sånn det fungerer
Men det er ikkje den einaste Lyles har hatt ein liten feide med.
OL-vinnaren frå Paris, botswanske Letsile Tebogo, har også hamna i drama med Lyles. Etter gulløpet i OL fekk Tebogo spørsmål om han kunne sjå seg sjølv som ein frontfigur for friidretten:
Det kunne han ikkje, for han «er ikkje ein arrogant og høglydt type som Noah» ifølge han sjølv.
Sjølv om han i etterkant påpeika at dei to er venner, så er det i alle fall klørne ut når det skal konkurrerast. Og nå skal dei kjempe om det same VM-gullet på 200 meter.
– Ein må ha sjølvtilliten, sjølv om du kjenner på det eller ei. Ein må vise folk at ein kan takle dette og folk begynner nok å frykte deg etter kvart, seier Tebogo.
DUELL: Lyles vann duellen mot Tebogo i Diamond League-finalen i Zürich.
Foto: FABRICE COFFRINI / AFP / NTBGjer som Northug
NRKs friidrettskommentator Jann Post trur det blir litt kulturkollisjon når Lyles møter andre, mindre høglydte utøvarar.
– Han har ein tendens til å hamne i disputtar med ein del av konkurrentane. Han liker å komme med små stikk, som dei andre nok tar til seg. Kanskje er dei hårsåre, kanskje er han litt unødvendig på, seier Post.
– Det verkar litt som at han liker at det er litt liv og røre. Litt som boksarar i gamle dagar. Kanskje han vil vere ein sprintens Mohammed Ali og bruke kjeften effektivt, mens andre prøver å tone det litt ned.
Han synest det er gøy med nokon som skaper litt temperatur, og at det blir litt feidar internt mellom konkurrentane. Det gir betre historier og meir kjensler, meiner han.
– Eg trur han nesten gløymer litt kva han har sagt òg. Petter Northug gjorde det litt på same måten litt for å sette seg i ein posisjon at ein ikkje kan tape. Han liker å bygge fallhøgde for han meiner han er best under press, seier Post.
Éin ting kan i alle fall utøvarane einast om: Finalen blir mildt sagt spennande.
– Eg trur det kjem til å bli eit episk show. Han vil forsvare tittelen sin, eg vil ta tittelen hans og Kenny (Bednarek) vil også det same. Alle vil gjere noko spesielt i finalen. Eg trur det kjem til å bli eit spektakulært show og eg håpar å sjå fleire afrikanarar i finalen, seier Tebogo til NRK.
Lyles er klar for å skape historie i finalen.
– Det blir ein av dei beste nokon gong. Eg trur det blir det raskaste VM-finalen i historia. Dei ser sjølvsikre ut òg, og eg trur på meg sjølv, seier han.
- Finalen på 200 meter går fredag klokka 15.06. Sjekk programmet for VM i friidrett her:
Publisert 19.09.2025, kl. 08.43 Oppdatert 19.09.2025, kl. 08.53