Varme frå eit stormkjøkken var truleg årsaka til skogbrannen som søndag kveld herjar i eit kupert og vanskeleg tilgjengeleg skogområde vest på Stordøya, i Fitjar kommune.
– Brannen starta i det små, truleg frå eit stormkjøkken. Det var personen med kokeapparatet som kontakta politiet.
Det sa operasjonsleiar Victor Fenne-Jensen i Vest politidistrikt til NRK klokka 19.40.
– Brannen spreier seg ganske fort, seier vaktleiar Kristine Borgersen i 110 Sørvest til NRK klokka 21.
Brannfronten aukar – 30-40 bustadar i faresona
Då var brannfronten rundt 200 meter, men truleg aukande.
– Mannskapa har ikkje heilt oversikt. Det er hektisk, og terrenget er uoversiktleg. Dei jobbar hardt med å få kontroll, og håper at dei to brannhelikoptra i området klarer å gjera ein god jobb nå før det blir mørkt, sa Borgersen.
Førti minutt tidlegare melde politiet at eitt bustadhus i øvre del av Korsvik er evakuert, og at røyken hadde byrja å trekka ned til eit bustadfelt med fleire hus lenger ned i Korsvikvegen/Koløyvegen.
– Det er vel 30-40 bustadar der. No blir det vurdert å senda ut ytterlegare varsel.
Varsel til innbyggjarane
Eit slikt varsel vart sendt ut klokka 21.22 via naudvarsel til mobilar i området:
«Det brenner i området Koløy og Korsvik, og du kan befinne deg i et farlig område. Det er kraftig røykutvikling, og det er ikke kontroll på skogbrannen. Evakuering er iverksatt i øvre del av Korsvik, og det kan bli aktuelt med ytterligere evakuering. Skuelystne og beboere må holde god avstand til røyken, og ellers følge pålegg og instruksjoner fra politi og nødetatene. Ring nødnummer kun ved akutt behov for hjelp/livstruende nødsituasjoner. Mer informasjon om hendelsen oppdateres fortløpende på politiloggen på politiet.no. eller via media.»
Området som brenn skal vera omlag 1,3 kilometer frå nord til sør.
– Dette er ulendt terreng, og når det blir mørkt kan ikkje mannskapa bevega seg inn der, seier Borgersen.
Eit brannhelikopter kom til området klokka 20 og starta sløkkearbeid frå lufta.
Sivilforsvaret vart også kalla ut, pluss eit brannhelikopter nummer to.
Borgersen rekna med at det dermed var rundt 40 mannskap i sving på bakken.
Brannen skal ha starta frå eit stormkjøkken i skogsområde ved Furevatn, og eskalerte etter eit par timar.
Eit stormkjøkken
Brannen vart først meld klokka 17. Då skal det berre ha vore snakk om eit område på ti meter. I 18-tida spreidde den seg sakte nordvestover.
Men så snudde det, og situasjonen vart mindre oversiktleg.
Først klokka 19.40 melde politiet at brannen såg ut til å spreia seg sørover i retning busetnaden i Korsvik.
– På grunn av røykutviklinga er det vanskeleg å få nøyaktig oversikt over spreiing og omfang, sa Fenne-Jensen.
To politipatruljar var då på staden.
Brannmannskap har etablert seg i området, men han visste ikkje kor mange som var i arbeid der.
Til avisa Sunnhordland sa varabrannsjef Jan Tore Brückner at terrenget var svært krevjande, og at mannskapa kjempa mot brannen med vasskanner som dei måtte bera med seg, og med skogpåisker og løvblåsarar.
–
Publisert 26.04.2026, kl. 20.48 Oppdatert 26.04.2026, kl. 21.58





.jpg)







English (US)