Set fri fangar frå «slaktehuset» i Syria

2 weeks ago 12



Sednaya-fengselet ligg om lag tre mil nord for den syriske hovudstaden Damaskus. Fengselet blei kjent for tortur og overdriven maktbruk etter eit fangeopprør i 2008.

Dei to bygga på fengselsområdet, eit hovudbygg og eit bygg som truleg blei brukt til avrettingar, kan ha romma opp mot 20.000 fangar.

Fangane er til dels langt under jorda i hemmelege rom som er mura igjen.

Sidan borgarkrigen i Syria starta i 2011 har dette blitt den siste stoppestaden for opposisjonelle, skriv Amnesty i rapporten sin om fengselet. Dei har også laga ein presentasjon av fengselet, basert på vitneutsegner frå overlevande.

Det var Amnesty International som gav fengselet tilnamnet «slaktarhuset» i forbindelse med ein rapport som kom i 2017.

Det er uvisst kor mange fangar som er drepne i fengselet, men menneskerettsorganisasjonen reknar med at 13.000 blei avretta her mellom 2011 og 2016.

Fengselet blir kalla eit slaktehus for menneske.

Dronebilde av fengselet

Eit oversiktsbilete av fengselsområdet.

Foto: De hvite hjelmene

Stort og uoversiktleg

Den siste veka har opprørarar rykka fram i stor fart i Syria. Ein etter ein har dei teke kontroll over viktige byar i landet.

Natt til søndag gjekk opprørarane inn i hovudstaden Damaskus, utan større motstand frå hæren.

Samtidig forlèt president Bashar al-Assad landet, og søkte asyl i Russland.

På vegen fram til hovudstaden har tusenvis av fangar blitt sette fri frå fengsel. Blant dei fangane i Sednaya-fengselet.

Men det er ingen som veit kor mange som framleis er på innsida. Fengselet er stort og uoversiktleg med mange gangar, dører og fengselsceller både over og under bakken i dei ulike fløyene.

Den britiske avisa The Guardian skriv at opprørarane har fått tak i store kart som dei må bruke for å orientere seg og finne fram i det store komplekset.

Fengselet er enormt og vanskeleg å finne fram i. Det er mange hemmelege rom. Videoen skal vise opprørarar som forsøker å navigere seg til fangane ved hjelp av et kart over fengselet.

Ifølge redningsgruppa Dei kvite hjelmane skal fleire av fangane vere gøymde i celler som ligg langt under bakken, skriv BBC.

Lokale styresmakter har oppfordra tidlegare soldatar og tilsette ved fengselet om å levere kodane til dei elektroniske dørene til opprørarane, slik at dei kan opne opp for tusenvis av fangar som dei kan sjå frå underjordiske overvakingskamera.

Video er frå overvakingsrommet i fengselet.

Leitar etter familie og vennar

Utanfor fengselet samla mange menneske seg på jakt etter vennar og familie som dei trur blir haldne fanga i fengselet.

Opprørarane prøvde å hindre dei pårørande å ta seg inn, men måtte gi opp, skriv The Guardian, som har ein reporter til stades i fengselet.

Videoen skal vise at fengselsceller blir opna.

Folk bruker mobilane sine som lommelykt, og går frå celle til celle gjennom dei labyrintiske korridorane på jakt etter spor.

– Tre i familien min er sakna. Vi har fått vite at det er fire etasjar under bakken. Dei seier at folk blir kvelte der nede fordi dei manglar luft. Men vi veit ikkje kvar dei er, seier Ahmad al-Shnein til avisa.

Folk som har samlet seg foran inngangen til Sednaya-fengslet utenfor Damaskus og forsøker å komme inn.

Tusenvis av menneske møtte opp ved Sednaya-fengselet for å prøve å finne familie og vennar.

Foto: OMAR HAJ KADOUR / AFP

Fann kvinner og barn

Fengselet har tre fløyer. Kvar fløy skal ifølge opprørarane ha spesialisert seg på ulike typar tortur. Det finst ingen vindauge mot omverda.

Det skal ha sete både kvinner og barn i Sednaya-fengselet, ifølge videoar som sirkulerer på nettet, og som skal vise fangar som blir sette fri.

– Ikkje ver redd. Bashar al-Assad har falle, seier ein av opprørarane på ein av videoane medan han prøve å få fleire kvinner ut av ei tettpakka celle, skriv nyheitsbyrået AP.

Folk er mura inne i «slaktehuset»

Det er framleis uvisst kor mange fangar som finst i dei underjordiske cellene. Men det syriske sivilforsvaret åtvarar folk mot å ha for store håp om at dei skal finne nokon i live, skriv avisa.

Publisert 09.12.2024, kl. 20.35 Oppdatert 09.12.2024, kl. 20.59

Read Entire Article