Ein tur med metalldetektoren førte til eit heilt spesielt funn. Ein detalj ved funnet har ein aldri sett før, fortel Riksantikvaren.
Publisert 14.11.2025 14:38
I november for eit år sidan søkte Roy Søreng med metalldetektor på Valsneset i Trøndelag. Ørlendingen har hatt metallsøking som hobby i fleire år.
Ein gong i blant fører søkinga til spesielle funn. Tidlegare i haust skreiv TV 2 om ei grav som kan vere frå 700- eller 800-talet.
Funnet som Søreng gjorde i november i fjor overgår likevel det meste.
– Eg fekk eit ganske bra signal. Så grov eg eit hol, og der låg det ei skålspenne frå vikingtid.
Han skildrar det som ein sensasjon i seg sjølv å finne ei intakt skålspenne. Ofte blir slike funne i små fragment som er pløyd sunde.
SKÅLSPENNE: Søreng fann først to skålspenner i jorda. Foto: Roy Søreng
SKÅLSPENNE: Søreng fann først to skålspenner i jorda. Foto: Raymond Sauvage / NTNU Vitenskapsmuseet
– Uverkeleg
Søreng hadde likevel ikkje funne alt som skjulte seg i jorda.
– Eg søkte over ein gang til, og då fekk eg framleis signal. Det var litt djupare, men i kanten på pløyelaget såg eg at det låg ein ting. Så børsta eg, og såg tuppen på ei skålspenne til. Då forstod eg at dette ikkje var eit lausfunn, men det høyrte til ei grav, seier Søreng.
Søreng tok bilete av funnet og sende det til fylkesarkeologen, før han tetta igjen holet. Ei tid seinare kom arkeologar og grov ut det som viste seg å vere ei kvinnegrav frå vikingtida, med smykke og eit intakt skjelett.
– Det er utruleg artig. Det er så uverkeleg at eg har ikkje drøymt om det ein gong, seier Søreng.
FRÅ VIKINGTIDA: Under jorda viste det seg å ligge ei kvinnegrav frå vikingtida. Foto: Roy Søreng
FRÅ VIKINGTIDA: Under jorda viste det seg å ligge ei kvinnegrav frå vikingtida. Foto: Roy Søreng
Funnet får ikkje økonomiske eller andre konsekvensar for bonden, fortel han.
No blir funnet undersøkt av arkeologar ved NTNU Vitenskapsmuseet.
Vil formidle
Etter at funnet blei gjort kjent denne veka har reaksjonane strøyma inn, og Søreng har blitt kontakta av både privatpersonar og fleire media.
I tillegg til si eiga interesse for saka, ønsker han å dele funna sine med andre gjennom sosiale medium som Facebook og Tiktok.
– Eg brenn for formidling av staden eg bur, og at folk her skal sjå kva vi har rundt oss av historie og det som er funne, seier Søreng.
Riksantikvaren: – Heilt nytt
Funnet på Ørlandet er veldig spesielt, seier riksantikvar Hanna Geiran.
I grava låg truleg det ho kallar ei fri kvinne.
– Dette har antakeleg vore ei gift kvinne som har vore fri, og som blei funnen med desse kamskjela ved munnen. Og det har ein faktisk ikkje sett før, så dette er heilt nytt, seier Geiran.
Senioringeniør Raymond Sauvage ved Institutt for arkeologi og kulturhistorie ved NTNU Vitenskapsmuseet er prosjektleiar for undersøkingane. Han understrekar at kamskjela er oppsiktsvekkande.
– Dette er ein praksis som ikkje tidlegare er kjent frå førkristne graver i Noreg. Symbolikken veit vi enno ikkje kva betyr, seier Sauvage i ei pressemelding.
Med dagens teknologi kan ein få meir kunnskap om menneska som levde i Noreg for hundrevis av år sidan, som kjønn, kva mat dei åt og kva dei døydde av.
– Dette er kjelder til fortida som fortel mykje om menneske frå vikingtid, seier Geiran.
Ho vil rose metallsøkar Søreng og grunneigaren for at skjelettet blei funne.
– Det er gjort ein stor innsats med å gjere funnet og legge til rette for at det kunne undersøkast av arkeologane ved NTNU. For dette kunne vi ha tapt. Det låg rett under jordoverflata og kunne ha gått med i neste pløying, seier Geiran.
Både ho og arkeologimiljøet er begeistra over funnet.
– Som regel blir organisk materiale som skjelett brote ned og forsvinn for oss, seier ho.
– No har vi store moglegheiter til å få mykje meir kunnskap om ei tid som veldig mange er opptatt av, legg ho til.














English (US)