Spår bustadboom i 2025 – men det er ei hake

1 week ago 12



Nye krav til eigenkapital og rentekutt i horisonten er godt nytt for alle som vil bygga og kjøpa bustad. Men prisane er spådd til å skyta til vêrs.

 Run Eide
FORSIKTIG OPTIMIST: Dagleg leiar i eigedomsutviklingsselskapet LinkPro, Thor Ekhorn, har tru på at rentekutt fører til betre tider for byggebransjen på sikt. Foto: Run Eide

Publisert 14.12.2024 22:39

Saken oppsummert

  • Byggebransjen har opplevd byggestans grunna finansuro og labert sal.
  • Bustadbygging i Norge er på sitt lågaste sidan andre verdskrig. Om få år kan det mangle titals tusen bustader for å oppnå marknadsbalanse.
  • Ekspertar trur bustadmarknaden vil styrke seg med nye lånereglar og rentekutt, men det vil ta tid å bygge nok bustader.

Oppsummeringen er laget med kunstig intelligens (KI) fra OpenAI. Innholdet er kvalitetssikret av TV 2s journalister.

– Me opplevde noko liknande under finanskrisa, men sånn som dette har me aldri sett for oss, seier Thor Ekhorn, som er dagleg leiar i eigedomsutviklingsselskapet LinkPro.

På ei svær tomt i Bodø viser han fram nye bustader som eigentleg skulle stå klare for lenge sidan. 

Men finansuro og labert sal gjorde at prosjektet stoppa opp. 

– Det kan ikkje halde fram på denne måten i bygg- og anleggsbransjen utan at det blir krise, seier Ekhorn. 

Tal frå bustadprodusentane si foreining viser at det ikkje har vore mindre bygging av nye bustader sidan 2. verdskrig

Om eit par år kan det mangle fleire titals tusen bustader for å oppnå balanse i marknaden. 

Rentekutt og mindre eigenkapital

Eit stykke unna, i Mørkvebukta i nærleiken av Bodø, stoppa salet opp. Nokre av leilegheitene har stått tomme i eit år. 

Men no ser dei lysare tider i vente. Tidlegare denne månaden vart det kjent at bustadlånsforskrifta blir endra frå og med 1. januar. No treng ein berre 10 prosent eigenkapital, og ikkje 15 prosent. 

I tillegg skal renta truleg kuttast opp til fleire gonger, skal ein tru SSB.

Det gjer håp for bustadbyggarane. 

Men å bygga masse bustader er ikkje gjort på eit blunk. Det kan ta lang tid før ein for alvor har fått fart på bustadbygginga igjen. 

– Me har bygd ned kapasiteten i marknaden, prosjekt er sett på vent, og me har mista verdifull kapasitet som har gått over til andre bransjar, seier Ekhorn. 

Treng fleire bustader i framtida

Investeringsdirektør i Nordea, Robert Næss, trur òg at nybyggsalet kjem til å ta seg kraftig opp. Han seier prisar på nye bustader har vore så høge, at folk ikkje har kjøpt dei. 

– Likevel treng ein fleire bustader i tida som kjem, som pressar prisane på bustader opp, seier Næss. 

 Isak Skjevik Kvello / TV 2
POSITIV: Robert Næss trur det blir fart på bustadbygging og bustadkjøping i 2025. Foto: Isak Skjevik Kvello / TV 2

Han meiner rentekutt og nye lånereglar gagnar både kjøparar og eigarar, men at det kan bli mange om beinet når alle skal kjøpe. 

– Dei som eig kjem godt ut av det, fordi dei aukar formuen sin. For dei som skal inn på marknaden kan det bli dyrare, fordi sjølv om renta går ned, er ho framleis ganske høg. 

Også økonomiprofessor på Norges Handelshøyskole, Ola Honningdal Grytten, meiner bustadbygginga går oppover når renta går ned. 

– Men det tar tid før bustader står ferdig. Og før dei står ferdig så blir det eit press på etterspurnaden, som pressar prisane opp, seier Grytten. 

 Pål S. Schaathun / TV 2
RENTA NED, PRISAR OPP: Ola Honningdal Grytten, professor i økonomisk historie ved NHH i Bergen, trur renta går ned og bustadprisar går opp. Foto: Pål S. Schaathun / TV 2
Read Entire Article