Aktor vil ha forvaring i grov sak om menneskehandel og prostitusjon

2 hours ago 2



– Det ein gjer i det verkelege liv, får verkelege konsekvensar. For verkelege menneske.

Aktor Kirsti Jullum Jensen frå Statsadvokaten i Troms og Finnmark held sitt sluttinnlegg i saka i Nord-Troms og Senja tingrett. Saka har vart i nærmare tre veker og går no mot sin slutt.

Aktor meiner ho og kollegaene dei siste vekene har bevist at tiltalte er skuldig i grov og omfattande menneskehandel, utnytting av tillitsforhold til menneske med psykisk utviklingshemming og økonomisk kriminalitet.

Tiltalte er ein person frå Østfold i 30-åra. Handlingane har vore gjort som mann, men tiltalte har i forkant av rettssaka skifta juridisk kjønn til kvinne.

Det har tiltalte også gjort tidlegare.

Tiltalte har i retten forklart at mykje av det som skjedde var gjort «i karakter» eller at det var gjort for å provosere. Tiltalte meiner også at dei tre fornærma kvinnene var med på det som skjedde.

Dette tar aktor opp i sin prosedyre.

– Denne saka handlar ikkje om skodespel. Dei fornærma er ikkje statistar eller
rekvisittar. Dette er tvert i mot, og i aller høgste grad, verkeleg. Verkeleg utnytting. Av andre menneske.

Den tiltalte har ikkje erkjent straffskuld i tiltalepunkta som handlar om dei tre kvinnene.

Høg risiko for ny kriminalitet

Aktor meiner bevisbyrda er så stor og tung at det ikkje er mogleg å sjå føre seg at tiltalte ikkje er skuldig.

– Det framstår ikkje som ei realistisk moglegheit, ikkje i det heile tatt.

Jullum Jensen meiner at tiltalte kynisk har utnytta dei tre kvinnene for å glede seg sjølv. Dei er særleg sårbare, med ulike diagnosar og er kognitivt svakt fungerande.

Dei to sakkunnige i saka har gjort ei vurdering av tiltalte. Dei har gitt diagnosen «dyssosial personlegdomsforstyrring» og meiner det er høg risiko for at ny kriminalitet vil skje igjen.

I sine forklaringar denne veka la dei vekt på at personar i ein relasjon med tiltalte vil vere under særleg stor fare, og at personar som er særleg sårbare vil vere spesielt utsette.

Vil ha forvaring

Aktor meiner at det samla bevisbildet gjer at det er nødvendig å verne samfunnet mot tiltalte. Statsadvokaten legg dermed ned påstand om forvaring.

For at nokon skal dømmast til forvaring, må det vere ein nærliggande fare for at den som er dømt på nytt vil gjere ny kriminalitet.

Dei to sakkunnige i rettssaka har vurdert det slik at det er høg risiko for ny kriminalitet.

Aktor Kirsti Jullum Jensen understreka til retten at dette er ein person som er farleg.

– Tar vi sjansen på å sende tiltalte tilbake i samfunnet utan ein kontroll, for det er jo reint faktisk det det er, når vi veit kva han har gjort, sett saman med den dystre prognosen og høg risiko for nye liknande forhold? Nei, meiner eg, og er av den oppfatning at forvaring er absolutt nødvendig i denne saka.

I Noreg er det no 164 personar som sonar ein forvaringsdom i fengsel.

Ein mann i dress ser i kamera

Bjørn Winquist er forsvarer for den tiltalte.

Foto: Sigrid Agnethe Hansen / NRK

Bjørn Winquist er forsvarar for den tiltalte. Fredag vil han halde sitt sluttinnlegg i retten. Han meiner det er tydeleg at forsvaret er ueinig i påstanden om forvaring, all den tid den tiltalte ikkje har erkjent straffskuld.

Aktor har også lagt ned påstand om kontaktforbud mot dei tre fornærma i fem år.

Publisert 29.01.2026, kl. 13.27 Oppdatert 29.01.2026, kl. 13.51

Read Entire Article