Skjebnedag for Vipers: Dette kan skje med klubben

3 hours ago 3



Klokka tikkar fort.

Klokka 15 fredag samlast styret i Vipers Kristiansand. Her kan framtida til klubben bli avgjort.

Tysdag small bomba: styret meiner klubben treng 25 millionar kroner for å kunne drive vidare i europatoppen.

Styreleiar Peter Gitmark forklarar summen blant anna med dette:

– Klubben skal aldri komme i ein situasjon der vi ber om pengar igjen.

No måtte det skje lynkjapt.

Fredag 18. oktober klokka 15 sette dei fristen. Då må alle som vil bidra økonomisk med stort og smått ha meldt seg.

Timane har gått for Vipers-styret. Dei har gått fort.

Hevdar fleire vil investere

Men fleire investorar skal ha meldt seg.

Torsdag kveld hadde seks investorar eller grupper som vil investere eller hjelpe klubben blitt til fire.

Torsdag kveld og natt til fredag skulle styreleiar Peter Gitmark i dialog med desse.

Når styret samlast klokka 15 håpar styreleiaren å kunne presentere ei eller fleire løysingar for styret.

Her er nokre moglege utfall:

  • Ein eller fleire investorar legg 25 millionar på bordet - klubben er berga.
  • Klubben har ikkje klart målet på 25 millionar kroner - styret finn ikkje grunnlag for å halde fram. Klubben er konkurs.
  • Klubben er i forhandlingar med ein eller fleire aktørar og utset fristen.
  • Klubben har fått lovnader om eit beløp under 25 millionar - styret diskuterer om dette er nok for å halde fram, eller ikkje.

Dette veit NRK førebels om personane som har teke kontakt med Vipers:

Dårleg økonomistyring

Dei siste dagane har styreleiaren teikna eit dystert bilete av økonomistyringa i klubben dei siste åra.

Frå positiv eigenkapital på mange millionar til minus 5,5 millionar no.

Ei gjeld som har auka jamt og trutt, som no er på 9 millionar kroner.

Han dreg også fram at det har vore gjort eit for dårleg arbeid på marknadssida. Klubben har ikkje klart å auke inntektene i takt med auka utgifter.

Samstundes har Vipers vore gjennom suksessrike år.

Dei har vunne rubbel og bit i serie og cup her heime. Ute i Europa vann dei meisterligaen tre år på rad.

Laurdag kan klubben i verste fall spele sin sine kamp i historia. Då kjem Buducnost frå Montenegro på besøk i meisterligaen.

Samstundes kan kampen bli den første i ei «ny» tid.

Publisert 18.10.2024, kl. 06.52

Read Entire Article