– Eg synest det er veldig leit. Det ekskluderer mange av dei nasjonale minoritetane vi har, seier Marikken Bruvold.
Ho er leiar i Unge Skogfinnar i Noreg – Norjan Metsäsuomalaisnuoret, og meiner politikaranes uvitande gjer vondt.
Førre veke skapte eit vedtak i landsmøtet til KrF reaksjonar.
Vekk med pride-flagget, berre det norske, samiske og kvenske flagget skal vere tillate i norske skulegardar.
På denne dato for to år sidan vart det skogfinske flagget for første gong heist på ein offentleg flaggstong. Då utanfor Oslo Rådhus.
Foto: Siri Vålberg Saugstad / NRKMen Noreg har fleire nasjonale minoritetar.
Og skogfinnane krev no svar på kvifor deira flagg ikkje vart inkludert.
- Kva kan du om skogfinnane? Test deg sjølv her!
– Forskjellsbehandling
Bruvold synest heile vedtaket til KrF er skuffande, og eit bevis på kor lite folk veit om skogfinnane.
– Undersøkingar viser at skogfinnane er den minst synlege minoriteten av alle, hevdar Bruvold, og legg til:
– Dette gjer oss enda mindre synlege.
4. mai for to år sidan blei 200-årsdagen for «Tolvmannamarsjen» markert. Den 4. mai 1823 fekk 12 skogfinnar audiens hos kongen i Stockholm. Då hadde dei gått heile vegen frå Finnskogen med mål om å be om eit eige skogfinsk herred.
Foto: Aleksandr Nedbaev / NRKOrganisasjonen Skogfinske Interesser i Noreg har sendt eit brev til sentralstyret i KrF.
I brevet skriv dei at det er behov for klargjering av haldningane partiet har til dei nasjonale minoritetane, og spør kvifor dei er behandla ulikt.
Styreleiar i Skogfinske interesser i Noreg, Terje Audun Bredvold, er spent på kva KrF kjem til å svare.
– Dei har jo gjort eit val der dei gjer forskjell på ein nasjonal minoritet frå dei andre. Korleis dei skal grunngi det, er eg spent på, Bredvold.
– Det jo forskjellsbehandling, og det er merkeleg.
Av dei fem nasjonale minoritetane i Noreg, er det fleire av dei som har eige flagg.
KrF seier ja til kvensk, samisk og norsk flagg – men ikkje skogfinsk eller romanifolkets flagg.
Foto: Laila Lanes / NRKBredvold seier det var sårt å sjå at Skogfinnane vart gløymd som nasjonal minoritet.
– Det er eit signal om at vi aldri kan slappe av i dette arbeidet. Vi må framleis kjempe.
- For to år sidan, 4. mai 2023, vart det skogfinske flagget heist offentleg for første gong.
– Ikkje meininga
Generalsekretær i KrF, Ingunn Ulfsten, skriv i ein SMS til NRK at dei fekk brevet rett før helga.
– Vi jobbar med eit svar. Skogfinnane sine rettar er viktige for oss, og vi set pris på deira engasjement, skriv ho.
Flaggvedtaket skapte strid internt i KrF, men blei vedteke.
Foto: Vilde Handal, Nina Kausland / NRKDet var ungdomslaget KrFU som kom med forslaget.
– Det var ikkje meininga å stenge ute skogfinnane, seier Ingrid Olina Hovland, generalsekretær i KrFU.
Ho seier til NRK at dersom vedtaket blir politisk realitet, vil dei sjølvsagt inkludere alle dei nasjonale minoritetane, også skogfinnane.
– Hensikta med forslaget er at det ikkje skal henge politiske eller ideologiske flagg i skulegarden.
- Det skogfinske flagget skal gje identitet, og auke samhaldet og tilhøyrsla.
– Start med pensum
Leiaren i Unge skogfinnar meiner vi må kunne ha høgare forventningar til at politikarar har kjennskap til kva for nasjonale minoritetar vi har i Noreg.
Særleg dei som sit på Stortinget burde vite dette, meiner ho.
– At dei har gløymd oss, seier jo litt om kor lite synlege vi er som minoritet, seier Bruvold.
Marikken Bruvold er leiar i Unge Skogfinnar i Noreg – Norjan Metsäsuomalaisnuoret.
Foto: Bjørnar Morønning / NRK– Det er jo veldig leit, særleg no som vi har fått ganske mykje merksemd etter rapporten frå sannings- og forsoningskommisjonen, som også har vore oppe i Stortinget, seier ho.
For snart to år sidan la sannings- og forsoningskommisjonen fram ein rapport etter å ha granska konsekvensane av fornorskingspolitikken og urett ovanfor samane og nasjonale minoritetar.
Kommisjonen slo fast at kunnskap om skogfinnar, samar og kvenar er svært mangelfull blant befolkninga i Noreg.
- Les også om den historiske unnskyldninga som kom frå Stortinget i fjor.
Dei meinte auka kunnskap kan redusere diskriminering og hets av desse gruppene.
I 1823 var det 12 skogfinnar som marsjerte til kongen, den gong i Stockholm, for å be om eit eige skogfinsk herred. 200 år seinare, 4. mai 2023, gjekk eit langt større tal skogfinnar til det kongelege slott i Oslo for å markere «Tolvmannamarsjen».
Foto: NRKBruvold meiner politikarane i KrF no må setje seg inn i kva nasjonale minoritetar som finst i Noreg.
– Eg veit ikkje kva dei har lært på skulen, men det er tydeleg at dei ikkje har lært om oss, seier ho.
- Høyr podkasten om mannen som gjekk til ein foss i Finnskogen for å selje sjela si til djevelen. Framleis skjer det rare ting der:
Publisert 04.05.2025, kl. 14.49