Sigurd (16) vil vite kva han sjølv kan gjere i ein krise

3 hours ago 1



– Barn og unge skal jo helst tenke på det dei gler seg til, som fotballkampen, eller han kjekke guten i naboklassen, seier barneombod Mina Gerhardsen.

– Når ein snakkar om krisesituasjonar, pandemiar og naturkatastrofar, så trur eg det er krig ein tenker mest på, seier Sigurd Normann Øvernes.

Han går i tiandeklasse på Tromstun skole i Tromsø, som fekk besøk av barneombod Mina Gerhardsen nyleg.

For tida reiser Barneombodet til skolar for å høyre kva unge er opptatte av for å ha det bra, spesielt når kriser oppstår.

– Ein snakkar om vatn og hermetikk eller styrking av Forsvaret, og så gløymer ein å spørje kva som er viktig for barn, seier Gerhardsen.

Samtidig melder Alarmtelefonen for barn og unge om auka bekymringar etter at krigen i Midtausten starta på laurdag, og Helsedirektoratet anbefaler vaksne å snakke med unge om dette.

Det har skjedd i etterkant av USA og Israel sitt angrep på Iran.

Totalforsvarsåret

Dersom det er snøstorm, flaum eller orkan og straumen blir borte og mobilen ikkje fungerer – kva gjer ein da?

2026 er også Totalforsvarsåret. Det betyr at vanlege folk og militære styrkar i Noreg skal jobbe saman for å vere betre førebudd på å handtere kriser, konfliktar og krig.

Barneombodet spør nå barn og unge om kva som bør gjerast for at dei skal ha det bra under kriser, og svara skal samlast i Barnebarometeret.

 barneombud Mina Gerhardsen på ungdomsskole i Tromsø for å snakke om beredskap.

Barne- og familiedepartementet, har bede Barneombodet om å svare på spørsmål om korleis Barneombodet kan bidra dersom det blir krig. Barneombod Mina Gerhardsen snakka med elevar på Tromstun om dette.

Foto: Elena Bulai Løvland / NRK

– Det eine er å få inn kloke råd frå barn og unge. Det andre er å minne politikarane på at dei har eit stort ansvar her for å sørge for at det er tenkt på barn, seier Mina Gerhardsen.

Når dei går inn i klasserom, vel dei bevisst å ikkje bruke ordet krig, av omsyn til sårbare barn.

– Mange kriser vil likne kvarandre når det gjeld behova. Om ein gir råd for éin type krise, vil det ha overføringsverdi til andre.

Gerhardsen seier at dei unge framhevar tryggleik, gode relasjonar, og tilgang til informasjon som det aller viktigaste i ein krisesituasjon.

– Dei vaksne sitt ansvar

Sigurd Normann Øvernes seier at besøket frå Barneombodet fekk han til å kjenne seg tryggare.

– Da veit vi at dei tenker på oss og kva vi skal gjere, og korleis vi skal gjere det på den enklaste moglege måten. Så det er jo fint, men eg lærte ikkje så mykje nytt om kva eg skal gjere.

Barneombod Mina Gerhardsen er tydeleg på at det ikkje er jobben til barna å handtere kriser.

– For barn og unge er det viktig at dei er trygge på at det finst ein plan, og at det er vaksne ein kan spørje om ting. Men det er vaksne sitt ansvar å ta vare på barn sin tryggleik og deira behov.

Sigurd Normann Øvernes og klassekameratene går opp en trapp på skolen.

Sigurd Normann Øvernes ønsker meir informasjon om kva han og klassekameratane kan gjere viss ei krise oppstår.

Foto: Elena Bulai Løvland / NRK

16-åringen vil likevel vere i stand til å gjere noko sjølv.

– Om du går på barneskulen, så burde dei vaksne ta ansvar for det. Men på ungdomsskulen burde dei begynne å gi oss meir informasjon og gjere sånn at vi kan gjere noko med det, i staden for at det berre skal vere deira ansvar.

Bra å vere nyttig

Psykologspesialist og avdelingsleiar ved BUPA, på Universitetssjukehuset Nord-Noreg, Yngvild Arnesen, seier at det kan vere bra å la ungdommar få bidra.

– Det å bli parkert er ikkje sunt for nokon om ein faktisk har noko å bidra med. Eg meiner ikkje at ungdom skal vere dei som fyller beredskapslagera i heimen sin, men det er nokre ting ein kan gjere og ta ansvar for.

Psykologspesialisten seier det kan innebere å ta ansvar for yngre søsken, følge opp naboar som treng ekstra hjelp, eller bidra på måtar som utnyttar deira evner.

– Om ein opplever ei krise, så er det lettare å komme gjennom henne om du har noko konkret og handfast å bidra med, seier Arnesen.

  • Yngvild Arnesen  sitter på en stol inne i et rom.

    Yngvild Arnesen

    psykologspesialist og avdelingsleiar ved Barne- og ungdomspsykiatrisk avdeling, UNN HF

Kan bli for involvert

Ifølge Arnesen handterer vi ofte kriser bra når dei skjer, men det er også lurt å trene opp psyken på førehand.

– Sånn som situasjonen er nå, bør vi ta ungdommar på alvor, og snakke med dei om kva dei kan gjere for å gjere seg sjølve robuste i forkant av ei krise lengre fram i tid.

Den psykiske beredskapen blir bygd i møte med andre, med venner, familie, på skolen og fritidsaktivitetar, ifølge henne.

Tre personer sitter i en avslappet setting på en sofa og stoler. To av dem sitter motsatt hverandre, mens den tredje hviler bena på sofakanten.

Dei unge bør få lov til å takle problema sine sjølve, meiner psykologspesialist Yngvild Arnesen ved BUPA.

Foto: Elena Bulai Løvland / NRK

– La dei unge få lov til å vere unge, la dei få lov til å prøve og feile, kanskje i litt større grad enn vi i foreldregenerasjonen nå tør å gjere.

Ho påpeikar at foreldre av og til kan bli for involverte.

– Vi er betre rusta til å tole noko vondt og vanskeleg som kjem, om vi har fått brynt oss på noko før.

Arnesen meiner at det er viktig å øve på å handtere utfordrande situasjonar i kvardagen, som for eksempel konfliktar med venner, utan at foreldra grip inn.

– Kanskje må ein heller vere ei støtte heime og ikkje nødvendigvis ta den telefonen og prøve å ordne opp.

– Ikkje bekymra

Sjølv om temaet krise og beredskap er noko som blir diskutert mykje, håpar barneombod Mina Gerhardsen at dei unge blir roa når dei høyrer at det finst planar for det.

– Heldigvis ser vi på undersøkingar at dei fleste er mest til stades i kvardagslivet sitt. Sjølv om det skjer dramatiske ting rundt oss, så registrerer ein det, men lever sitt vanlege liv.

Fire personer spiller air hockey rundt et bord i et rom med betongvegger. To deltakere står på hver side av bordet, mens to andre observerer.

– Barn og unge skal jo helst tenkje på det dei gler seg til, som fotballkampen, eller den kjekke guten i naboklassen, seier barneombod Mina Gerhardsen.

Foto: Elena Bulai Løvland / NRK

– Men for nokon blir det tungt.

Da meiner Gerhardsen at det er viktig å ha tilgjengelege helsesjukepleiarar på skolen, vite at ein kan ringe krisetelefonar, og kjenne til kor ein kan få hjelp når det blir for mykje.

Elev Sigurd Normann Øvernes seier at han ikkje er bekymra for alvorlege kriser.

– For eg veit sjølv relativt godt kva ein skal gjere og korleis ein skal komme seg gjennom det. Og så bur vi jo i Noreg, som er eit ganske sikkert land.

Publisert 09.03.2026, kl. 16.41

Read Entire Article