Silje redda livet hans: – Det blei mitt vinnarlodd

7 hours ago 4



Martin var 34 år, då han sprang ut på ein joggetur ein sein kveld.

Han var frisk og godt trent.

Kva som skjedde i løpet av den joggeturen hugsar ikkje Martin noko av.

Eg har ingen minne frå den dagen. Kanskje nokre svake minne om at eg var på jobb. Resten er historier som har blitt fortalde og rekonstruerte.

Martin sitt første minne er frå sjukehuset.

Han sit i ei seng med den nærmaste familien rundt seg.

Men det er ein annan person som i alle fall hugsar nokre viktige minutt denne kvelden.

Livreddaren

Silje var ute og sprang i skogen saman med venninna si, då dei plutseleg oppdaga noko eit stykke oppe i bakken.

Kvinne ser ettertenksomt ut i luften

Silje Pileberg vil alltid bere med seg det ho opplevde i skogen.

Foto: Marianne Ytre-Eide / NRK

Det første eg tenkte var: kan det vere eit menneske? Men eg slo frå meg den tanken veldig raskt. For eg tenkte at det er ikkje så sannsynleg.

Dei sprang opp og fann ein mann som låg livlaus på bakken.

Vi såg at han låg på bakken, med augo veldig opne og stirande, men at han var ein heilt annan plass.

Kvinne i skjørt går i skogen

Silje er tilbake på stiane der ho redda livet til Martin.

Foto: Marianne Ytre-Eide / NRK

Silje hadde vore med i Røde Kors Hjelpekorps tidlegare, og øvd på hjarte- og lungeredning.

Men ho hadde aldri sett ein livlaus person før.

Eg var ikkje førebudd på at ein livlaus person skulle sjå så skummel ut. For det var ein kropp som eg eigentleg ikkje hadde lyst til å nærme meg.

Dei gjekk bort til han, ropte «hallo, hallo» og slo på han, men fekk ikkje noko respons.

Og då sette vi i gang med hjarte- og lungeredning.

Mange kjenner seg utrygge

I Noreg opplever om lag 3000 personar kvart år at hjartet plutseleg stansar på tur, heime, på jobb eller andre stader. Det viser tal frå Norsk hjartestansregister.

Av desse er det over 2500 som døyr, fortel leiar av registeret Ingvild Tjelmeland.

Nokre gonger er det veldig vanskeleg å få gjenoppliva folk.

Ho seier det har vore veldig mange tiltak i Noreg for å lære vanlege folk førstehjelp.

Leder av Norsk hjertestansregister, Ingvild Tjelmeland.

Leiaren i Norsk hjartestansregister, Ingvild Tjelmeland, seier at berre 400 av 3000 personar overlever.

–Vi har opplæring i hjarte- og lungeredning både i skulen og i arbeidslivet. Likevel er det ikkje så mange fleire som overlever i Noreg, enn det var i 2016.

Noreg er eit av dei landa i verda der flest vanlege folk startar gjenoppliving før ambulansen kjem.

Ifølge hjartestansregisteret skjer det i åtte av ti tilfelle.

Talet på utplasserte hjartestartarar har auka. Det same har kunnskapen, men dette har ikkje ført til at fleire overlever, seier Tjelmeland.

Ho meiner det må bli obligatorisk å lære seg førstehjelp.

Eg synest det bør vere obligatorisk både i skolen og i opplæringa til sertifikat. I tillegg er det ganske mange arbeidsplassar som har dette som ein del av HMS-en. Så der burde det òg vere obligatorisk å lære hjarte- og lungeredning.

Utfordrar helseministeren

– Om eg kjem til ein livlaus person, er det første eg vil gjere å få kontakt med 113.

Det seier generalsekretær i Stiftelsen Norsk Luftambulanse Stephen Sollid.

Mann øver på dukke

Sollid seier: «30 hjartekompresjonar, deretter to innblåsingar.» Kompresjonane er dei viktigaste.

Foto: Marianne Ytre-Eide / NRK

Han legg handa på brystet til dokka på golvet.

–Då skal eg gi 30 hjartekompresjonar først.

Hender ligger på brystet og tar hjertekompresjoner

Ein legg hendene på brystet og trykkjer godt 30 gonger.

Foto: Marianne Ytre-Eide / NRK

Han seier at hjartekompresjonane er det viktigaste.

Mann tar munn til munn metode på en dukke

Sollid seier at ein kan gjere innblåsingar om ein føler seg komfortabel.

Foto: Marianne Ytre-Eide / NRK

– Nokon kjenner seg komfortable med å gi innblåsingar.

Ei undersøking Norstat har gjort for NRK viser at i heile befolkninga er det 18 prosent eller nesten 2 av 10 som ikkje veit kva dei skal gjere om dei finn ein livlaus person.

– Den vanlegaste feilen er at ein ikkje gjer noko i det heile tatt, seier Sollid.

Ifølge undersøkingar Norsk Luftambulanse har gjort, er halvparten av alle i Noreg utrygge på kva dei skal gjere med ein livlaus person.

Ein kjenner seg så utrygg på det å gi hjarte- og lungeredning at ein rett og slett lèt vere å gjere noko og ventar på at det skal komme nokre andre som kan det.

Mann ser rett i kamera

Generalsekretæren i Stiftelsen Norsk Luftambulanse, Stephen Sollid, seier at ein først skal ringje 113.

Foto: Marianne Ytre-Eide / NRK

Han utfordrar regjeringa.

Eg vil utfordre helseministeren til å samle dei frivillige organisasjonane i Noreg som driv aktivitet innanfor førstehjelpsopplæring og førstehjelp, saman med dei offentlege helseinstitusjonane som også har interesse i dette.

Han vil ha ein ny nasjonal dugnad for å lære befolkninga livredning.

Her viser Sollid hjarte - og lungeredning:

Statssekretær Usman Ahmad Mushtaq meiner regjeringa allereie har eit godt fokus på dette.

– Å auke folk sin kunnskap om førstehjelp er ein del av satsinga på helseberedskap og primærhelsetenestene.

Usman Mustaq

Statssekretær Usman Ahmad Mushtaq meiner regjeringa allereie har eit godt fokus på dette.

Foto: Ole Berg-Rusten / Ole Berg-Rusten

Han seier den nasjonale førstehjelpsdugnaden «Saman reddar vi liv» er eit viktig bidrag til auka kunnskap om førstehjelp, og dugnaden er følgt opp med ein nasjonal strategi for førstehjelp.

Strategien varer til og med 2030, og vi skal følge opp strategien.

Vinnarloddet

Martin kunne blitt liggande i skogen den kvelden.

Eller han kunne møtt nokon som ikkje torde nærme seg han og starte hjarte -og lungeredning.

To personer ser på hverandre og smiler

Martin Ihler og Silje Pileberg synest det er fint å møtast.

Foto: Ola Hana / NRK

Men han møtte Silje.

Med viljekraft kasta ho seg over han og både blåste og trykte livet tilbake i kroppen.

Er det mogleg? Eg torde ikkje heilt å tru på det, for det var veldig spesielle, kvessande, djupe drag. Så det høyrdest eigentleg ikkje så bra ut. Men eg skjønte jo at det var positivt. Eg vart veldig letta då eg såg at dette var ein jamn pust som hadde kome for å bli.

Kvinne og mann ser inn i kamera

Martin vil alltid vite at Silje redda livet hans.

Foto: Ola Hana / NRK

Martin vil alltid vite at Silje redda livet hans.

Eg er jo utruleg takksam for det. Kva skal eg seie? Det var mitt vinnarlodd. Ja.

Silje skreiv om opplevinga si i Magasinet Plot og A-magasinet i 2017.

Publisert 04.07.2025, kl. 17.26

Read Entire Article