Slik et dei seg inn i den ukrainske byen

2 weeks ago 13



Tjukk, grå skodde ligg tungt over Pokrovsk.

I videoen som no sirkulerer på Telegram, køyrer russiske soldatar i roleg tempo inn i byen på kvar sin skranglete motorsykkel. To av dei kjem også køyrande i ein godt herpa personbil.

NRK har verifisert videoen.

På sosiale medium fnys fleire av køyretøyet og storleiken på styrken.

«Tru det eller ei, dette er ikkje IS. Det er russarar» lyder ein av kommentarane.

Ein video som blei publisert mandag og verifisert av NRK, viser russiske soldatar på motorsyklar og i slitne køyretøy som køyrer inn i den ukrainske byen Pokrovsk.

X/@ROBLEE

– Fleire gjer narr av det, men det funkar, seier Palle Ydstebø, oberstløytnant og hovudlærar ved seksjon for landmakt ved Krigsskolen.

Dette er byen som ukrainske styrkar har prøvd å forsvare mot russarane i halvanna år. Ein gong var han eit viktig strategisk knutepunkt og blei kalla «porten til Donetsk».

No et russiske styrker seg inn i byen, bit for bit.

Ein video som blei publisert av ei ukrainsk dronebrigade måndag kveld, viser dronar som går til åtak på motorsyklar i Pokrovsk.

TELEGRAM/@SHERSHINI68

Gnagande offensiv

Russarane har utnytta det dårlege vêret, som blokkerer sikta til Ukrainas forsvarsdroner, og intensivert innsatsen for å infiltrere Pokrovsk frå sør.

Det melder Ukrainas luftstyrkar, gjengitt av avisa Ukrainska Pravda.

Dei hevdar at 300 russiske soldatar er inne i byen. Sannsynlegvis er talet høgare.

Videoen illustrerer det som har vore Russland sin taktikk sidan august.

Så mange som hundre gongar dagleg blir små grupper sende inn for å infiltrere fienden.

To personer i militært utstyr arbeider i et rom med enkel innredning. Den ene sitter på en benk, mens den andre står ved et bord med elektronisk utstyr. Det er en hylle med kommunikasjonssystemer i bakgrunnen. Gulvet er dekket av kabler og utstyr.

Medlemmar av ei ukrainsk droneeining gjer klart utstyret før utsending til Pokrovsk. Bildet er tatt ein plass aust i Ukraina den 4. november.

Foto: Thomas Peter / Reuters / NTB

– Så lenge dei er så tett på byen, greier dei å starte infiltrasjonen før ukrainske dronar stoppar dei, seier Ydstebø.

Slik har dei russiske styrkane tilpassa seg Ukrainas droneforsvar.

– Om ukrainarane greier å ta dei, tapar russarane minst 70 prosent av soldatane på eit slikt lag. Men dei få som når fram, greier å bli lenge nok til at Russland kan forsterke dei med neste bølge.

Palle Ydstebø, hovedlærer i seksjon for landmakt ved Krigsskolen.Tor Bukkvoll, sjefforsker ved forsvarets forskningsinstituttsnakker om krigen i Ukraina.

Palle Ydstebø ved Krigsskolen.

Foto: Hanna Johre/NRK

Slik et russarane seg sakte, men sikkert innover i byen. Taktikken blir kalla ein «gnagande offensiv».

– Det går sakte og er ekstremt kostbart i menneskelege og materielle tap. Men så lenge Russland har nok folk til å ta dei tapa, kan dei halde fram med det. Og det ser det ut til at dei har ei tid framover, seier Ydstebø.

Moderniserte motorsyklar

Ein tenker gjerne at dei skranglete motorsyklane og personbilen utan dører hetna frå restlageret til ein hær med store utstyrsmanglar.

Men sjølv om fleire rapportar indikerer at Russland ikkje greier å erstatte tapa av materielt utstyrt raskt nok, er akkurat desse køyretøya ei lur tilpassing til ukrainarane sin strategi, ifølge Ydstebø.

– Dei er raskare enn større og tyngre køyretøy, dei køyrer sikksakk gjennom byane, og dei er vanskelegare for dei ukrainske dronane å ta, seier han, og viser til at motorsyklane er blitt moderniserte, mellom anna med jammingsystemer.

Ein annan video, publisert på Telegram i dag, skal vise russarane på veg inn i byen. NRK har verifisert videoen:

Ein video som blei publisert i dag og verifisert av NRK, viser øydelagde køyretøy på vegen inn til den ukrainske byen Pokrovsk.

TELEGRAM/@SUPERNOVA_PLUS

Informasjonskampanje

Debatten om Ukraina har tapt Pokrovsk og bør trekke seg ut, har gått ei stund i Ukraina. Seinast i går, måndag, kommenterte president Volodymyr Zelenskyj slaget.

Ukrainas øvste militære leiar, Oleksandr Syrskyj, seier at Russland no konsentrerer rundt 150.000 troppar på vegen mot byen.

– Pansra styrkar og marinebrigadar deltar i framrykkinga. Det går føre seg kampar overalt, og fienden manøvrerer raskt, sa han i eit intervju med New York Post på måndag.

Flere personer sitter rundt et bord i et rom med grønne vegger. Militære i kamuflasjedrakter diskuterer med en sivil person. Det er en brannslukker synlig i bakgrunnen. Ingen ansikter er tydelig synlige.

Zelenskyj og Syrskyj på besøk i Dobropillja, nær Pokrovsk, førre veke.

Foto: UKRAINIAN PRESIDENTIAL PRESS SERVICE / Reuters / NTB

Det betyr heller ikkje at byen fell i dag.

– Det er ein del av informasjonskampanjane som går føre seg på begge sider. Russland deler stadig videoar av soldatar som heiser det russiske flagget på ukrainske småplassar, seier Ydstebø.

Desse videoane, frå landsbyane Hnativka like ved Pokrovsk og Solodke, blei publiserte måndag 10. november:

Ein video verifisert av Reuters viser landsbyane Solodke og Hnavitka, der nokre personar flaggar det russiske flagget. Videoen blei publisert 10. november.

Det russiske forsvarsdepartementet

Men om russarane til slutt greier å erobre byen, vil dei kunne bruke han som base til å bygge seg opp nok til å fortsette forsøket på å erobre heile Donetsk fylke, som er eit uttalt mål for Russland.

– Men då må dei ut i ope landskap igjen, og der er ukrainarane førebudde, seier Ydstebø.

Han peikar på at sjølv om den gnagande offensiven funkar, vil det ta russarane minst tre og eit halvt år til å ta kontroll over heile fylket i den farta dei har jobba i sidan våren 2022.

Høyr meir om kampen om «porten til Donetsk» i utanriksredaksjonens eigen podkast:

Publisert 11.11.2025, kl. 16.35

Read Entire Article