Slått av rivalen: – Det er interessant

13 hours ago 1



Vilde Nilsen blei slått av rival Natalie Wilkie i prologen i langrennssprinten i Paralympics.

– Det er interessant synest eg. Me er vande med å sjå Vilde vinne klassisk-prologar, seier NRKs ekspert Magnus Evenby.

Ho var 0,27 sekund bak kanadiaren i mål.

– Kanskje det var ein kalkulert risiko? legg Evenby til.

Nilsen jaktar sitt første Paralympics-gull. Ho har to sprint-sølv frå leikane i Beijing i 2022 og Pyeongchang i 2018. I Beijing var det Wilkie som tok gull.

– Ho har ein utruleg statistikk på sprint. Så mogelegheitene er veldig gode, seier Evenby om Nilsen.

Nilsen har tre VM-gull frå distansen frå før. Sist gong var i Trondheim i 2025, då ho spurtslo nettopp kanadiaren.

  • Følg dei ande andre norske utøvarane i kvalifiseringa direkte her.

Her testar Vilde Nilsen løypene

GULL-JAKT: Vilde Nilsen jaktar sitt første PL-gull.

Foto: NRK

Indira Liseth hamna på ein 12. plass i den sittande klassa i prologen. Det vil seie at ho akkurat kom seg vidare til finalar i sprinten.

– Eg er veldig nøgd, eg blei veldig glad. Eg var litt i tvil, men så gjekk det akkurat, sa Liseth etter kvalifiseringa.

Korleis ser det ut i løypa?

– Det er ganske hardt, så det er litt isete. Ikkje heilt ideelt for meg, så eg er veldig glad for at eg får vere med i semifinalen, for då kan eg vise potensialet mitt, la ho til.

Også Kjartan Haugen gjekk vidare. Han gjekk inn til andreplass. Berre 4,8 sekund bak leiande utøvar.

– Ein utruleg sterk prolog, sa Evenby.

Vidare skal Thomas Oxaal og Endre Lykken gå prolog klokka 11.05.

kvinne som er med i paralympics. Hun smiler i sol og har på briller og pannebånd. Hun sitter i kjelke og har staver og startnummer i hånda. Det er fint vært

VIDARE: Indira Liseth tok seg vidare i kvalifiseringa.

Foto: Jorunn Hatling / NRK

Publisert 10.03.2026, kl. 10.33 Oppdatert 10.03.2026, kl. 10.59

Read Entire Article