Sjekk desse julehusa!

1 week ago 12



Nokon legg inn litt ekstra innsats for å pynte til jul.

 Privat
OVER 50.000 LYS: I om lag ti år har Jørn Anders og sonen Joakim pynta huset og hagen med julelys Foto: Privat

Publisert 12.12.2024 14:19

Det er under to veker til julaftan. Mange har fylt opp med peparkaker og gløgg, høyrer på julemusikk og ser julekalendrar på TV.

Men der nokon ventar til vesle julaftan med å finne fram julepynten, så er det andre som er litt tidlegare ute.

Nokon slår verkeleg på stortromma og dekorerer heile eigedomen sin med pynt og julelys.

Tusenvis av lys

To av desse er Jørn Anders Brunsvik og sonen Joakim, som bur på Rjukan.

Ideen kom for om lag ti år sidan, då sonen lurte på om dei kunne henge opp ei lyslenke.

– Då var eg litt skeptisk til dette. Men vi begynte med ei lenke, og så blei det enda ei lenke året etterpå, og så har det berre blitt ein tradisjon, seier Brunsvik.

 Privat
GOD JUL: – Det har blitt ein førjulstradisjon, seier Jørn Anders Brunsvik (t.v.), som saman med sonen Joakim pyntar huset til jul kvart år. Foto: Privat

I år er huset pynta med om lag 51.000 lys i juletida.

– Vi begynte i starten av november. Det går fritid på kvelden og i helger til å sette opp dette. Det er nokre dagars jobb, fortel Brunsvik.

I hagen er det bygd reinsdyr med slede i lys. Det er ein engel som spelar trompet og ei flaggstong som er lyst opp.

I tillegg har dei bygd ein liten iglo med lys i.

Brunsvik fortel at han har fått gode tilbakemeldingar, og at julehuset alltid blir opna første søndag i advent.

– Det har blitt ein førjulstradisjon for å lyse opp kvardagen, seier Brunsvik.

– Men korleis blir straumrekninga, då?

– Dei fem vekene som eg hadde det oppe i fjor, så kosta det meg 497 kroner. Vi er litt heldige med straumprisane i Rjukan.

Brunsvik seier at han ikkje tenker så mykje på kva det kostar.

– For når eg ser kor mykje folk gleder seg over det, filmar og tar bilete, så er det ei glede i det, seier Brunsvik.

Pyntar i fleire veker

Nokre andre som pyntar huset til jul, er ekteparet William Klemmetsen og Einar Christensen. Dei har budd i huset sitt i Grimstad sidan 2018. Sidan då har det blitt litt meir julepynt på huset for kvart år.

– Eg har alltid vore veldig glad i å pynte til jul, med julelys og sånn. Det er ein hobby eg har hatt i mange år. Så har det berre eksplodert litt frå år til år, med at det har blitt meir og meir lys, seier Klemmetsen.

Paret er heller ikkje dei einaste i nabolaget som har hobbyen.

– Vi har også ein nabo som driv med det same, så vi er faktisk to hus i same gate som driv med det, seier Klemmetsen.

 Privat
LYS: Kvart år blir hus og hage i Grimstad dekorert med fleire tusen julelys. Foto: Privat

Klemmetsen fortel at alle lysa på eigedomen er av same type, og at folk set pris på at lysa er like.

Arbeidet med å henge opp lysa tar fleire veker, og startar allereie i byrjinga av oktober. Tidleg i november blei lysa tent.

– Det går mellom 150 og 200 timar. Eg heng opp lysa når det er mørkt, så det blir mange seine kveldar, seier Klemmetsen.

Foto: Privat

Satsar på endå fleire

Tilbakemeldingane frå folk er gode, fortel Klemmetsen.

– Dei som tar turen inn, seier at når dei kjem inn så er det som å gå i eit eventyr. Dei finn ei julestemning, seier han.

Berre sidan i fjor har tal julelys auka med om lag 10.000, anslår han. Og sjølv om dei no har passert 30.000 lys, utelukkar han ikkje at det blir fleire i framtida.

– Vi held på å bygge opp ein stor, ny hage. Vi kjem ikkje til å stoppe no, for vi er ikkje ferdig enno, seier Klemmetsen.

– Er ikkje heilt ferdig enno

I Mysen har Jan Olav Kristiansen jobba med julehuset sidan slutten av oktober.

– Eg er veldig glad i lys. Det er for så vidt frua også, men det er eg som har sett i gang med julelyspyntinga ute, så tar ho seg av mykje av det som er inne.

Sidan har det balla på seg, fortel Kristiansen.

– I år begynte eg i slutten av oktober. Eg er vel ikkje heilt ferdig enno, trur eg, seier han og ler.

På eigedomen er det hengt opp lyslenker på gjerdet og langs taket på huset. I hagen er det ein stor, oppblåsbar nisse, og eit furutre har fått ei julestjerne på toppen.

I tillegg er carporten innreia med fleire julenissar, julegåver og ein duk som ser ut som ei låvedør.

 Privat

CARPORTEN: I carporten har Kristiansen plassert fleire nissar og ein duk som gjer at det ser ut som ein låve. Foto: Privat

 Privat

HAGEN: I hagen står det ein stor nisse. Foto: Privat

 Privat

MYSEN: Jan Olav Kristiansen har fått gode tilbakemeldingar på julehuset. Foto: Privat

Tilbakemeldingane har vore gode, fortel han.

– Eg var på julekonsert på søndag, og då var det fleire som kom og sa at «det er så hyggeleg å køyre forbi dykk, då får ein alltid eit smil om munnen», seier Kristiansen.

– Det er tydelegvis fleire som kjenner på litt ekstra glede når dei ser at det lyser opp, legg han til.

 Privat

30.000: William Klemmetsen og Einar Christensen har budd i huset sidan 2018. – Eg har alltid vore veldig glad i å pynte til jul, seier Klemmetsen. Foto: Privat

 Privat

HAGESENTER: På eigedomen har paret eit hagesenter, som også er pynta til jul. Foto: Privat

 Privat

JULESTEMNING: Med fleire tusen julelys og snø som lavar ned, er det mogleg å få julestemning. Foto: Privat

Read Entire Article