Staten vil ha grønare skipsfart – men firar på krava

1 week ago 11



Denne veka blei det norske verkemiddelapparatet for å få fart på den grøne omstillinga supplert med to nye ordningar.

Måndag la næringsminister Cecilie Myrseth (Ap) la fram ein «kraftig» risikolåneordning på 5 milliardar kroner «som skal bidra til å realisere nyskapande grøne industriprosjekt».

Dagen etter la Vestland fylkeskommune fleire millionar kroner på bordet for å få fart på det grøne skiftet langs kysten.

Så da er stemninga god i dei grøne verdikjedene?

Ikkje heilt.

Fleire industri- og teknologibedrifter gjer eit poeng av at handsrekkingane er til lita hjelp om regjeringa tar med den andre handa.

Bakgrunnen er dei nye reglane for utslepp i verdsarvfjordane som blei presenterte 27. august.

Etter langvarige forhandlingar vedtok regjeringa å utsette nullutsleppskravet for større fartøy i seks år – frå 2026 til 2032.

Klimaministeren forklarte at det var nødvendig med ein «gradvis innfasing» av kravet fordi nullutsleppsteknologien ikkje var moden.

Dette er ein skandale for satsinga på miljø, seier administrerande direktør Bent Martini i Havila Kystruten.

Skal vi komme nokon veg, må myndigheitene tore å stille strengare krav til aktørane.

Cecilie Myrseth

Måndag la næringsminister Cecilie Myrseth la fram ein risikolåneordning på 5 milliardar kroner «som skal bidra til å realisere nyskapande grøne industriprosjekt».

Foto: NTB

Ein siger for dei som ikkje har tort å investere

Martini viser til at selskapet investerte ein halv milliard kroner ekstra i nybygde kystruteskip da nullutsleppskravet første gong kom på dagsorden i 2018.

Myndigheitene har gitt aktørane mange år på å finne løysingar, men til slutt er det reine kommersielle omsyn som står igjen som vinnarar. Dette er ein siger for dei som ikkje har tort å investere i ei grønare framtid, seier han.

Batteriløysinga til Havila blei levert av bergensbaserte Corvus Energy.

Batteri- og brenselcelleteknologien som vi utviklar er meir enn god nok til å kunne segle utsleppsfritt i verdsarvfjordane, seier administrerande direktør i selskapet, Fredrik Witte.

Den nye kritikken kjem på toppen av tidlegare skuldingar frå den maritime næringa om at regjeringa har «somla» med å legge fram dei nye reglane.

Her snublar regjeringa i klimapolitikken, seier Ingebjørg Telnes Wilhelmsen, generalsekretær i Norsk Hydrogenforum.

Ei rekke aktørar planlegg å etablere hydrogenproduksjon langs den norske kysten, men dei treng ein marknad. Det må regjeringa vere med på å skape.

Ingebjørg Telnes Wilhelmsen

– Ei rekke aktørar planlegg å etablere hydrogenproduksjon langs den norske kysten, men dei treng ein marknad. Det må regjeringa vere med på å skape, seier Ingebjørg Telnes Wilhelmsen.

Foto: Ihne Pedersen

Straffar dei som har investert store summar

Statssekretær i Klima- og miljødepartementet, Sigrun Aasland, forsvarte regjeringa i Dagsnytt Atten sist måndag.

Ho viste til tilleggsvedtaket frå 2021, som er mindre radikalt enn stortingsvedtaket frå 2018, og avviste at regjeringa «straffa» selskapa som hadde gått føre og tatt ekstrakostnaden ved å vere fremst.

Vel, det straffar utstyrsleverandørar som har investert store summar i teknologiutvikling for at alle skip skal kunne nå desse krava frå 2026, seier Witte.

Nå kan skipseigarar utsette avgjerdene sine i fleire år, mens vi berre kan sitte å vente.

NRK har kontakta departementet for ein utfyllande kommentar, men har så langt ikkje fått svar.

Statssekretær i Klima- og miljødepartementet, Sigrun Aasland, forsvarte regjeringa i Dagsnytt Atten sist måndag.

Omstillingstrykket har falle frå «lågt» til «svært lågt»

Det nye regelverket bygger på eit forslag som blei lagt fram av Sjøfartsdirektoratet før jul.

Med utgangspunkt i motstanden sa direktoratet ja til fleire drivstofftypar innanfor rammene av eit regelverk som skulle vere meir «imøtekommande» overfor cruisedestinasjonane.

– Vår tilråding gir best balanse mellom omsynet til nullutslepp og framleis cruisetrafikk i verdsarvfjordane, sa sjøfartsdirektør Knut Arild Hareide.

Kirsten Å. Øystese

Ukjent

Kirsten Å. Øystese, prosjektleiar i Norsk Klimastiftelse

Det er synd at saka om verdsarvfjorden enda som han gjorde. Noko av det mest rette staten kan gjere er å stille krav og signalisere ei føreseielegheit om at Noreg skal til nullutslepp. Det var fleire forsøk på omkamp om nullutsleppskravet som blei fatta i 2018, og Stortinget valde ei feig løysing i 2021 da dei vedtok at regjeringa skulle sikre verdsarvfjordane som anløpshamn også etter 2026.

Hege Økland, administrerande direktør i NCE Maritime CleanTech

NCE Maritime CleanTech / Marius Knutsen

Hege Økland, dagleg leiar Hy2gen Nordic

Når politikarane går tilbake på tidlegare vedtak, så vil det gi eit signal om at industrien ikkje treng forhalda seg til politiske mål og krav, fordi dei vil bli utsett. Det betyr at investeringsavgjerder vert utsett og det tek lengre tid å få på plass løysingar og nye drivstoff som kan gjera skipsfarten utsleppsfri.

Bilde-Kenneth-Erdal-Kystrederiene

Kystrederiene

Kenneth Erdal, Seniorrådgivar næringspolitikk i Kystrederiene

Dette er svært skuffande, og undergrev dei som har tatt risiko på investeringar. Det betyr at det er ein trist dag for aktørar i verdsarvfjordane. Om ein skulle gå inn for ei utsetting, så burde det gjelde for alle aktørar – samtidig.

Magnus Eide, leiar av Grønt Skipsfartsprogram

Grønt Skipsfartsprogram

Magnus Eide, leiar av Grønt Skipsfartsprogram

Trass i stor vilje og entusiasme, grundig designarbeid og omfattande analysar ser vi at investeringsavgjerdene for å realisere nullutsleppsskip ikkje fattast. Justeringar av dei eksisterande verkemidla har hatt avgrensa effekt.

Håvard Tvedte, direktør samfunnskontakt Maritime Cleantech

Marius Knutsen / Marius Knutsen / Maritime CleanT

Håvard Tvedte, samfunnskontakt i Maritime CleanTech

Det blir ikkje eit reelt nullutsleppskrav i fjordane frå 2026, slik Stortinget bad om i 2018. Og dermed blir investeringar i nullutslepp for større skip utsette til etter 2032. Havila Kystruten har for lengst vist at skip på 16.000 bruttotonn kan segla utsleppsfritt i fjordane, men det blir dei ikkje premierte for. Her har regjeringa lytta mest til dei som ikkje har tilpassa seg vedtaket frå 2018.

 Christian Berg, daglig leier i Amogy

Amogy

Christian Berg, daglig leier i Amogy

For å få fart på omstillinga så trengst det regulatoriske krav saman med gode insentivordningar. Det er dessverre eit faktum at veldig mange prosjekt som har fått støtte ikkje har blitt realisert. Ei innføring av differansekontraktar ville fungert som ein katalysator for å kunne konkurrere på like vilkår som med fossile brennstoff.

 Bent Martini, administrerande direktør

Agnieszka Iwanska / Agnieszka Iwanska / NRK

Bent Martini, administrerande direktør i Havila Kystruten

Dette er rett og slett ein skandale for den norske regjeringas satsing på miljø. Myndigheitene har gitt aktørane mange år på å finne løysingar, men til slutt er det reine kommersielle omsyn som står igjen som vinnarar. Dette er ein siger for dei som ikkje har tort å investere i ei grønare framtid.

Elise Caspersen

NRK

Elise Caspersen, fagansvarleg for maritim i Zero

Det er bra at regjeringa bidrar til å realisere nyskapande grøne industriprosjekt, men vi er einige med næringa i at regjeringa også må stimulere etterspørselen. Klimakrav til ferjer og hurtigbåtar er eit godt eksempel på at dette fungerer, og vi forventar å sjå strenge klimakrav i den neste anbodsrunden for kystruta.

Lars Haltbrekken

Ingrid Elise Trosten / NRK

Lars Haltbrekken, SV

Her lèt regjeringa dei største cruiseskipa og dei største forureinarane gå fri for miljøkrav i mange år framover. Vi fryktar eit tilbakeslag i satsinga på ein meir miljøvennleg skipstrafikk med dette. Dette sender eit signal til industrien om at dei ikkje treng å satse på nullutslepp dei næraste åra. Det er ille.

I fjor viste «Barometer for grøn omstilling av skipsfarten» at omstillingstrykket har falle frå «lågt» til «svært lågt», og at Noreg er langt bak målet om å halvere utsleppa frå skipsfarten innan 2030.

Vi ser enno ikkje teikn til ein «andre bølge» i det grøne skiftet på sjøen, kvitterte leiar i Grønt Skipsfartsprogram (GSP), Magnus Eide.

Den første bølga er «ferjerevolusjonen» som starta i 2015. I dag er det batterielektriske ferjar på 49 av 131 bilferjesamband.

Å få ned utsleppa på større fartøy og på lengre distansar har vore meir krevjande.

Midt-Norsk Havbruk

Seks år etter at Stortinget vedtok at cruiseskip må vere utsleppsfrie før dei får segla i norske verdsarvfjordar, presenterte regjeringa i august nye og konkrete reglar som skal sikre «berekraftig turisme» i fjordane.

Foto: Midt-Norsk Havbruk

Avvik fra global (per måned)

Gå til NRKs Klimastatus

Publisert 07.09.2024, kl. 20.01

Read Entire Article