Slik kan budsjett­krisa ende

2 hours ago 1



Etter to veker med forhandlingar står landet og regjeringa i ei budsjettkrise.

Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Raudt har lagt fram eit statsbudsjett utan fleirtal.

Dette budsjettet skal Stortinget stemme over på fredag.

Samstundes har Miljøpartiet Dei Grøne og Sosialistisk Venstreparti hoppa av og truar med å felle regjeringa.

Stortinget kan i teorien endre sine eigne reglar og starte opp forhandlingane igjen, men Ap ser ikkje ut til å ville det.

Dette må du vite om statsbudsjettet

  • Kva har skjedd?

    I oktober la regjeringa fram sitt forslag til statsbudsjett for 2026. Dei siste to vekene har dei raud-grøne partia hatt budsjettforhandlingar. Det er Ap, Sp, SV, MDG og Raudt som er med i forhandlingane.

    To dagar før fristen for levering av eit felles budsjett tok både SV og MDG ein pause frå forhandlingane. Partia blei med igjen i forhandlingane dagen før fristen søndag kveld, men valde å bryte med forhandlingane laurdag etter usemje med regjeringa.

    Kort tid etter blei Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Raudt einige.

  • Kva er spesielt med denne situasjonen?

    Det er uvanleg at regjeringa ikkje klarer å få fleirtal for statsbudsjettet sitt. Det har ikkje Arbeidarpartiet klart når SV og MDG ikkje vil stemme for forslaget.

    Det betyr at statsminister Jonas Gahr Støre moglegvis må stille kabinettsspørsmål i Stortinget. Kabinettsspørsmål er eit pressmiddel regjeringa kan bruke mot Stortinget. Regjeringa legg fram ei sak og trugar med å gå av dersom fleirtalet ikkje stemmer slik som regjeringa ønsker.

    SV og MDG har då eit val om å stemme for politikk som dei sjølv er mot, eller å felle regjeringa eller få ein annan statsminister.

    Ap søker fleirtal for budsjettet med den raud-grøne sida. SV og MDG har stilt krav i budsjettforhandlingane som Ap – som leiar forhandlingane – ikkje har vore villig til å gå med på.

  • Kva kan skje vidare?

    Det er uklart korleis situasjonen vil ende.

    Budsjettforslaget skal bli stemt over på fredag. Til no er Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Raudt einige. Men dei har ikkje fleirtal aleine. Det er ikkje sikkert at regjeringa får fleirtal for budsjettet sitt.

    Får ikkje regjeringa fleirtal for budsjettet kan det føre til ei regjeringskrise. Stiller Ap kabinettsspørsmål har MDG opna for å felle regjeringa. Skjer det, må regjeringa gå av. Frp vil då som største parti på høgresida få moglegheit til å søke fleirtal for å danne ei ny regjering.

Med dagens reglar har budsjettkrisa to sannsynlege utfall:

Lause forslag

Ap, Sp og R kan lokke MDG og SV med på ein bytehandel.

Utbrytarane har jobba for å få prinsippsaker inn i budsjettavtalen.

  • MDG vil ha ein politikk som avgrensar oljenæringa.
  • SV vil ha strengare politikk mot Israel, og har særleg fokusert på oljefondet sine investeringar.

Måndag har SV-leiar Kirsti Bergstø og MDG-leiar Arild Hermstad hatt møte med Ap om ulike tekstforslag, etter det NRK kjenner til.

En mann med mørkt hår holder en mikrofon og snakker til pressen. Flere journalister med mikrofoner stiller spørsmål. Bakgrunnen viser en gang med bilder på veggene, og en klokke henger over. Lyset i rommet er klart og det er mange personer tilstede.

– Dette er ein vanskeleg situasjon, sa MDG-leiar Arild Hermstad etter møtet med Ap måndag.

Foto: Benyamin Farnam / NRK

Foreløpig har partia ikkje klart å bli einige på desse punkta.

Dersom budsjettpartnarane gir SV og MDG fleirtal for nokre lause forslag, så kan dei kanskje støtte budsjettet.

Kabinettsspørsmål

Regjeringa kan sette hardt mot hardt.

Statsministeren kan stille kabinettsspørsmål. Då gir han SV og MDG eit ultimatum. Enten stemmer dei for budsjettet, eller så går regjeringa av.

Sidan 1945 har norske regjeringar stilt kabinettsspørsmål 23 gongar.

Tre av dei har ført til regjeringsskifte:

  • 1963: John Lyng (H) danna regjering, men gjekk av fordi dei ikkje hadde fleirtal.
  • 1986: Kåre Willoch (H) si regjering gjekk av. Han stilte kabinettsspørsmål for å auke avgiftene på bensin.
  • 2000: Kjell Magne Bondevik (KrF) si regjering gjekk av. Han stilte kabinettsspørsmål fordi han ikkje ville ha gasskraftverk i Noreg.

En mann snakker inn i mikrofoner

Jonas Gahr Støre har press på seg om å sikre fleirtal. Det er 24 år sidan sist ein statsminister stilte kabinettsspørsmål. Då var saka statsbudsjettet for 2002.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ved eit kabinettsspørsmål får Støre fleirtal, eller så gir han kongen beskjed om at han ikkje lenger vil styre landet.

Då vil Støre gi råd til kongen om kven han skal oppmode til å danne regjering. Truleg vil han då peike på Sylvi Listhaug i Frp, sidan dei er nest største parti på Stortinget.

Dette vil vere ein vanskeleg situasjon for nær sagt alle partia på Stortinget:

  • For Listhaug vil det vere vanskeleg å til å få fleirtal til å styre.
  • Sp og R har gått til val på at dei vil ha Støre som statsminister, så terskelen for å bytte side er høg.
  • SV og MDG vil då ha stemt ned ei regjering dei gjekk til val på å støtte.
  • Støre kan måtte varsle at regjeringa går av, men ende opp med å fortsette.

Støre kan klare å presse gjennom budsjettet på denne måten.

Då satsar han i tilfelle på at SV og MDG vil synest ei Listhaug-regjering vil vere enda verre enn å stemme for budsjettet.

  • Tre personar sit ved et konferansebord, alle i formelle klede. De skriv notater i bøker mens ein fjerde person står bak og tar bilete med et analogkamera og ein håndholdt blits.

    I 1963 møtte John Lyng for å fortelle at Høgre-regjeringa var ferdig.

    Foto: NTB
  • Ein mann i dress står på talarstolen i Stortinget.

    Etter 32 timar med debatt, gjekk regjeringa av då det viste seg at dei ikkje hadde fleirtal.

    Foto: Arild Hordnes / NTB
  • To menn pratar saman på Stortinget

    John Lyng i samtale med Trygve Bratteli, dåverande parlamentarisk leder i Arbeidarpartiet.

    Foto: NTB
  • Et panel av menn i dress sit ved et langt bord i et rom med kunstverk på veggene. Ved enden sit John Lyng og kong Olav.

    Kong Olav heldt siste statsråd med regjeringa Lyng.

    Foto: NTB

– Nyttig våpen

Kjell Magne Bondevik har gode erfaringar med maktgrepet.

Han stilte kabinettsspørsmål fire gongar i løpet av dei sju åra han styrte landet.

– Kabinettsspørsmål kan vere eit nyttig våpen for ein statsminister. Om ei sak er så viktig at den kan gå ut over truverdet til regjeringa, så kan ultimatumet tvinge fleirtalet på plass, seier Bondevik.

En eldre mann i mørk dress går mot en bygning, omringet av en folkemengde med sekker. Flere personer står i kø ved inngangen og samtaler. Omgivelsene inkluderer biler parkert langs gaten og en bygning med moderne arkitektur. Lysene fra omgivelsene gir en urban atmosfære.

Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik sette hardt mot hardt fleire gongar.

Foto: Heiko Junge / NTB

Han meiner at grepet også kan tene dei partia som blir tvinga på plass

– For SV og MDG kan det vere ein måte å kome seg ut av knipa. Dei har fått merksemd for å stå på sitt i viktige saker, men dersom Støre stiller kabinettsspørsmål, så handlar dette om meir enn budsjett. Då kan veljarane deira kanskje godta at dei må gje seg, seier KrF-nestoren.

  • Ein yngre Jens Stoltenberg ser på Kjell Magne Bondevik mens han snakkar

    Statsminister Kjell Magne Bondevik (KrF) stilte kabinettsspørsmål og gjekk av fordi han ikkje ville bygge gasskraftverk.

    Foto: Erik Johansen / NTB
  • To personar står med ryggen til kvarandre i ein folkemengde av journalistar med kamera.

    Arbeidarpartiet og Høgre sto på sitt, så Bondevik-regjeringa måtte gå.

    Foto: Erik Johansen / NTB
  • Ein mann i dress justerer sitt slips.

    Arbeidarpartiet tok over makta og Jens Stoltenberg blei tidenes yngste statsminister i Noreg.

    Foto: Erik Johansen / NTB
  • Regjeringsskiftet. Den nye regjeringen med statsminister Kjell Magne Bondevik i spissen kom ut fra Slottet etter statsråd fredag

    I valet i 2001 slo Bondevik tilbake og blei statsminister på ny.

    Foto: Lise Åserud / NTB

Sjølv då han gjekk av i 2000 lønte ultimatumet seg, meiner Bondevik.

– Det var ei viktig sak. Vi sa at her går vår grense. Då reagerte folk svært positivt. Vi måtte gå, men vi vann respekt på å sette ned foten, seier han.

Året etter vann Bondevik valet og blei statsminister igjen.

– MDG står i same situasjon

Carl I. Hagen meiner situasjonen i dag minner veldig om 1986.

Då gjekk Høgre-regjeringa av fordi Frp nekta å auke bensinavgiftene.

– Det var umogleg for oss å bli med på. Vi hadde drive valkamp med klistremerka «Stem bilavgiftene ned – stem Frp».

En mann i dress gir tommel opp med begge hender. Han står mot en nøytral vegg. Mannen har grått hår og har på seg en lys skjorte med slips. Belysningen skaper skygger på bakgrunnen.

Tidlegare formann i Framstegspartiet, Carl I. Hagen, meiner det var rett å felle Høgre-regjeringa i 1986.

Foto: Robert Rønning / NRK

Sjølv om det enda med at Arbeidarpartiet hamna i regjering, så meiner Hagen at Frp kom godt ut av å stå på sitt.

– Vi la ansvaret på Høgre. Vi hadde ikkje ønske om regjeringsskifte. Ap fekk makta, men vi blei meir populære og gjekk fram, seier han.

  • Ein mann står på Stortingets talarstol

    I 1986 nekta Carl I. Hagen å vike for regjeringa.

    Foto: Henrik Laurvik / NTB
  • Ein eldre mann i dress pratar med tre andre menn i dress

    Willoch-regjeringa stilte kabinettsspørsmål for å få auka bensinavgifta.

    Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB
  • Et formelt møte i Stortinget. Ein mann i dress les frå et ark. Bak ham står ein annan mann som taler ved ein talarstol.

    Det enda med at Willoch måtte gå.

    Foto: Henrik Laurvik / NTB
  • Tre personar sit rundt et bord, innanfor et møterom. De har notater og dokument framfor seg.

    Statsminister Willoch (midten) og Høgres parlamentariske leiar Jan P. Syse (t.v.) møtte i siste liten Arbeidarpartiets Gro Harlem Brundtland (t.h.). for å få til eit kompromiss om statsbudsjett.

    Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB
  • Oppdatert-episode om Noregs første statsminister

    Arbeidarpartiet tok over makta og Gro Harlem Brundtland danna ny regjering.

    Foto: Erik Thorberg / NTB

Ved neste val gjekk Frp fram 9 prosent. Dermed blei Hagen den store valvinnaren i 1989.

– MDG-leiar Arild Hermstad står i same situasjon no. Dei som har stemt MDG er ekstremt opptatt av klima. Det blir spennande å sjå om Hermstad tør å stå på sitt. Det kjem an på viljen. Du kan alltids finne bortforklaringar, men nokre saker er så viktige at du må stå på ditt, seier Hagen.

Publisert 01.12.2025, kl. 18.01 Oppdatert 01.12.2025, kl. 18.10

Read Entire Article