Du har kanskje gjort det sjølv.
Du skal krysse over ein trafikkert veg. Men det er akkurat litt for langt til eit fotgjengarfelt, ei gangbru eller ein undergang.
Du skal jo berre rett over på andre sida. Derfor ventar du på den riktige lomma til å springe trygt over vegen frå fortau til fortau.
Kanskje var det også slik 22 år gamle Seva Brkl tenkte, då ho skulle heim frå matbutikken i Bergen i oktober 2023.
Heime venta mora og den vesle dottera på hennar på fem månadar.
– Ho skulle handle melk og melkepulver til babyen. Ho bad meg passe på jenta. Men ho kom aldri tilbake, sa mora i Hordaland tingrett onsdag.
Svært prega sjåfør
I vegen mellom heimen og butikken vart Seva Brkl (22) påkøyrd og drepen av ein då 19 år gamal bilist.
Den svært prega mannen, no i starten av 20-åra, erkjente onsdag straffskuld for aktlaust drap.
Det gjer han ifølge forsvararen mellom anna for å gi dei etterlatne ro og ei avklaring om ulukka.
– Alt skjedde så fort. Det kjendest som eit millisekund frå eg såg ho til eg trefte ho. Etterpå sprang eg bort til ho, men fekk ikkje kontakt med henne. Eg var heilt i sjokk, sa mannen gråtande til retten.
– Eg ønskjer å kondolera til familien. Eg er veldig lei meg for det som skjedde. Spesielt trist har det vore å vite at ho hadde eit lite barn, sa han seinare.
Seva Brkl kom til Noreg som flyktning frå Syria for nokre år sidan. Ho har ein ektemann i heimlandet.
Køyrde altfor fort
Brkl kryssa fylkesvegen på ein stad der det ikkje var fotgjengarfelt. Sjåføren forklarte at han ikkje venta at det skulle kome folk ut i vegen der.
Men han vedgår å ha køyrd altfor fort i 40-sona i Sandviksveien. Den mistanken hadde også overingeniørar frå Vegvesenet same kveld.
Eit overvakingskamera som Vegtrafikksentralen har på ei gangbru like i nærleiken, fanga heile ulukka på film.
Ved hjelp av den, oppmåling og 3D-skanning har dei rekna seg fram til at sjåføren køyrde i over 100 km/t i 40-sona, rett før påkøyrselen.
– Videoen er brutal, åtvara politiadvokat Kjersti Katrine Svendsen før retten fekk sjå videoen.
Grafisk video
Den viser ei mørkkledd Brkl på veg heim frå butikken.
I handa har ho ein handlepose. På fortauet stoggar ho tilsynelatande for å vurdere trafikken og få oversikt over når det er trygt å gå over.
Samstundes kjem ein svart Tesla Model 3 køyrande frå Bergen sentrum. Den har lagt bak ein buss som har svinga av. Videoen viser at bilen akselererer oppover bakken.
Idet ein buss har køyrd forbi henne, spring Brkl ut i vegen. Så dukkar Teslaen opp igjen bak bussen. I eit lite sekund ser det ut som kvinna nøler litt, før ho held fram med å springe over vegen.
Svært kort tid seinare blir 19-åringen bildrapsmann. Kvinna blir kasta opp i lufta og blir liggande urørleg i vegbana circa 25 meter lenger framme, medan sjåføren og ein passasjer spring til for å hjelpe.
Alvoret seinka seg i retten då videobeviset vart spelt av i retten. Videoen viser altså påkøyrselen i detalj og er svært grafisk. Fleire byrja å grine.
Gjennom heile rettsdagen har det vore sterke inntrykk. Også politiadvokaten vart synleg rørt då mora til sjåføren gav ei sterk forklaring om korleis han og familien har hatt det.
6 vs. 16 sekund
Overingeniørane var kalla inn som sakkunnige vitne i saka. Dei har laga ein rapport om farten mannen heldt i bakken før påkøyrselen skjedde.
– Han hadde ei snittfart på rundt 100 km/t dei siste 60 meterane, forklarte ein av dei.
Han la til at dei også undersøkte korleis det ville vore å køyre i fartsgrensa.
– Vi brukte 16 sekund på ei strekning han brukte seks sekund på, sa overingeniøren før han viste fram ei simulering av korleis det hadde gått om mannen heldt fartsgrensa.
– Ville overlevd
Dei har rekna seg fram til at mannen, 1,7 sekund før påkøyrselen, hadde ein fart på mellom 107 km/t og 112 km/t.
Dei meiner sjåføren rakk å bremsa då han oppdaga fotgjengaren og at farten var rundt 90,5 km/t då kvinna blei treft.
– Hadde han heldt fartsgrensa, ville ho passert over vegen 22 meter framfor bilen, samanfatta dei sakkunnige frå Vegvesenet.
– Så ho hadde rukke over vegen utan å bli påkøyrd, la politiadvokaten til.
Bad om fengsel
Ho omtalte ulukka som svært krevjande for alle partar.
– Men vi må ikkje gløyme Seva i all vår sympati for den tiltalte. Vi må heller ikkje gløyme dottera hennar, sa Svendsen i sitt sluttinnlegg.
Der bad ho om at mannen i 20-åra blir dømd til fengsel utan vilkår i ti månadar, og at han mistar retten til førarkort i minst fem år.
Ho meiner han har opprådt grovt aktlaust ved å ha halde ein «ekstremt mykje» høgare fart enn fartsgrensa, gjennom eit bustadområde med fortau utan autovern på begge sider av vegen.
– Det er ikkje upårekneleg at folk kryssar vegen i ei 40-sone. Dagen etter ulukka vart det observert andre fotgjengarar som gjekk nøyaktige same snarveg over vegen. Det er sånn vi er, vi vel den kortaste veg, sa Svendsen.
Ho la til at fengselsstraff vil fungera allmennpreventivt og vil sende eit signal til andre unge sjåførar at det ikkje berre er rus eller kappkøyring som tek liv.
– Ho tok ein risiko
Forsvarar Alexander Sele bad derimot om ein deldom der størsteparten av fengselsstraffa blir på vilkår.
– Då kan han søke om å sone med fotlenke, halde fram i jobben sin og bidra i samfunnet. I staden for at vi sender han i fengsel. Då risikerer han å miste jobben og difor ikkje vera i stand til å betale erstatningskravet.
Han viste til dei store personlege vanskane som tiltalte har hatt i etterkant av ulukka, at han tidlegare er ustraffa og at han har tilstått å ha køyrd for fort.
Han argumenterte også for at aktor tar for hardt i, i forslaget for straff. Her viser han til at også fotgjengarar har reglar å følge i trafikken.
– Ho har sjølv skapt ein faresituasjon ved å springe over vegbana, bak ein buss. Det må karakteriserast som hasardiøst. Gangbrua var berre rundt 100 meter unna. Ho har tatt ein risiko, sa Sele.
Bistandsadvokat Tiril Olin Vestre Røkke kravde erstatning på vegner av dei etterlatne på totalt 1,26 millionar kroner.