– Vi er ikkje noko gode på dette. Vi er praktisk talt på jumboplass i verda.
Han snakkar oppglødd om eit tema som engasjerer mange. Arnstein Mykletun har forska på sjukefråvær i over 20 år.
Han har mange roller. Mellom anna er han professor ved institutt for samfunnsmedisin ved UiT og seniorforskar ved Folkehelseinstituttet (FHI).
Sjukelønnsordninga, sjukefråveret og trygdeytingane våre har vore store debatt-tema i offentlegheita i haust.
Men tidlegare i desember krasjlanda forhandlingane om IA-avtalen.
– Unik sjanse
Mykletun meiner politikarane no har ei unik moglegheit til å ta ordentleg styringa på området.
Arbeidsministeren skal «få tilbake ansvaret for utanforskap og sjukefråvær».
For løysinga med å delegere politisk makt over desse områda til LO og NHO har «verkeleg ikkje lukkast» dei siste 23 åra, meiner Mykletun.
– Det må vi byrje å ta innover oss. Vi har ikkje fått ned sjukefråværet. Ingen i verda brukar så mykje på helserelaterte trygdeytingar som oss. Trass folkehelse og helsevesen i verdseliten.
Fakta om resultatene fra inneværende IA-periode
* Ved inngangen til 2024 hadde sykefraværsprosenten økt betydelig gjennom IA-perioden. Avstanden til målet i IA-avtalen har økt.
* Sykefraværsprosenten var i 2023 på 6,7 prosent. Fra 2018 til 2023 økte sykefraværet med 17,5 prosent.
* Økt sykefravær og flere mottakere på arbeidsavklaringspenger (AAP) har ført til en økning i antall tapte årsverk tilknyttet mottak av helserelaterte ytelser.
* Målt som andel av befolkningen i alderen 18-66 år utgjorde de tapte årsverkene 17 prosent i 2023. Det er 1,2 prosentpoeng høyere enn i 2018.
* I løpet av 2018-2023 økte andelen sysselsatte med nesten 3 prosentpoeng.
* Etter pandemien har det vært en betydelig reduksjon i luftveisdiagnoser og en bekymringsfull økning i diagnosegruppene psykiske lidelser og allment uspesifisert.
* Faggruppen for IA-arbeidet utelukker ikke at indirekte effekter av pandemien, som nedstenging og isolasjon og økt arbeidsbelastning i enkelte yrker, kan ha påvirket sykefraværet også i 2023.
Kilde: NTB
Sjuk eller sjukmeldt?
For han er det eit stort paradoks at nordmenn er mellom dei friskaste i verda, men likevel er av dei mest sjukmelde.
– Vi må prøve å kome til ein situasjon der det å vera sjuk og det å vera sjukmeldt er to forskjellige ting, seier Mykletun.
Han forklarer vidare:
– Det er ganske vanleg å ha vondt i ryggen. Det er vanleg å drikke litt for mykje. Eller vera redd for ting, ha søvnproblem og mild depresjon. Men i dei fleste tilfelle er det ikkje slik at desse helseproblema blir betre av å vera sjukmeldt.
Fire bremseklossar
Han meiner ein må ta tak i det lange sjukefråværet i Noreg.
Så, kva ville Mykletun gjort om det var han som no var arbeidsminister og fekk ein sjanse til å forme ut ny politikk på området?
Han har svaret ganske klart. Han ville sett fire «elegante bremseklossar» på prosessen frå kort til langtidssjukefråvær, og vidare til AAP og uføretrygd:
Arbeidstakaren
Arbeidsgivaren
Fastlegen
Nav
– For å sikre at sjukefråvær ikkje blir uføretrygd, seier han.
Høyeste sykefravær på 15 år: – Alle piler i feil retning
Arbeidstakaren: – Liten eigendel
I dag er det slik at det er arbeidsgivaren som dekkjer dei 16 første dagane av ei sjukmelding. Så tek staten rekninga inntil 6G frå dag 17.
Mykletun meiner det bør koste arbeidstakaren litt.
– Eg meiner det vil vera bra med ein liten eigendel på sjukefråvær. Slik at ein har insentiv til å komme tilbake på jobb. Ikkje så dramatisk at det får store konsekvensar, men litt. Til dømes 20 prosent, foreslår Mykletun.
Han viser til at dette blir gjort på alle andre trygdeytingar.
– Det å sette økonomiske insentiv for å påverke folk sin åtferd, det er jo vi nordmenn veldig vant med frå før av. I arbeidslinja er det forankra at det skal lønne seg å arbeide. Det er eigentleg litt rart at det er tabu om dette når det gjeld sjukefråvær, seier Mykletun.
Han viser mellom anna til at plastposane kostar 5,5 kroner, fordelar på elbil og rushtidsavgifta i bomringane.
Arbeidsgivaren: Vil snu på det
Som sagt, arbeidsgivaren dekkjer dei første 16 dagane av eit sjukefråvær. Deretter er det staten som betalar frå dag 17.
– Det betyr eigentleg at arbeidsgivarar har eit «perverst» insentiv til å opptre kynisk og seie «ikkje kom tilbake før du er heilt frisk. Ta deg tida du treng».
Mykletun vil difor snu på det. Slik at arbeidsgivar har mindre ansvar dei første dagane av eit sjukefråvær (altså staten betaler), for å så få meir økonomisk ansvar for det lange sjukefråværet.
I tråd med råd frå ekspertgrupper og offentlege utval, ifølge Mykletun. Då vil arbeidsgivar få eit tydeleg insentiv til å få medarbeidaren tilbake på jobb.
– Gradert sjukefråvær vil gi betre prognose for at du kjem tilbake på jobb, medan ei full sjukmelding ender med at du ikkje kjem tilbake. Derfor bør det også løne seg for arbeidsgivaren at sjukefråvær blir gradert, meiner Mykletun.
Fastlegen: – Kanskje det lettaste
Fastlegane i Noreg står for nesten alle sjukemeldingane som blir gitt. Difor er dette punktet kanskje det enklaste å gjera noko med, meiner Mykletun.
– Det har jo gått ein debatt i haust om fastlegane faktisk gjer den portvoktar-rolla dei er meint til å gjere. Problemet er at fastlegar blir betalt per konsultasjon og per sjukmelding, forklarar Mykletun.
Det gir insentiv til å ha raske konsultasjonar. For det tek kortare tid å seie ja til sjukmelding enn nei. Gradering tek også tid, påpeikar forskaren.
Difor «lønnar det seg ikkje» å seie nei til ei sjukmelding for fastlegane.
– Ironisk nok får fastlegen takst for sjukmelding, men ikkje for å seie nei. Forsking har vist at fastlegar som ønskjer fleire pasientar på lista, sjukmelder meir. Fastlegar seier ofte at dei ønskjer eigendel på sjukefråvær for pasientane, slik at etterspurnaden etter sjukmelding blir redusert, argumenterer han.
– Dette må skje i Nav
Her meiner Mykletun at det kan vera risikabelt for saksbehandlarar i Nav om dei forsøker å setje bremsen på i sjukmeldingssaker dei meiner ikkje er korrekte.
– Då kan Nav få media på nakken. Media tek typisk den sjukmelde sitt parti. Men dette er Nav sin jobb. Jobben deira er å vurdere og underkjenne, argumenterer Mykletun.
– Det skulle jo tatt seg ut om ein revisor skulle godkjent alle rekneskap. Eller at dei som jobbar i Vegvesenet alltid skulle godkjent at nokon består førarprøven.
Han argumenterer for at det er vanskeleg for ein saksbehandlarar å «stige i gradene» i Nav-systemet om vedkommande lagar «bråk» ved å seie nei og ikkje godkjenne sjukmeldingar og søknader om trygd.
– Men vi kan sjølvsagt heller ikkje betale Nav-tilsette ein bonus for å herje med sjukemeldingane til folk. Men Nav må derimot vera støttande for saksbehandlarar som prøver å vera ein «bremsekloss». Det er openbert mange saker kor dei tenkjer at noko skurrar. Og då er spørsmålet; muliggjer vi ekte saksbehandling i Nav, eller gjer vi det vanskeleg for dei? spør Mykletun.
Han legg til at han meiner media kan tenke over si rolle her.
Fakta om IA-avtalen:
* Avtalen mellom staten og partene i arbeidslivet om et mer inkluderende arbeidsliv (IA-avtalen) har som mål å få ned sykefraværet og redusere frafall fra arbeidslivet.
* Den ble første gang inngått i 2001 og er blitt fornyet fire ganger. Gjeldende avtale gjelder fra 2019 til 2024. Den ble i 2022 videreført uten endringer på grunn av pandemiens innvirkning på arbeidslivet fra 2020 til 2022.
* Målet for avtalen er å få ned sykefraværet med 10 prosent sammenlignet med 2018, samt at frafallet fra arbeidslivet skal reduseres.
* Avtalen gjelder for alle landets bedrifter, med visse vilkår.
* I tillegg til staten er NHO, LO, KS, Unio, Virke, YS, Spekter og Akademikerne part i avtalen.
Kilde: NTB
Viktig debatt
– Du stikk handa di inn i eit vepsebol, då?
– Eg har jobba som forskar i dette feltet i over 20 år. Så eg blir litt fortvila over korleis folk flest kan ha ei forestilling om at deira intuitive idé om korleis ting heng saman, heilt sikkert er sant, svarar Mykletun.
Han viser også til at Noreg brukar enormt mykje meir pengar på trygd enn andre land. Mellom anna fordi dei i hans meining er ganske sjenerøse.
– Er det det samfunnet tenkjer det er best at vi brukar fellesskapets midlar på? Det er ikkje eit vitskapeleg spørsmål, men eitt politisk spørsmål. Det er mange årsaker, både helsemessige og økonomiske, til at det er stor hensikt for eitt menneske å halde på tilknytinga til arbeidslivet, seier Mykletun om kvifor det er viktig å debattere dette.