Stjerna grovt kroppshetsa: – Såg ut som ein uopna chipspose

1 month ago 24



Det var under ein diskusjon rundt kven som var dei beste sprintane i verda at kroppen til Shericka Jackson blei eit tema.

Jamaicanaren tok VM-gull på 200 meter i Budapest med tida 21,41 sekund – berre sju hundredelar bak verdsrekorden.

Då ho vann Diamond League-stemnet i Doha viste klokka «berre» 22,82. Argument om at ho sprang saktare enn vanleg fordi det var tidleg i sesongen blei raskt avfeia.

– Ho så ut som ho sprang 22,8 med ein ryggsekk, sa Lamont Johnson, som trenar collegeutøvarar ved delstatsuniversitetet i Georgia (GSU).

ly4iBy_tzDg

PANELDELTAKAR: Angelo Taylor.

Foto: AFP

Han var ein av deltakarane i YouTube-showet RaesTake, der dei tidlegare hekkestjernene James Carter (VM-sølv) og Angelo Taylor (to OL-gull) sat i panelet.

– Ho så ut som ho nettopp forlét Magic City (strippeklubb). Ho er tjukkare enn ein overfylt koffert, ho såg ut som ein uopna chipspose, ho såg ut som ein fullstappa søppelsekk, fortsette Johnson i tiraden sin.

Fleire gonger snakka Johnson om kor stor ho hadde blitt, og at ho hadde hovne anklar. Det skjedde etter at verten Rae Edwards hadde vist bilde av henne, der han meinte ansiktet hennar var tydeleg større enn førre sesong.

– Knuste meg

NRK viser dei skakande utsegnene til Jackson, men sprintaren er ikkje veldig overraska. Dette er nemleg ikkje første gongen folk som ikkje kjenner henne har sterke meiningar.

Internett har knekt meg éin gong i livet, og det var i 2021. Då visste eg ikkje korleis eg skulle handtere media, så media knuste meg, fortel jamaicanaren.

Det skjedde etter at ho på svært overraskande vis ikkje klarte å ta seg vidare frå innleiande heat på 200 meter i OL i Tokyo.

Jackson fortel at ho ikkje kjenner til paneldeltakarane i podkasten. Dermed kan dei umogleg kjenne Jackson veldig godt, seier ho.

HMjNa6aegqw

LYNRASK: Jackson er tidenes nest raskaste på 200 meter.

Foto: AP

– Viss det ikkje er trenaren min eller mine nære venner som seier det, så vil neppe nokon frå ein podkast eg ikkje kjenner til plage meg.

– Kva tenker du om kommentarane dei kjem med?

– Slike kommentarar kan påverke andre, men ikkje meg. Eg er meg, og eg veit når eg veg for mykje. Akkurat nå er eg ikkje i 21.40-fasong, seier Jackson, som har ambisjonar om å vere i toppform til sommar-OL.

Open om vanskeleg barndom

Jackson har tidlegare opna opp om ein vanskeleg barndom, korleis ho opplevde lite kjærleik frå foreldra og korleis det har prega henne i ettertid.

– Eg sleit mentalt. Eg var verkeleg deprimert. Eg voks opp utan kjærleik, har ho uttalt til SIM.

Jackson har fortalt korleis den einaste måten ho klarte å kommunisere på, var gjennom aggresjon. Nå har ho vakse, funne ut kven ho vil ha, blitt tryggare, og i samtale med NRK verkar friidrettsstjerna roleg og avbalansert.

Nå er ho sterkare.

– Mentalt kan du ikkje knuse meg, same kva, innleiar ho.

– Alle er frie til å seie si meining, men viss du kjem og kommenterer direkte på profilane mine, blokkerer eg deg. For eg skal ikkje tilbake dit eg var. Eg er for gammal for det. Eg skal bli 30 år i juli! 30 år! avsluttar Jackson og gliser.

Ho spring 200 meter under det NRK-sende Diamond League-stemnet frå Stockholm søndag. Sendestart kl. 18.

Stygt fall for Ingvaldsen: – Håper ikke han strakk noe bånd 00:31

Publisert 01.06.2024, kl. 08.31

Read Entire Article