Motorsykkelulykker er brutale. Nokon overlever, mange ikkje.
Dersom motorsyklar hadde blitt oppfunne i dag, er eg usikker på om dei ville blitt godkjende til «fri bruk». Få av oss ville akseptert risikoen.
Er vi blitt immune mot denne risikoen? Vi ser dei årlege dødstala og vi ser overskriftene på NRK og i VG kvar sommar: MC-førar kritisk skadd, MC-førar omkom, MC-førar funnen død. Vi grøsser litt, men legg det raskt bak oss. Mange gløymer at det er fleire enn sjølve føraren som blir råka.
Dei siste to somrane har 40 familiar mista ein av sine i slike ulykker.
Enda fleire familiar har opplevd å få heim sine kjære i live, men med alvorlege skadar og varige mein. For mange blir livet aldri det same.
Mens talet på døde og hardt skadde i trafikken generelt går ned, er tala dessverre stabilt høge for MC. Kvar einaste ulykke rammar mange menneske. Familie, slekt og vener, men òg vitne på staden og redningsmannskap. Det kan vere krevjande og traumatiserande òg for dei.
Det er store tal – og eg meiner det er alvorleg at vi som samfunn ikkje reagerer sterkare. Kanskje ikkje før den dagen vi sjølv blir ramma?
Mykje er prøvd over fleire år for å snu trenden. Haldningsarbeid og dugnader med ulike interesseorganisasjonar. Mange tiltak er sette inn, og fleire av dei skal vi i Statens vegvesen halde fram med: Plastskinner under autovern, betre skilting av farlege svingar, hyppigare tekniske kontrollar, diskusjonar om meir sikkerheitsutstyr og betre opplæring.
Det er likevel to ting vi ikkje kjem unna, som vi må prate meir om i sommar: Den generelle risikoen ved å velje motorsykkel – og val MC-førarar tar. Undersøkingane våre viser at mange ulykker kan knytast til høg fart, aggressiv køyrestil og rus. Andre fordi førar køyrer fortare enn eigne ferdigheiter gir rom for.
Vi kan ikkje byggje oss ut av desse ulykkene med berre plastskinner. Vi kan ikkje redde alle med airbag-vest.
Noko av det som bekymrar oss mest, er den ekstreme risikoen som er knytt til dei yngste førarane på 16 og 17 år.
Ein ekstra skinne på autovernet gir betre sikkerheit, men det er ikkje nok, skriv Guro Ranes.
Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRKDersom du set deg på ein lettmotorsykkel, har du nesten 60 gongar større risiko for alvorleg skade og død, enn som bilførar. Det er utforkøyringar, hendingar i kryss, påkøyringar bakfrå og møteulykker.
Vi kjem til å ta opp dette temaet i sommar. Bør 16-17-åringane heller velje meir saktegåande moped, mopedbil, ATV, traktor, eller kollektivt der det er mogleg? Det er farten som drep.
Eg vil be deg som er mamma og pappa til ein 15-åring om å diskutere risiko ved lett MC. I staden for å sponse barnet ditt no, kanskje dei kan vente til 18-årsdagen? Si nei til trimming av moped og ATV. Det er ein myte at barnet ditt er tryggare om det held følgje med biltrafikk.
Eg vil be deg som er kjæraste eller ektefelle til ein vaksen MC-førar om å diskutere risiko. Også dei vaksne og erfarne blir drepne eller hardt skadde på motorsykkel.
Kan du spørje kva slags ønske din kjære har, dersom turen skulle ende fatalt?
Det kan få nokon til å ta betre val når dei sit i salen. Vedkomande lyttar truleg meir til deg, enn til oss i Statens vegvesen.
Ønsket vårt er at færre av oss skal bli etterlatne og pårørande etter MC-førarar, denne sommaren.
Eg håpar du kan hjelpe oss.
Publisert 11.04.2025, kl. 10.18