Det er blitt ein folkesport å vere forbanna på Statsforvaltaren.
Kort oppsummert
Statsforvaltaren blir ofte møtt med sinne for å håndheve lover som hindrer bygging og naturødeleggelser.
Mange kritiserer dem for byråkrati og maktmisbruk, men glemmer at de følger politisk vedtatte lover.
Samfunnet krever likevel naturvern og sikkerhet, men ønsker ofte at regler ikke skal gjelde dem selv.
Statsforvaltaren fungerer som syndebukk i et samfunn der folk ikke vil følge regler som går mot deres ønsker.
Oppsummeringen er laget av AI-verktøyet ChatGPT og kvalitetssikret av våre journalister.
Les mer om hvordan vi forholder oss til kunstig intelligens.
Kvar gong nokon får nei til å byggje bryggje i strandsona, fylle att ei myr eller setje opp ei hytte midt i eit fareområde, kjem raseriet momentant: «Byråkrati! Maktmisbruk! Folkefiendtleg!»
Men kva er eigentleg alternativet? At lover og reglar berre skal gjelde når det passar oss?
Statsforvaltaren er ikkje ein tilfeldig gjeng med menneske som vaknar om morgonen og tenkjer: «Korleis kan vi øydeleggje dagen til folk flest?» Dei gjer jobben Stortinget og kommunane faktisk har pålagt dei å gjere. Dei følgjer opp lover vedtekne av politikarar, ofte dei same politikarane folk stemmer på før dei går heim og klagar over konsekvensane.
Det er fascinerande korleis enkelte hyllar «rettsstaten» heilt fram til den dagen rettsstaten seier nei til akkurat deira prosjekt. Då er det plutseleg «papirflyttarar» og «maktarroganse». Merkeleg nok er det sjeldan nokon som ropar på mindre kontroll når naboen byggjer ulovleg, når drikkevatnet blir forureina, eller når kommunen godkjenner noko fullstendig hårreisande.
Vi vil ha naturvern, strandsonevern, tryggleik mot ras og flaum, vern av matjord og likebehandling. Men vi vil helst at det berre skal gjelde andre.
Statsforvaltaren har blitt den perfekte syndebukken i eit samfunn der ingen lenger toler å få beskjed om at reglar faktisk gjeld. Det er lettare å skulde på «systemet» enn å innrømme at ein kanskje ikkje hadde krav på akkurat det ein ønskte seg.
Nokon må faktisk vere den vaksne i rommet. Akkurat no verkar det som Statsforvaltaren står åleine om den jobben.











English (US)