Sterke bilete: Ølboks gav blodig død for Kuli

5 hours ago 4



Trass gjentatt formaningar om at folk ikkje må kaste frå seg aluminiumsboksar, er døden frå fôrbrettet blitt eit utbrett problem på norske gardar.

I 2023 blei det rapportert om 1118 tilfelle der storfe blei skadd etter å ha ete skarpe gjenstandar.

Onsdag kom døden til Frislida i Heggjabygda i Stad, der bonde Ola Frislid blei vitne til at kua Kuli (5) fekk ei smertefull ende på livet.

– Eg er både fortvilt, forbanna og lei meg for det som har skjedd, seier han til avisa Fjordabladet, som var først på staden.

På si eiga facebook-side har han lagt ut ein video av blodpølen som møtte han i fjøset.

Filmen viser kua som hostar opp store mengder blod.

– Heilt klart eit dyrevelferdsproblem

Frislid tok kontakt med dyrlegen for avliving onsdag morgon, men kua døydde før veterinæren rakk fram.

Det er gjort forsøk med bruk av magnetar som kan hindre at kyr får i seg dei små knivane av metallrestar i fôret, men det hjelper ikkje om brus- og ølboksane er laga av aluminium.

Tilbake i 2016 fremja Noregs bondelag forslag om at panten måtte aukast vesentleg, fordi dei meiner det ville føre til meir resirkulering.

– Desse metallbitane er heilt klart eit dyrevelferdsproblem, som eigentleg burde vore unødvendig, sa Håvard Nørstebø, veterinær og forskingsleiar i Tine, til NRK i fjor.

metallbit fra ølboks

Når boksane blir kutta opp av slåmaskin, rundballemaskin eller på fôrmiksaren i fjøsen, er det til slutt er berre småbitar igjen, som kua jafsar i seg.

Foto: Privat

Publisert 14.05.2025, kl. 12.55 Oppdatert 14.05.2025, kl. 13.03

Read Entire Article