Etter at kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun og hennar familie fekk lov å bygge i strandsona i Farsund, har Statsforvaltaren i Agder gått gjennom ei rekke liknande saker.
No har dei oppheva seks vedtak der kommunar på Sørlandet har gjeve løyve til å bygge i 100-metersbeltet. Det går utover enkeltpersonar som trudde alt var i orden då kommunen gav dei lov til å bygge.
Kjersti Rørmoen hadde fått lov av kommunen til å bygge i Homborsund i Grimstad. Men onsdag fekk ho beskjed om at Statsforvaltaren har oppheva vedtaket.
– Det er heilt forferdeleg. Vi kjenner oss overkøyrde. Vi har gjort alt rett og så går det utover oss at kommunen og Statsforvaltaren ikkje har gjort jobben sin, seier ho til NRK.
Har brukt store summar
Rørmoen reknar med at ho og familien har brukt mellom 1,5 og 2 millionar på hytta. Grunnarbeidet er i gang og seksjonane ligg klare hos ein lokal entreprenør.
Det har vore byggestans på området etter at Statsforvaltaren varsla at dei ville sjå nærare på saka. Onsdag kom altså det endelege vedtaket.
– Eg skjønar ikkje tankegangen når dei stansar arbeidet når grunnarbeidet nesten er ferdig. Skal det berre ligge sånn? seier Rørmoen.
Rørmoen seier til NRK at dei ennå ikkje har avgjort kva dei gjer vidare.
Kjersti Rørmoen reknar med at ho har brukt mellom 1,5 og 2 millionar på hytta til no.
Foto: Vetle Hjortland / NRKStor opprydding
Statsforvaltaren i Agder har blitt kritisert for å ta opp att saker som ligg tilbake i tid. Også saker som dei har blitt infomert om. Høgre har teke saka til Stortinget for å få dei til å gripe inn overfor Statsforvaltaren.
Statsforvaltaren har svara med at dei vil sikre likebehandling og ein betre praksis i saker som dreiar seg om bygging i strandsona. Dei meiner kommunane har eit sjølvstendig ansvar for å sikre at love blir følgd.
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun og familien fekk bygge i strandsona, men vedtaket blei oppheva. Etter det har fleire liknande saker blitt undersøkt.
Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRKOppryddinga dei gjennomfører i strandsona starta med at kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun og hennar familie fekk dispensasjon til å bygge i strandsona i Farsund. Dette vart kjent for Statsforvaltaren då Dagens Næringsliv skreiv om saka.
Dei sette då i gang ein omfattande gjennomgang av liknande saker. Til slutt stod dei igjen med åtte saker som dei meinte var spesielt alvorlege.
Av dei åtte sakene har seks vedtak blitt oppheva. Dette inkluderer Nessa Nordtun si hytte. I eit av tilfella var det kommunen sjølv som oppheva vedtaket.
Det står framleis igjen to saker som ikkje er avgjort.
I desse sakene har Statsforvaltaren konkludert med at kommunane ikkje hadde anledning til å gje dispensasjon.
Tysdag skreiv NRK om Eivindsholmen i Blindleia der Statsforvaltaren oppheva eit vedtak om å rive ei hytte og bygge ei ny.
Publisert 27.05.2026, kl. 14.08 Oppdatert 27.05.2026, kl. 14.32










English (US)