Skal ha skote mot politiet i narkorus

8 hours ago 1



  • Krim

Politiet har utvida siktinga mot mannen som er skulda for drapsforsøk mot ein politipatrulje i Bergen. Sjølv krev han å bli sleppt fri.

 Geir Johnny Huneide / TV 2
TOK FYR: Det er ikkje mykje att av bustaden der mannen i 40-åra forskansa seg under ein tolv timar lang politiaksjon. Til slutt tok heile greia fyr då politiet iverksette mottiltak. Foto: Geir Johnny Huneide / TV 2

Publisert 20.03.2026 13:44

Det var i februar i år at det byrja å hagle med skot frå bustaden til mannen i 40-åra i Hordvik i Bergen.

Det utløyste ein enorm politiaksjon som vara i over tolv timar før ein fekk kontroll på skyttaren. Han kom ut av huset først då det stod i full fyr.

Då hadde politiet brukt spesialbil, drone, tåregass og høgeksplosive granatar for å få tvinga han til å slutte med skytinga.

Mannen er sikta for mellom anna drapsforsøk mot politiet, etter at han fyrte av skot mot den første politipatruljen som kom til staden.

Naboar høyrde skot – så kom flammane

– Utryggleik

Fredag møtte mannen i nytt fengslingsmøte i Hordaland tingrett. Han kom saman med to politibetjentar.

Politiet ber om fire nye veker i varetekt for mannen. Årsaka er det som blir kalla «gjentakelsesfare», altså at det er fare for at mannen gjer noko liknande igjen.

– Det vil støte allmenta si rettskjensle og skape utryggleik om den sikta blir sleppt fri no, seier politiadvokat Katrine Engelsgjerd Eikestad til TV 2.

 Fride Sørensen / TV 2
KRIMTEKNISK: Det er utført fleire krimtekniske undersøkingar på tomta der skytinga gjekk føre seg. Her er ein krimteknikar i arbeid. Foto: Fride Sørensen / TV 2

Han nektar straffskuld. Forsvararen har sagt at saka reiser spørsmål om klienten hans var tilrekneleg eller ikkje under skytinga.

– Han opplever det som har skjedd, som uforståeleg, seier forsvarar Bertil Rønnestad.

Har utvida siktinga

Etter fengslingsmøtet seier forsvararen at eit viktig spørsmål i saka er om ein eventuell psykose var rusutløyst eller ikkje.

For i dag bekreftar politiet at dei har utvida siktinga. Mellom anna er han no sikta for narkotikabruk i ein periode heilt opp til hendinga no i februar.

Dette nektar han straffskuld for, men han erkjenner å ha brukt narkotika, ifølge forsvararen.

Forsvararen vil ikkje seie til TV 2 kor lenge ein meiner mannen har vore i ein eventuell psykose. Verken han eller politiet vil seie kva type rusmiddel det er snakk om og kor tett opp mot sjølve skytinga bruken var.

Samstundes fortel politiet at tidsperioden for ugjerninga er utvida.

– Vi meiner det er holdepunkt for at skyteaktiviteten kan ha starta dagen før, fortel politiadvokat Eikestad til TV 2.

Tidlegare er det meldt at skytinga starta på morgonen. I forbindelse med utvidinga av tidsperioden, er ein person mistenkt for brot på avvergingsplikta.

 Sorosh Sadat / TV 2
VIL HA VIDARE FENGSLING: Politiadvokat Katrine Engelsgjerd Eikestad i Hordaland tingrett. Foto: Sorosh Sadat / TV 2

Krev å bli sleppt fri

Under førre fengslingsmøte låg sikta på sjukehus. I dag vart han framstilt frå Bergen fengsel.

Men der ønskjer han altså ikkje å vera lenger. 

Han krev å bli lauslaten og er usamd i at det er fare for gjentaking.

Dei avgjerande minutta: Flaug drone inn i brennande hus

Forsvararen seier det handlar om at alt av våpen er brent ned og at mannen er klar på at han ikkje vil ruse seg igjen. 

Han er også utskriven frå sjukehus.

– Så kortversjonen er; utan sjukdom, ingen gjentakingsfare. Min klient har sagt seg villeg til meldeplikt til politiet som alternativ til fengsling, seier Rønnestad til TV 2.

Han seier også at dei meiner mistankegrunnlaget om skyting og drapsforsøk mot patruljen i ein sivil politibil er kraftig svekka sidan sist.

Fengslingsavgjerda frå Hordaland tingrett ligg føre seinare i ettermiddag. 

Samstundes held dei rettspsykiatriske vurderingane av mannen fram.

Read Entire Article