Skulle ete lunsj på toget, men Ask (9) måtte forlate vogna

2 days ago 6



Marthe O. Vårdal er skaka over det familien opplevde då dei skulle ete lunsj på toget til Bergen. – Urettferdig og diskriminerande.

 Privat
UVENTA: Togturen frå Oslo til Bergen gjekk ikkje heilt som planlagt for Ask, Birk og Marthe O. Vårdal. Foto: Privat

Publisert 02.01.2025 17:27 Sist oppdatert 30 minutter siden

Like før jul skulle Marthe O. Vårdal og hennar to søner på 9 og 11 år ta toget som gjekk frå Oslo til Bergen. 

Men då dei skulle ete lunsj i matvogna på toget, gjekk det ikkje heilt som planlagt. 

– Tanken streifa meg ikkje at dette kunne bli eit problem, seier Vårdal til TV 2.

Vårdal fortalde først om opplevinga i eit debattinnlegg i Bergens Tidende. 

Blei kasta ut

Ni år gamle Ask har cøliaki og er nokså spesifikk og kresen på kva han kan og vil ete. 

Klok av skade, hadde mor hans difor pakka med glutenfritt brød og ein tube med nugatti til niåringen, medan dei to andre skulle kjøpe mat på toget. 

 Privat
SKAKA: Marthe Vårdal og sonen Ask synest det dei opplevde på togturen var ubehageleg. Foto: Privat

I matvogna kjøpte ho difor mat til to, og brus og snacks til alle tre, som dei skulle ete saman i matvogna. 

Men då dei sette seg ned ved bordet, fekk dei raskt beskjed om å gå. 

– Då kom det ei streng dame bort til oss, peikte på Ask og på nista og sa at vi ikkje kan sitte her med medbringa mat, seier Vårdal. 

Ho forsøkte å forklare personellet at det var helsemessige grunnar som gjorde at Ask hadde med niste. 

Togpersonalet stod fast ved at ni år gamle Ask måtte gå tilbake til setet sitt og ete lunsjen sin der. 

– Då vakna løvemammaen i meg. Skal han gå tilbake til vogna åleine medan vi et her? Det er uhøyrd, seier Vådal. 

– Ubehageleg 

Etter kvart kom ein annan mann frå personalet bort til bordet, og sa at det var Mattilsynet sine reglar som gjorde at dei ikkje fekk lov å ete medbringa at i matvogna. 

– Det synest eg var rart, då vi har fått lov å ha med medbringa mat på andre kafear når vi har forklart situasjonen, seier Vårdal. 

Ifølgje Mattilsynet er det ingen reglar i næringsmiddellovverket som forbyr gjestar å ha med medbringa mat på ein restaurant, kafé eller spisevogn. 

 Jan Helge Rambjør / TV 2
HYPPIG PASSASJER: Familien Vårdal har familie på Austlandet og tar ofte toget til Bergen. Foto: Jan Helge Rambjør / TV 2

– Kafear og restaurantar kan sjølv bestemme retningslinjer for kva som skal gjelde, og kan velje å nekte gjestar å konsumere medbringa matvarer, seier Eva Lillebakken, seniorrådgjevar i seksjon biologisk mattryggleik. 

Vårdal seier både ho og sonen opplevde situasjonen som ubehageleg. Då dei gjekk tilbake til seta sine, kjende ho at ho følte seg urettferdig behandla. 

– Eg synest det var urettferdig og diskriminerande på sonen min sine vegne. Det var ei utruleg ubehageleg oppleving, seier ho. 

Ho legg til at sonen allereie synest det er ubehageleg å måtte ete annleis enn vennane sine i kvardagen, og at denne hendinga blei ei vond påminning om dette. 

Vy beklagar

– Dette er ei sak vi er innmari lei oss for. Sjølvsagt skulle han fått lov å sitte i matvogna og ete mat som er trygg og god for vedkommande, seier Åge-Christoffer Lundeby, kommunikasjonssjef i Vy. 

Han seier det skal vere rom for å vise skjønn i slike tilfelle, slik at personar med alvorleg matallergi skal kunne ete medbringa mat. 

 Tom Rune Orset / TV 2
LEI SEG: Kommunikasjonssjef i Vy, Åge-Christoffer Lundeby, seier dei gir ein oppriktig og ektefølt beklagelse til familien. Foto: Tom Rune Orset / TV 2

Han forsikrar at dei tar opp hendinga internt, og at dei vil snakke med dei som var involvert. 

– Og så oppmodar eg til å fortelje om behova på førehand, slik at ein har etablert tryggleik for at det ikkje blir ein ubehageleg oppleving når dei sit der, seier Lundeby. 

Etterlyser endring

Marthe O. Vårdal tar ofte tog med borna, og er uroa for at liknande hendingar skal skje igjen. 

Etter å ha klaga til Vy og skrive eit debattinnlegg i BT, reagerte ho på at Vy ikkje lova at dei skal endre rutinane sine.

 Frode Hoff / TV 2
TILRETTELEGGING: Vårdal meiner det trengs betre tilrettelegging for matallergikere og håpar Vy gjer konkrete grep for å hindre at slikt ikkje skjer igjen. Foto: Frode Hoff / TV 2

Då TV 2 kontakta henne, ville ho difor fortelje om opplevinga på ny, fordi ho ønskjer bidra til at slike ting ikkje skjer igjen, med dei eller med andre. 

Ho etterlyser konkret endring av rutinene, og set pris på at Vy seier dei vil ta det opp internt. 

– Det trengst betre tilrettelegging frå Vy slik at dei som har alvorlege matintoleransar, kan vende seg til personalet og få lov å ete det dei treng utan å bli sjuk når dei skal ta toget med Vy, seier Vårdal. 

Read Entire Article