Innbyggarane i Indonesia er vande med mykje regn – landet er eit av dei mest nedbørstunge i verda.
Men den siste veka har vore noko heilt anna.
Ein kombinasjon av fleire tropiske stormar og lenger monsunsesong enn normalt, har ført til eit ekstremvêr som har ramma millionar i Sør-Asia.
Palembayan i Vest-Sumatra i Indonesia.
Foto: Willy Kurniawan / Reuters / NTBFlaumar og jordskred har sendt tusenvis på flukt og tatt livet av over 1000 i Indonesia, Sri Lanka, Malaysia og Thailand sidan onsdag førre veke.
BBC melder over 1200 omkomne.
Fleire tusen er sakna.
Også i Vietnam er øydeleggingane store etter fleire tropiske stormar.
På stranda i Padang etter styrtregnet i provinsen Vest-Sumatra i Indonesia.
Willy Kurniawan/ReutersForskarar peiker på vêrfenomenet La Niña for å forklare kvifor denne monsunsesongen har vore uvanleg intens. Fleire har også konkludert med at klimaendringar også forverrar tropiske stormar, fordi varmare sjøvatn gir meir av energien som matar syklonane, skriv BBC.
Indonesia og Sri Lanka er hardast trefte denne veka.
I begge land slit redningsmannskapet framleis med å kome seg inn til dei verste områda, på grunn av kollapsa bruer og stengde vegar, ifølge nasjonale medium.
Kraftige orkaner
Global oppvarming vil høyst sannsynlig føre til at de tropiske orkanene blir kraftigere, ifølge FNs klimapanel.
Årsaken er at havet er varmere enn før.
Nye områder kan bli utsatt for rester av tropiske orkaner.
Om det totale antallet orkaner endrer seg, er usikkert. Sannsynligvis blir det like mange eller færre.
Sveip for å se hvordan en orkan oppstår.
AFP
En orkan blir til
Se for deg en havtemperatur på over 26-27 grader.
Vannet fordamper og den varme luften stiger. Luften inneholder mye fuktighet.
Høyt oppe blir luften kaldere, fuktigheten blir vanskelig å holde på og det frigjøres mye energi.
Er vindstyrken på mer enn 32,6 m/s kaller vi det en orkan.
AFP
Store ødeleggelser
I en tropisk orkan fører den kraftige vinden og de enorme nedbørsmengdene til store ødeleggelser.
Også stormflo og stormbølger er en fryktet konsekvens av orkanen.
Allerede nå fører økt havnivå til at både bølger og flo når lengre innover land.
Kraftigere og mer intense orkaner vil føre til mer omfattende skader.
AP
Framtiden
Innbyggere i orkanutsatte områder må trolig venne seg til både tidligere og kraftigere orkaner, ifølge klimaforskere.
Orkaner er også kjent som sykloner og tyfoner i andre farvann.
AP
En skala
Orkaner kategoriseres etter vindstyrken, der tallene 1-5 benyttes.
Skalaen heter Saffir-Simpson.
Det er kategori 4 og 5 vi vil se mer av i fremtiden.
Enkelte forskere har foreslått at skalaen bør gå til 6, for å gi mer rom for orkaner som vokser i størrelse og styrke.
Indonesia
Ein gut sym i gjørma etter flaumen i Pidi Jaya-distriktet i Aceh-provinsen.
Foto: CHAIDEER MAHYUDDIN / AFP / NTBLitt leik også.
Foto: CHAIDEER MAHYUDDIN / AFP / NTB
På sosiale medium ser ein folk trasse gjørme, skrot og vatn til livet for å få tak i mat, medisinar og drivstoff.
Indonesias president Prabowo Subianto har sendt seks krigsskip, to sjukehusbåtar og fleire helikopter med naudhjelp til samfunna langs Sibolga-kysten i provinsen Nord-Sumatra.
Redningsarbeidarar kjem seg ikkje inn til landsbyane frå fastlandet, ifølge det indonesiske nyheitsbyrået Antara.
Landsbyen Palembayan i provinsen Vest-Sumatra i Indonesia.
Foto: Binsar Bakkara / AP / NTBNær 300.000 er på flukt. I tillegg til over 600 døde, er det 464 som er sakna, ifølge det nasjonale byrået for krisehandtering.
Hendinga er den mest dødelege i landet sidan eit jordskjelv og etterfølgande tsunami tok over 2000 liv i 2018.
Ein heim i Palembayan i Indonesia.
Foto: Willy Kurniawan / Reuters / NTBVerdas største øyrike blei treft av dei to syklonane «Koto» og «Senyar» samstundes.
Det er sjeldan at tropiske stormar blir danna så nær ekvator, men dei siste åra har det blitt vanlegare.
Ei av fleire kollapsa bruer, her i Bireun i Aceh-provinsen i Indonesia.
Foto: Reza Saifullah / AP / NTBSri Lanka
På Sri Lanka er det syklonen «Ditwah» som har herja.
Han blei forma over Bengalkysten og trefte land onsdag førre veke. Kombinert med monsunsesongen blei resultatet det verste ekstremvêret i landet på 20 år.
To kvinner prøver å redde tinga sine i utkanten av Colombo, hovudstaden på Sri Lanka, etter at Kelani-elva flauma over.
Foto: Thilina Kaluthotage / Reuters / NTBOver 300 er døde, talet stig framleis.
I helga har omkomne blitt gravlagde i massegraver, og president Anura Kumara Dissanayake har erklært unntakstilstand.
– Vi står overfor den største og vanskelegaste naturkatastrofen i vår tid, talte han til folket på laurdag.
Politi og militære saman med sivilt redningsmannskap for å evakuere folk og dele ut naudsynt mat og utstyr.
Ein innbyggar inspiserer skadane på landsbyen Sarasavigama i Kandy på Sri Lanka. Bildet er tatt 1. desember 2025.
Foto: Eranga Jayawardena / AP / NTB– Vi skal utan tvil bygge opp att ein nasjon som er betre enn den som var, seier presidenten.
Men myndigheitene seier dei ikkje er i stand til å bygge opp att landet utan hjelp utanfrå.
Landet har berre så vidt kome seg ut av si verste økonomiske krise nokosinne, og staten har lite pengar å bruke både på flaum- og skredsikring og gjenoppbygging.
Med vatn til livet i utkanten av Colombo, hovudstaden på Sri Lanka.
Foto: ISHARA S. KODIKARA / AFP / NTBI helga gjekk Dissanayake ut og bad omverda om hjelp. India, Pakistan, Bangladesh, New Zealand og Japan er blant landa som allereie har trådd til.
I tillegg er regjeringa i samtalar med Verdsbanken om korleis dei kan finansiere gjenoppbygginga.
No har regnet gitt seg, men framleis åtvarar Sri Lankas nasjonale organisasjon for monitorering av jordskred om høg fare for fleire skred dei komande dagane.
Ein redningsarbeidar reddar ein gut i Wellampitiya på Sri Lanka fredag 28. november 2025.
Foto: Thilina Kaluthotage / Reuters / NTBThailand, Malaysia og Vietnam
Sør i Thailand er fleire historiske bygg og stadar overflødde og øydelagde etter at det regna ein måneds nedbør på eitt døgn.
Verst har det vore i byen Hat Yai, eit sentrum for transport og handel. Pasientar på byens barselklinikk blei stranda og måtte bli evakuerte med helikopter og flytebårer.
160 er døde, 2000 manglar hus eller er evakuerte.
Ein butikkeigar med øydelagde varer i Hat Yai i Sonkhla-provinsen i Thailand.
Foto: ATHIT PERAWONGMETHA / Reuters / NTBI matkø.
Foto: ATHIT PERAWONGMETHA / Reuters / NTB
Nord i Malaysia er rundt 18.000 framleis på mellombelse evakueringssenter.
I Vietnam er rundt 90 omkomne og øydeleggingane store etter fleire dagar med flaumar og jordskred.
Landet har opplevd 14 tropiske stormar berre i år. Førre veke roa det seg ned, men dei komande dagane skal regnet ta seg opp igjen, ifølge vietnamesiske meteorologar.
Interessert i det som skjer ute i verda? Høyr utanriksredaksjonens podkast:
Publisert 01.12.2025, kl. 20.04 Oppdatert 01.12.2025, kl. 20.29






















English (US)