Solbakken ut mot dette: – Øydelegg flyten

7 hours ago 4



– Det er ikkje veldig ofte eg har vore med på ein videoanalyse midt under ein omgang, sa NRK-kommentator Kasper Wikestad då USA spelte treningskamp mot Senegal søndag.

Midt i omgangen blåste dommaren av for at spelarane skulle få ei drikkepause. Det utnytta USA-trenar Mauricio Pochettino og tok fram PC-en og viste spelarane skjermen.

– Det er superinteressant både å sjå og høyre korleis dei utnyttar denne treminuttaren. Det er jo nesten ei lita endring i spelet, og det blir som ein timeout i handball. Då må ein utnytte det på best mogleg måte, sa NRK-ekspert Kristoffer Løkberg.

Regelen er ny for det komande meisterskapet i USA, Canada og Mexico. Spelarane får ei tre minuttar lang pause midt i omgangen, i tillegg til den vanlege pausen etter 45 minutt.

– Me kan vere litt irritert over pausen, eller så kan me tenkje at det blir spennande å sjå korleis dei utnyttar det, la Løkberg til.

Fotballspiller i USA-drakt med nummer 26 kontrollerer ballen. En motspiller i Senegals drakt med nummer 22 følger etter. Begge er på en fotballbane. Tilskuere er synlige i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

TAPTE MOT VERTSNASJONEN: Noregs VM-gruppemotstandar Senegal tapte 3–2 mot USA i ein treningskamp søndag.

Foto: JAMIE SQUIRE / GETTY IMAGES NORTH AMERICA,NTB

– Øydelegg flyten

På tysdag skal det norske herrelandslaget dra til VM i USA. Landslagssjef Ståle Solbakken møtte pressa før avreise. Då var han klar på kva han meiner om den nye regelen.

– Eg er i mot power breaks midt i kampen. Eg skjønar det når det skuldast varme, men det øydelegg flyten i spelet, forklarar Solbakken.

En mann med skallet hode og skjegg sitter foran en mikrofon. Bak ham er en blå bakgrunn med flere logoer. Mannen har på seg en svart jakke med et norsk flagg på venstre side. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

LANDSLAGSSJEF: Ståle Solbakken møtte pressa før Noreg drar til VM.

Foto: Terje Pedersen / NTB

På måndag slo Noreg Sverige 3–1 i ein treningskamp på Ullevaal. Der blei det ikkje tatt i bruk «power breaks».

– Eg forstår om det er eit varmeproblem, men det hadde jo uansett skjedd om det var i istida. Det må vere ei eller anna årsak, seier Solbakken.

  • NRK har tatt kontakt med Fifa, men har førebels ikkje fått svar.

– Innført av heilt andre grunnar enn å få fotballen betre

NRKs sportskommentator Jan Petter Saltvedt meiner pausen er for å snike inn reklame undervegs i kampane.

– Eg tenkjer han (Solbakken) set ord på noko som veldig mange tenkjer. Det er jo ikkje behovsprøvd i det heile tatt. Dette er ein snikinnføring av fleire reklamepausar, forklarar Saltvedt og held fram:

– Nokre gonger har dei fordelar av det, men det ville dei fått uansett viss det er varmt nok. Dette treng ein ikkje. For Ståle Solbakken så øydelegg dette den flyten han ynskjer i spelet.

Han er iallfall klar på ein ting:

– Dette er ein uting. Kort og godt. Noko som er innført av heilt andre grunnar enn å få fotballen betre.

Jan Petter Saltvedt

SPORTSKOMMENTATOR: Jan Petter Saltvedt meiner regelen er laga for å sende reklame på TV.

Foto: Lars Thomas Nordby / NRK

Usikker på korleis dei skal bruke pausane

President i Noregs Fotballforbund er ikkje sikker på kvifor desse reglane skal bli brukt.

– Eg veit ingenting om det. Eg såg i kampen mellom Senegal og USA. Då var det ikkje varmt, og dei var jo ikkje så tørste, seier Lise Klaveness til NRK.

Generalsekretær i NFF Karl-Petter Løken trur pausen kan kome godt med viss det blir varmt i USA.

– Viss det er veldig, veldig varmt, så treng me å erstatte litt væske. Det kjem godt med, men det føreset at det er veldig varmt.

Klaveness og Løken

SVARAR: Lise Klaveness og Karl-Petter Løken meiner varmen bør vere ein føresetnad når det blir innført tre minuttars drikkepause.

Foto: Jonas Been Henriksen / NTB

Landslagssjef Solbakken uttrykkjer at han ikkje er sikker på korleis det norske laget skal utnytte dei nye pausane.

Han forklarar at det er mogleg at ein kan bruke pausane taktisk, men at dei fyrst og fremst skal fokusere på temperatur og nedkjøling av spelarar.

– Blant anna så er det riktig temperatur på drikke, kven som har mest behov for nedkjøling, kven som likar å bli nedkjølt, kva tablettar du skal ha i den drikka så du er kvikk att, forklarar Solbakken.

Publisert 02.06.2026, kl. 14.03 Oppdatert 02.06.2026, kl. 14.34

Read Entire Article