– Absolutt ei veldig alvorleg sak, som heilt klart var skremmande for den fornærma, seier statsadvokat Ellen Cathrine Greve, som har teke ut tiltalen etter hendinga i eit verkstadbygg i Bergen 7. februar i fjor.
No er to menn i 30-åra i rusmiljøet i Bergen tiltalte i det statsadvokaten skildrar som ei «skikkeleg grov og stygg sak».
Festa med lastestroppar
Ifølgje den ferske tiltalen vart ein mann i 40-åra kledd naken og bunden fast til eit bilsete med lastestroppar og sløyfeband, slik at han ikkje hadde nokon sjanse til å kome seg laus.
Her skal han ha blitt halden i kring halvannan time.
Medan han sat fastbunden skal offeret ha blitt sparka i ansiktet, slått i hovudet med eit knivskaft og kutta nedover beina. Tiltalen skildrar vidare korleis gjerningsmennene rispa han over akillessena med kniv og stakk han i ganen med ein sprøytespiss.
Statsadvokat Ellen Cathrine Greve har teke ut tiltalen etter den grove valdsepisoden ein fredagskveld i februar i fjor.
Foto: Maria Gunnarsdotter SvedalIfølgje politiet var valden så brutal at mannen i periodar mista bevisstheita, og han fekk eit fire centimeter langt kutt i bakhovudet som seinare måtte syast.
Mennene skal også ha tømt brennbar væske over den fornærma, og trua med å tenne på ved å halde fram ein lighter.
– Saka er grov, og har fått store konsekvensar for min klient, seier bistandsadvokat May Britt Løvik.
I etterkant av hendinga skal den eldste mannen også både oppsøkt og ringt offeret, sjølv om han hadde fått besøksforbod.
Det er førebels uvisst korleis mennene stiller seg til tiltalen.
– Eg har sagt ja til saka og har fått tiltalen, men har førebels ikkje fått sett dokumenta eller snakka med klienten, seier advokat Stein Erik Ottesen, som forsvarar den eldste.
Det har førebels ikkje lukkast NRK å få kommentar frå forsvararen til den yngste tiltalte.
May Britt Løvik er hjelpeadvokaten til han som vart utsett for grov kroppsskade.
Foto: Synne SørenesGjekk mot politiet med kniv
I mars i år skal den eldste av mennene igjen ha kome i politiet sitt søkelys. Då politiet skulle pågripe mannen for innbrot i badstua «Lugaren» på verftet, skal han ha gått mot ein politibetjent medan han hogg med ein 40 centimeter lang kniv.
Då elektrosjokkvåpenet svikta på grunn av teknisk feil, måtte politiet trekkje pistol for å få kontroll på mannen.
Mannen vart varetektsfengsla etter innbrotet i Lugaren i mars i år.
Foto: Gaia Øpsen / NRKDen omfattande tiltalen mot mannen inkluderer også fleire tilfelle av køyring i ruspåverka køyring og utan førarkort, samt tjuveri.
Bunden fast på nachspiel
Mennene må møte i Hordaland tingrett i juni.
Ifølgje BA, som omtala tiltalen først, er den medtiltalte mannen på si side også sikta for frihetsrøving. Under eit nachspiel i før nyttår skal han ha bunde fast ein mann, og trua og pressa han for pengar.
Det skal ha gått over timar før offeret klarte å rømme.
Publisert 16.04.2026, kl. 12.47 Oppdatert 16.04.2026, kl. 13.33














English (US)