– Eg skreik «me kan gå for meir» etter målet. Eg ville gjerne fortsette, seier Anthony Elanga.
Han blei målskårar då Sverige tok seg vidare til eit sluttspel i VM.
Men angrepsspelaren fortel at han ikkje visste at dei var vidare i meisterskapet.
– Eg ville berre halde fram å springe. Eg fekk krampe på slutten, men eg ville ikkje slutte å springe, seier han.
For Sverige var eitt poeng mot Japan nok til å bli blant dei åtte beste gruppetrearane som går vidare i VM. Sverige låg under 1–0 då Elanga skaut frå sekstenmeteren.
– Eg visste ikkje at eitt poeng var nok, fortel han.
På TV-bilda kunne ein sjå ein tydeleg skuffa Elanga etter kampen, medan resten av laget jubla.
SKUFFA: Elanga sat skuffa på bakken etter at Sverige hadde tatt seg vidare i VM.
Foto: JEROME MIRON / REUTERS,NTBElanga var ikkje den einaste som ikkje hadde fått med seg dei gode nyheitene.
– Eg hadde like dårleg oversikt. Eg trur ikkje ein skal sjå seg blind på slike ting. Me må gå inn og gjere det me kan, seier Sveriges målvakt Jacob Widell Zetterström.
Elanga skåra Sveriges mål i kampen.
Sveriges landslagssjef er letta etter skjebnekampen:
– Fantastisk. Det var ein veldig tøff kamp, men gutane svarte etter Nederland-kampen. Eg synest dei var fantastiske i kveld, seier Graham Potter.
Det er berre dagar sidan Sverige gjekk på eit braktap mot Nederland. Dei tapa 1-5, og den gongen var det Elanga som skåra for dei gule.
For kampen mot Japan blei han kåra til banens beste.
– Eg er veldig glad på Elangas vegne. Han har vore heilt fantastisk utanfor banen. No har han skåra to mål, seier Potter.
Kan møte Noreg
Sverige måtte ta poeng mot Japan for å sikre avansement i VM. Det klarte dei med 1–1 og no blir dei blant dei åtte beste gruppetrearane som går vidare i VM.
No kan dei møte Noreg i ein 16.-delsfinale.
– Det er slik det er når ein går vidare frå gruppa. Det blir tøffare motstandarar og me ser fram mot neste kamp, uansett kven det blir, seier svenske Viktor Gyökeres.
Sverige kan møte vinnaren av gruppe I, E eller gruppe B. Det er mest truleg at dei møter vinnaren av gruppe I. Det betyr at det kan bli eit nordisk oppgjer mot Noreg i 16.-delsfinalen, dersom Noreg slår Frankrike fredag kveld.
Noreg herja med Sverige i ein treningskamp berre dagar før meisterskapet.
Publisert 26.06.2026, kl. 02.58 Oppdatert 26.06.2026, kl. 04.00







English (US)