– Heilt jævlig, kjem det kontant frå langrennsløparen frå Kvaløysletta i Tromsø.
NRK står på sidelinja og føl 25-åringen på trening før tysdagens sprint i Val di Fiemme.
Våren er for alvor i ferd med å ete seg inn i skiløypene i den italienske alpelandsbyen.
Sola har nesten fått stått ubeskytta på himmelen sidan den norske delegasjonen kom til Italia sist veke.
Ut på føremiddag krabbar temperaturen ofte over 15 grader.
Trass i at det framleis er kuldegrader på natta så forvandlar sola OL-løypene til graut ut over dagen.
Oversiktsbilete over skistadion i Val di Fiemme under Paralympics 2026
Foto: Jorunn Hatling / NRKDet er lite snø att utanfor løypa. Her er Indira Liseth ut og tester løypa i Val di Fiemme.
Foto: Frode Søreide / NRKKontrastane til snøforholda under OL for vel fjorten dagar sidan er store.
Foto: Lise Åserud / NTBDet byrjar å bli lite snø i bakkane kring skiløypene i Val di Fiemme.
Foto: Jorunn Hatling / NRK
– Det er laust, det er varmt og det minner ikkje så veldig mykje om vinter. Det er tungt å gå rett og slett, seier ein oppgitt Vilde Nilsen til NRK.
Det er spesielt på ettermiddagen, etter 12, at forholda forverrar seg.
Arrangøren har valt å ikkje salte løypene under treningsøktene for at løypene skal halde seg gjennom heile meisterskapen.
– Vi håpar dei skal salte, iallfall dei mest tekniske utforkøyringane og den langbakken, for det blir rett og slett ikkje verdig eit Paralympics at folk med handikapp skal kave gjennom så mykje laussnø. Det kjem ikkje til å sjå bra ut, meiner Tromsø-utøvaren.
Fryktar stygge fall
NRK er vitne til fleire fall under trening i nedoverbakken som dei ståande utøvarane skal gjennom.
FALL: NRK er vitne til at ein utøvar fell i bakken og må få assistanse til å kome seg på beina att under trening i Val di Fiemme.
Foto: NRK– Man kan stille seg borti bakken der og telje folk som kjem dalande ned og tar eit mageplask, så det er jo ekkelt. Det er jo folk som har fotskadar, mellom annan meg sjølv, folk med CP, folk som er blinde og har koordinasjonsvanskar som skal ned der. Så det er jo ikkje gøy, seier Nilsen.
Ho er usikker på korleis dei vanskeleg forholda vil prege ho i konkurransen.
– For min del så merkar eg at eg blir veldig passiv og må vere veldig forsiktig og det er jo slik ein såg under OL, plogar ein for mykje så kan ein gå på tryne.
Svenske Ebba Andersson fall to gonger under stafetten i OL og øydela dermed dei svenske gullsjansane.
Under Paralympics skal ikkje dei norske utøvarane utfor same bakke.
Bakken der Johannes Høsflot Klæbo avgjorde det under den enorme gullfangsten i OL skal derimot dei norske parautøvarane få bryne seg på.
Noregs andre medaljehåp, Thomas Karbøl Oxaal, fortel også om vanskelege og tunge forhold i bakken.
– Akkurat no går du til knea. Du berre kjenner at batteriet går tomt opp der. Så å sei det tøffaste eg har gått i.
Blir betre på konkurransedagen
Sportssjefen og ansvarleg for løypene under Paralympics, Enzo Macor, vedgår at det varme vêret er ei stor utfordring.
Han seier at løypene berre vil bli salta på konkurransedagane for at dei skal halde gjennom heile meisterskapet, men meiner at alt er fullt forsvarleg.
– Ja, kvifor ikkje? Det er juryen frå IBU og FIS, og også frå IPC og dei blei einige om løypene, og vi ser ikkje dei store utfordringane for utøvarane.
Enzo Macor er sportssjef i Val di Fiemme under OL og Paralympics.
Foto: Frode Søreide / NRKLøypesjefen understrekar at det er lite dei får gjort med vêret.
– Dei neste dagane får vi dette vêret. Supergodt og varmt, men utfordrande for snøen. Men det er ein vintersport og ein utandørssport. Så vi kan hjelpe naturen med å overleve med salt, men til slutt er det som det er. Det er det same for alle.
Vilde Nilsen og dei andre norske langrennsløparane si første øving i Paralympics er sprint på tysdag. Dagen etter er 10 kilometer som står på programmet.
Siste helga er det stafett og det heile blir avslutta med 20 kilometer søndag.
Alt i fjor, då Vilde Nilsen og dei andre norske utøvarane var i Val di Fiemme og testa løypene skapte det frustrasjon. Faktisk tok 25-åringen til tårene over trassen som møtte ho.
Likevel enda testrennet med siger og det gjere ho litt meir optimistisk før første konkurransedag.
VINTER: Lite minner om vinter i alpebyen Predazzo, der Vilde Nilsen (t.v), rådgjevar Ingeborg Simonsen og trenar Beate Johann Hagen bur under Paralympics.
Foto: Frode Søreide / NRK– Bakken i seg sjølv er lang og bratt og tung nok når det er gode forhold. Vi skal opp fire gonger under 10-kilometeren. Viss det blir slike forhold kjem det til å bli ufatteleg tungt. Det kan passe meg bra som har to sterke armar som eg kan lene meg på opp dei bakkane der viss det er vanskelege smøreforhold, men eg håpar jo det blir så rettferdige forhold som mogeleg.
Publisert 10.03.2026, kl. 07.03















English (US)