Terje (40) mista foten i motorsykkelulukke. No skriv han idrettshistorie i vindtunnelen

1 hour ago 1



Som 23-åring kjøpte Rømuld sin første motorsykkel, men gleda blei kortvarig. Allereie på sin fjerde køyretur sklei han ut i ein sving og krasja i autovernet.

Ulukka var brutal. Hovudnerven og hovudpulsåra i låret blei reven tvers av, og han var tre og ein halv månad på sjukehus.

Totalt måtte han gå gjennom 17 operasjonar.

– Eg var sikker på at eg blei sittande i rullestol. Så då eg fekk beskjed om at eg hadde kjensler i beina og måtte berre amputera det eine, så var det eigentleg ikkje så ille, fortel Rømuld i dag.

Ulykke på riksveg 72 Verdal

Slik såg motorsykkelen ut etter ulykka.

Foto: Jon Holmlimo, Trønder-Avisa

I staden for å la amputasjonen frå kneet og ned avgrensa seg, så starta han ein seig kamp for å ta kvardagen tilbake.

Målet hans var å kunne venda tilbake til aktivitetane han elska før ulykka.

– Avgrensingane ligg ofte mest psykisk. Eg har som mål å driva med ting eg kunne gjera før eg mista foten. Når eg får moglegheit til å prøva ting, så gjer eg det, slår han fast.

Skriv norsk idrettshistorie på Voss

Fokuset har no ført 40-åringen inn på ein heilt ny arena.

Rømuld har blitt tatt ut som ein av tre utøvarar på Noregs første satsing i Indoor Para Skydiving (IPS). På norsk: Innandørs fallskjermhopping for personar med nedsett funksjonsevne.

Laget er det første av sitt slag i Skandinavia.

Saman med Sigbjørn Dalen og Aili Kirste Arntzen skriv han no idrettshistorie.

Laget har base i Vindtunnelen på Voss. No trenar dei målretta fram mot Skandinavias aller første noregsmeisterskap i IPS, som skal arrangerast under Ekstremsportveko i juni 2026.

Det langsiktige målet er enda større. Nemleg å representera Noreg i VM i 2027.

  • Terje Rømuld er med på laget til IPS. Han har på seg ein svart hjelm og ein vinddrakt u blå og kvitt. Han ligg flatt i vindtunnelen. Blikket er festa rett fram.

    Terje Rømuld (40) er frå Inderøy i Trøndelag. Jobbar som industrirørleggar. Etter ei motorsykkelulukke måtte han amputera eine foten.

    Foto: Tale Hauso / NRK
  •  Aili Kirste Arntzen i vindtunnelen

    Aili Kirste Arntzen (32) bur i Bergen og er sametingspolitikar. Har den sjeldne genetiske tilstand Ehlers-Danlos syndrom. Har vore avhengig av rullestol sidan 2022.

    Foto: Privat
  • Sigbjørn Dalen i lufta

    Sigbjørn Dalen (46) frå Trøndelag. Jobbar som næringslivsleiar. Er fødd utan hand.

    Foto: Privat

Krevjande idrett

Det er ein fysisk og teknisk krevjande idrett.

Med vindhastigheit på opp mot 180 km/t inne i tunnelen skal utøvarane fly eit nøyaktig mønster der dei roterer og tar på sensorar på glasveggen i løpet av 75 sekund.

Dei får minuspoeng om dei tek borti glaset utanfor sensoren.

I konkurransen får du minuspoeng om du tek borti glaset utanfor merket.

For Rømuld er det krevjande, men og kjempeartig.

– Eg hamnar i ei boble, og når ein kjenner på meistring så er jo det ei veldig god kjensle, seier han.

Delphine Huet er leiar for Voss Kroppsfykarlag og manager for IPS-laget.

Ho meiner at Noreg er så god på luftsport, at det no er på tide å også inkludera paraidrett i luftsporten.

– Det er ein trygg arena og eit vindauge til ekstremsport, seier Huet.

– Kor langt tenkjer du laget kan nå?

– Eg trur dei kan kome langt. For dei har høg motivasjon og fin energi.

Delphine Huet er leiar for Voss Kroppsfykarlag og manager for IPS-laget og Terje Rømuld

Delphine Huet og Terje Rømuld er klare for konkurranse.

Foto: Tale Hauso / NRK

Eit liv i nuet

Etter ulukka har Rømuld utvikla ein sterk filosofi om å utnytta tida han har. Ulukka har ikkje gjort han meir forsiktig, snarare tvert imot.

– Eg lev nok meir no i nuet. Så det å utfordra seg innanfor det som er rimeleg, trur eg berre er sunt, seier Rømuld.

No er blikket retta mot verdstoppen.

– Målet mitt er jo å få delta i NM og VM, og koma på pallen der. Det hadde jo vore heilt fenomenalt om eg hadde fått det til, seier han.

Terje Rømuld, er med på luftsportlaget for menneske med nedsatt funksjon

Voss vind blir arena for Skandinavias aller første noregsmeisterskap i IPS.

Foto: Tale Hauso / NRK

Publisert 02.06.2026, kl. 20.29

Read Entire Article