Nytt budsjettkrav frå MDG: Ein halv milliard til Oslofjorden

6 hours ago 1



Partileiar Arild Hermstad (MDG) har dratt til sjøs med seglbåten sin «Gudrun II» for å vise fram Oslofjorden på sitt beste.

- Den er den viktigaste natursaka i Noreg, for det er så utruleg mange menneske som er avhengig av fjorden.

Mann i kvitskjorte (Partileiar Arild Hermstad i MDG) går ut frå rommet i seglbåten.

Seglbåten til Hermstad er oppkalla etter bestemora hans, Gudrun.

Foto: Julianne Kyoo-Ree Eikrem / NRK

Fjorden er prega av store miljøproblem etter overfiske, utslepp frå kloakk og miljøgifter.

Under valkampen lova MDG at dei skulle gjere Støre grønare, men da statsbudsjettet kom sa dei at det var «eit einaste stort gjesp»

No krev MDG ein halv milliard til å reinse fjorden.

Bilde av horisonten av Oslofjorden med fire båtar. Tatt på Malmøya.

Å redde Oslofjorden er eit av fleire klimatiltak som MDG ønsker seg.

Foto: Julianne Kyoo-Ree Eikrem / NRK

- Alle dei fem partia opptatt av å redde Oslofjorden, og vi har allereie sett av midlar til dette i haust, seier stortingsrepresentant Tuva Moflag (Ap).

Men det er ikkje det einaste kravet MDG har.

Uvanleg forhandling

For å få gjennom det reviderte budsjettet treng Jonas Gahr Støre (Ap) støtte frå budsjettpartnarane sine Sp, Rødt, Sv og MDG.

Vanlegvis kjem krava frå partia før budsjettet blir lagt fram.

Men no legg MDG fram fleire krav midt under forhandlingane.

Partileiar Arild Hermstad kikker ned i vatnet etter lurv ved hamna på Malmøya i Oslo.

Foto: Julianne Kyoo-Ree Eikrem / NRK

Hermstad kallar Oslofjorden eit tragisk kapittel i norsk kystforvaltning.

MDG vil ha fisken tilbake, og gjenopprette økosystemet.

– Fjorden er no i ferd med å bli kvelt. For 25 år sida, fekk eg masse torsk da eg fiska. No lar vi fjorden døy sakte, seier partileiaren, og viser fram lurven i vatnet.

Ei hand held i lurv, skadelege algar, frå Oslofjorden

Lurven i Oslofjorden.

Foto: Julianne Kyoo-Ree Eikrem / NRK

I haust sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) at Oslofjorden er ein av to saker som er ekstra viktig for han, på Erlend Mørch sin podkast «Mørch og makta».

Likevel meiner Hermstad at verken Støre eller dei andre partia prioriterer dette.

– Vi vil bevise at vi prioriterer det. Da får Jonas oppfylt draumen sin om å ta vare på Oslofjorden.

Fleire krav på bordet

Men MDG stoppar ikkje på ein halv milliard.

I tillegg til kravet på ein halv milliard, vil partiet ha ei ny vurdering av sprengstoffabrikken på Hurumarka i Asker, ei anna viktig sak for miljørørsla.

– Det er heilt uhøyrt at mens vi gjer alt vi kan for å redde fjorden, så tillèt myndigheitene å utvide sprengstoffabrikken, seier Hermstad.

Partileiar Arild Hermstad har på seg kvit skjorte og kastar eit tau ut i sjøen.

Hermstad viser korleis ein kan fange opp skadelege algar i Oslofjorden.

Foto: Julianne Kyoo-Ree Eikrem / NRK

Det siste kortet på forhandlingsbordet er at dei vil deponere tungmetallmassar på land i Borg Hamn.

– Utvidinga av Borg Havn vil føre til nye og større skip, som vil kunne gi store utslepp av tungmetall, som ikkje bør bli deponert i havet.

– Vil ta MDG seriøst

Det er finansminister Jens Stoltenberg (Ap) som vaktar pengesekken, og han har tidlegare sagt at han er kritisk til å auke pengebruken.

Krava til MDG kjem på toppen av fleire milliardkrav frå dei andre samarbeidspartia.

Tuva Moflag vil ikkje kommentere summen av krava til MDG.

s

Tuva Moflag i Arbeidarpartiet.

Foto: Benyamin Farnam / NRK

– Men vi vil sjølvsagt ta alle krav frå MDG seriøst, avsluttar Moflag.

Forhandlingane held på fram til midnatt fredag 5. juni.

Publisert 28.05.2026, kl. 16.35

Read Entire Article