Staten opnar farleg klatresti for alle

2 days ago 8



Statsforvaltaren i Vestland har gjort om det kommunale vedtaket om å stenge «jernstien» på ikoniske Hornelen for allmenn ferdsel.

Det betyr at det igjen er fritt fram å klatre opp «den høgaste sjøklippen i Europa» – utan assistanse frå ein guide.

Ifølge myten blei fjellveggen – som skyt nesten 1000 meter rett opp frå fjorden – første gong erobra av Olav Tryggvason.

Kongen skal ha klatra rett opp med skjoldet festa på ryggen.

Dei færraste dødelege kan vise til liknande mot og klatreferdigheiter, så i fjor sommar stod det klar ein via ferrata (italiensk for «jernveg») opp fjellveggen.

Kommunen såg omgåande faren for at «uvedkommande» kunne forville seg opp i fjellveggen, og stengde stien for allmenn ferdsel – på tvers av friluftslova og det «heilage» norske prinsippet om allemannsretten.

Alle klatrarar måtte i staden leige ein guide til 1495,- kroner per tur.

Denne stien er han brattaste eg veit om, og eg trur vi gjer lurt i å tenke tryggleik først, forklarte ordføraren.

olav tryggvason

NO BIG DEAL: Olav Tryggvason skal ha klatra rett opp fjellveggen med skjoldet festa på ryggen.

Illustrasjon: Erik Werenskiold

Dei kan ikkje stenge han sånn utan vidare

Reguleringa av kor turgåarar fekk bevege skapte oppstandelse blant norske friluftsorganisasjonar, og eitt år seinare har statsforvaltaren konkludert med at kommunen ikkje hadde rett til å «annullere» det norske adelsmerket – allemannsretten.

Allmenn ferdsel var ein føresetnad da stien blei laga. Da kan dei ikkje stenge han sånn utan vidare, seier Gunnar O. Hæreid, som er assisterande statsforvaltar i Vestland.

Har du vore borti liknande saker?

Nei.

Sjå heile grunngivinga til Statsforvaltaren under.

Hornelen i Bremanger

Statsforvaltaren i Vestland har gjort om det kommunale vedtaket om å stenge «jernstien» på ikoniske Hornelen i Bremanger kommune.

Foto: Mats Grimsæth

Det som er avgjerande for oss er sikkerheita

Bremanger-ordførar Anne Kristin Førde er skuffa over vedtaket.

Eg hadde eit håp om at vi skulle få dispensasjon. Nå har vi ikkje fått det, konstaterer ho.

Da må vi sjå om vi kan gjere nokre tilpassingar. Det som er avgjerande for oss er sikkerheita. Da må vi kontroll med kven som er i løypa til kvar tid.

Ei mogleg tilpassing er å regulere heile området på ny. Men det er ein tidkrevjande prosess som involverer planarbeid og lange høyringsrundar.

I den opphavelege planen skrev kommunen at: «Ved å halde anlegget ope vil ein oppretthalde allemannsretten i området, samt opne opp eit område for fleire brukarar enn kva som er dagens situasjon».

Noregs klatreforbund er letta over dagens avgjerd.

Dei viser til at det må vere opp til kvar enkelt turgåar å ta ansvar for eiga sikkerheit – og at ein «formyndarstat» som tar ansvarlege val på vegner av andre ikkje samsvarer med norske friluftstradisjonar.

Vi er godt fornøgde med vedtaket. Allemannsretten og friluftslova er viktige institusjonar og godt kjent av Bremanger kommune, seier Stein Tronstad, som er president i Noregs klatreforbund.

Han legg til:

At kommunen i ettertid har fått motførestillingar mot eit anlegg dei sjølv la til rette for, bør kanskje leie til ei erkjenning av at anlegget ikkje burde ha vore bygd.

Klatrestien på Hornelen har blitt kritisert for å vere «stygg» og «vulgær».

I serien av vulgær tivolifisering av norske fjell er vi i ferd med å få ein ny leiar, sa eventyrar og turmann Stein P. Aasheim da bygginga starta i 2022.

Påstandar om tivolifisering og «disneyifisering» av norsk natur har også versert i forbinding med byggjeprosjekt ved Vettisfossen, Vøringsfossen (sjå video under), Andersnatten og Nesaksla.

Det springande punkt er kva det kostar å veksle det urørte inn i større tilgjengelegheit og tryggleik.

– Det handlar ikkje om enkelttiltak, men om summen og det natursynet som ser ut til å breie seg i turistbransjen: At natur må leggjast til rette som «destinasjonar», seier Tronstad i klatreforbundet.

FOTO: Harald Christian Eiken/Video & Multimediaproduksjon

Publisert 03.07.2024, kl. 19.05

Read Entire Article