USAs forsvarsminister Pete Hegseth sparka natt til fredag hærsjef Randy Gorge med direkte verknad.
Han er den siste i rekka av høgtståande forsvarstoppar i USA som har mista jobben etter at Hegseth blei forsvarsminister for litt over eit år sidan, skriv Axios.
Her er dei andre militærtoppane som har blitt sparka dei siste månadene:
Charles Q. Brown jr. var USAs forsvarssjef, men vart sparka av Trump-administrasjonen i februar i fjor.
Foto: Kevin Dietsch / APLisa Franchetti var USAs første kvinnelege sjef for sjøforsvaret, men i februar i fjor fekk ho fyken.
Foto: Jacquelyn Martin / AP / NTBGeneral Timothy D. Haugh var sjef for etterretningstenesta NSA og militærkommandoen Cyber Command. Han mista jobben i april i fjor.
Foto: Reuters / NTBLinda L. Fagan, sjef for den amerikanske kystvakta, måtte gå av i januar i fjor.
Foto: ANDREW HARNIK / AFP / NTBNestleiar for generalstaben i USAs luftforsvar, general James Slife, måtte tre av i februar 2025.
Foto: Andy Morataya / Air ForceViseadmiral Shoshana Chatfield var USAs militære representant for NATOs militærkomité, men måtte gå av i april i fjor.
Foto: AP / NTBFlaggkommandør Jamie Sands måtte gå av i august. Han var leiar for spesialstyrkene Navy Seals.
Foto: America's NavyViseadmiral Nancy Lacore missa også jobben i august. Ho var leiar for marinereservistane.
Foto: America's Navy
Pentagon har stadfesta fredag at George går av, eitt år før tida.
– Krigsdepartementet er takknemlege for general Georges fleire tiårige teneste for landet vårt, skriv Pentagons talsmann Sean Parnell på X.
Visestabssjef Christopher LaNeve overtek som fungerande hærsjef etter Randy George.
Foto: ANDREW HARNIK / GETTY IMAGES NORTH AMERICA,NTBGeorge, som blant anna har tenestegjort i fleire omgangar i Irak og Afghanistan, blei hærsjef i 2023 etter ein nominasjon frå dåverande president Joe Biden, og har blant anna leia hæren gjennom ei vanskeleg rekrutteringskrise i 2024, skriv The New York Times.
Ifølge amerikanske medium skal hærens visestabssjef Christopher LaNeve overta som fungerande hærsjef.
Usunt med ja-menneske
Det har så langt ikkje kome ei grunngjeving for kvifor hærsjefen brått måtte gå.
Men i løpet av det siste året har fleire toppleiarar i det amerikanske forsvaret blitt bytta ut av Hegseth, og erstatta av nære allierte, skriv Fox News.
Det har vist seg å vere ein farleg strategi, seier hovudlærar Sebastian Langvad ved Krigsskolen til NRK.
– Det at toppgeneralar gradvis blir bytta ut for å kultivere ei samansetting av ja-menneske, er veldig skadeleg for ei militærmakt over tid. Det har aldri fungert bra.
Hovudlærar Sebastian Langvad ved Krigsskolen.
Foto: Lars Martin Hunstad / NRKHan seier det finst mange historiske eksempel på dette, og trekker særleg fram den russiske invasjonen av Ukraina, der president Vladimir Putin mangelfull informasjon før invasjonen.
– Han hadde ei urealistisk forventning til effektiviteten til dei militære styrkane fordi han over tid skaffa seg berre ja-menneske rundt seg, som ikkje var ærlege.
Dette har gjort at mange autoritære regime er sårbare militært.
– Det gode med eit demokrati er at ein administrasjon sit i fire eller åtte år, og så kjem nokon andre i regjering. Det er difor særleg diktatur er meir sårbare for skadeleg dynamikk, seier Langvad.
Overraska over sparkinga
Sparkinga av hærsjefen kom dagen etter at president Donald Trump i ein tale til nasjonen sa at USA skulle intensivere angrepa mot Iran dei neste to til tre vekene.
Det har skapt reaksjonar i det amerikanske forsvaret.
Anonyme kjelder seier til CNN og The New York Times at sparkinga kom brått på. og at det er uheldig at dette kjem no.
Forsvarsminister Pete Hegseth har skifta ut fleire sentrale personar i det amerikanske forsvaret det siste året.
Foto: Jonathan Ernst / REUTERS,NTBI krigen i Iran har George vore med å gi råd til leiaren for Joint Cheif of staff general Dan Caine og Hegseth om utplassering av soldatar.
– Dette verkar ikkje å vere ei veldig godt gjennomtenkt avgjerd, seier ein amerikansk tenestemann til CNN.
Høgtståande offiserar i hæren reagerte ifølge The New York Times med sinne og frustrasjon på sparkinga, og kalla det eit slag mot ei teneste som har sett fleire toppoffiserar med erfaring frå Irak og Afghanistan bli sparka eller sett på sidelinja dei siste månadane.
Samarbeidsproblem
Sparkinga av George blir i amerikanske medium kopla til ei auka spenning og samarbeidsproblem mellom Hegseth og viseforsvarsminister Dan Driscoll.
Det siste året skal Driscoll og George ha utvikla eit tett partnarskap og samarbeid.
Hegseth greip nyleg inn for å fjerne fleire hæroffiserar frå ei liste George hadde laga over forfremmingar, etter at Driscoll nekta å gjere det, skriv Fox News.
Det gode forholdet mellom viseforsvarsminister Dan Driscoll og general Randy George skal ha vore eit problem for forsvarsminister Pete Hegseth, ifølge amerikanske medium.
Foto: Rod Lamkey / FR172078,NTBTo av offiserane forsvarsministeren ønska å få fjerna frå lista var svarte, medan to var kvinner. Dei andre på lista var kvite menn, skriv The New York Times.
Dette skal ha fått høgtståande tenestepersonar til å stille spørsmål om Hegseth gjekk etter desse på grunn av rase eller kjønn, skriv avisa.
I tillegg til hærsjefen, fekk også to andre offiserar i hæren sparken.
Er du interessert i meir utanriksstoff? Høyr Urix-podkasten.
Publisert 03.04.2026, kl. 15.57











English (US)