Sander (20) skulle takle tragedien sjølv – nå oppfordrar han andre til å ikkje gjere same feil

4 hours ago 1



Spenninga stig for Sander Heyn Stave. Han skal fortelje historia si til over 1.000 ungdommar på Thor Heyerdahl vidaregåande skole i Larvik.

  • Sander Heyn Stave ser rett i kamera med et nøytralt uttrykk. Han står i et auditorium, det er mange tomme sorte stoler bak han.

– Eg ser på dette som veldig meiningsfylt.

Stave håper historia hans vil gjere ein forskjell for folk.

– I 2016 tok faren min livet sitt, og for to år sidan tok broren min livet sitt.

I etterkant nekta han å få hjelp, han ville ikkje vere til bry. Nå oppfordrar han elevane til å gjere det motsette.

Prioriterer førebygging

I fjor tok 739 menneske livet sitt i Noreg. Det er 40 fleire enn året før, og det høgste talet på sjølvmord sidan registreringa starta.

Grunnen til at Stave står på scenen denne dagen er at fleire unge i Larvik har tatt sjølvmord dei to siste åra.

Derfor har kommunen bestemt seg for å opprette eit responsteam. Det er ei faggruppe som skal jobbe med sjølvmordsførebygging.

Ei av dei som har ansvaret for dette, er kommunepsykolog Catharina Carming Vestmoen.

Kommunepsykolog i Larvik, Catharina Carming Vestmoen. Hun har på mørk kåpe og står foran inngangen til Bølgen kulturhus. Hun gestikulerer med hendene.

Foto: Fredrik Pedersen / NRK

Ho fortel at det er for tidleg å seie noko om tilfella er ein del av ein ny trend, eller om det er tilfeldig.

– Men vi har hatt fleire hendingar i løpet av ein toårsperiode, som gjer at vi kjem saman på denne måten.

Ved spesielle hendingar som påverkar mange, særleg i ungdomsmiljø, anbefaler Ressurssentrene om vald, traumatisk stress og selvmordsforebygging (RVTS) å opprette eit responsteam.

– Det er eit signal til innbyggarane om at kommunen stiller opp og står saman, seier spesialrådgivar ved RVTS, Øyvind Dåsvatn.

  • Øyvind Dåsvatn

– Det viktigaste er å bry seg og tole å høyre på nokon som har det vanskeleg. Det er noko dei fleste av oss kan bidra med som medmenneske.

  • Illustrasjon av to hender som holder kvarandre med rosa naglelakk. Hendene er sentralt plassert mot ein kvit bakgrunn. Illustrasjonen fokuserer på nærleik og forbindelse. Ingen andre element er synlege. (Bildebeskrivelsen er laget av ein KI-teneste)

    Tuva Tagseth

    Kva kan vere teikn på sjølvmordstankar?

    Årsakene til at ein person får tankar om eller prøver å ta sitt eige liv, er ofte samansette. Dette kan komme i samband med andre problem i livet, som samlivsbrot, konflikt, sjukdom, utfordringar på jobben, økonomiske vanskar eller ved psykiske vanskar som depresjon.

  • Illustrasjon av to hender som holder kvarandre med rosa neglelakk. Hendene er sentralt plassert mot ein kvit bakgrunn. Illustrasjonen fokuserer på nærleik og forbindelse. Ingen andre element er synlege. (Bildebeskrivelsen er laget av ein KI-teneste)

    Tuva Tagseth

    Våg å bry deg!

    Når nokon har det så vanskeleg, kan dei bekymre seg for at dei er ei belastning for andre. Mange delar derfor ikkje tankane sine med nokon. Om du kjenner nokon som du trur kan ha det sånn, er det viktig at du tør å bry deg.

  • Illustrasjon av to hender som holder kvarandre med rosa neglelakk. Hendene er sentralt plassert mot ein kvit bakgrunn. Illustrasjonen fokuserer på nærleik og forbindelse. Ingen andre element er synlege. (Bildebeskrivelsen er laget av ein KI-teneste)

    Tuva Tagseth

    Spør direkte

    Prøv å vere direkte og tydeleg utan å klandre eller dømme. Vis at du bryr deg og at du er bekymra, ikkje ver redd for å seie noko feil, og prøv å lytta meir enn du snakkar.

Vil at alle skal vite om hjelpa

Elevrådet ved Thor Heyerdahl vidaregåande skole har stått i bresjen for å arrangere ein psykisk helsedag, i håp om at fleire vil søke hjelp når dei treng det.

– Vi har fått mange førespurnader om å ha denne dagen frå fleire elevar på skolen, seier elevrådsleiar Cornelius Lundberg (16).

  • Elevrådsleder, Cornelius Lundberg ser rett i kamera med et nøytralt utrykk. Bakgrunnen er et sort sceneteppe.

Det var viktig for dei at arrangementet skulle vere obligatorisk.

– Veldig mange av dei som dette er viktigast for, er vanlegvis dei som ikkje er med på dei frivillige arrangementa. Vi vil at alle skal vite at det er hjelp å få.

Psykisk helsedagen er berre eit av tiltaka som har komet frå responsteamet i Larvik.

Viktig veg å gå

Fleire kommunar bør gjere som Larvik, meiner professor Lars Mehlum.

Han er leiar for Nasjonalt senter for sjølvmordsforsking og førebygging.

– Dette er ein viktig veg å gå, seier han.

Lars Mehlum står utenfor en dør og ser på fotografen.

Lars Mehlum, professor og leiar ved Nasjonalt senter for sjølvmordsforsking og førebygging.

Foto: Truls Alnes Antonsen / NRK

Ei lokal innsatsgruppe som jobbar med å finne ut kven som er risikoutsett og kor ein bør sette inn støtet, er ein god modell, meiner Mehlum.

Å hjelpe og gje informasjon, men samtidig motverke ein smitteeffekt, er viktig, påpeikar han.

En rekke mennesker står på en scene på linje.

På slutten av arrangementet, kom alle som jobbar i dei ulike elevtenestene ved skolen opp på scena. Dei presenterte seg sjølve, og korleis elevane kan få kontakt med dei.

Foto: Fredrik Pedersen / NRK

Arrangement som fokuserer mykje på det sensasjonsprega og dramatiske, utan å peike på sjølvmord som eit problem, kan ha ein reell smitteeffekt, understrekar han.

– Det er alltid ei avveging. Men for lokale hjelpeinstansar i ein kommune vil det vere lettare å vite kva som er behova, og korleis dei kan møtast best mogleg. Ei slik gruppe synest eg er ein god idé, seier han.

Ein ting var avgjerande for Sander

Tilbake på skolen er Stave spesielt opptatt av ein ting, at elevane ikkje gjer same feil som han.

Sander Heyn Stave i lys genser står midt i ei tom sal med oppslåtte stoler. Han gestikulerer.

– Eg tenkte eg kom til å klare dette heilt sjølv, men så blei eg overtydd og skjønte etter kvart kor viktig det var at eg fekk hjelp.

Sander Heyn Stave

Foto: Fredrik Pedersen / NRK

Foto: Fredrik Pedersen / NRK

Han har eit klart råd til unge som sit med tunge tankar.

– Gjerne del så mykje som mogleg, spør om hjelp. Prøv å sortere tankane med andre, gjerne med folk som har mykje livserfaring.

Stave er opptatt av at ikkje andre skal kjenne på det same som han gjorde, å vere til bry.

– Det blir akkurat som å be om hjelp til eit mattestykke, eller ei oppgåve som du slit med. Ein klarer som oftast ikkje matten om ein ikkje spør om hjelp.

Elevrådsleiar Lundberg fortel at fleire elevar har sagt at det var ein viktig bodskap som blei formidla. Han meiner Stave gjorde ein viktig jobb.

– Han har gått gjennom noko heftig, men fått hjelp. Ved at han fortel om det, kan han få folk til å følge i hans fotspor, og spørje om hjelp. Det er hovudpoenget med heile arrangementet.

Publisert 19.12.2025, kl. 18.36

Read Entire Article