Seks personar involvert i valdshending – ein til sjukehus

4 hours ago 2



Politiet fekk melding om hendinga klokka 02.28 natt til laurdag.

– Ein mann i 30-åra er utsett for slag og spark, og er køyrd til St. Olavs hospital for behandling, skreiv operasjonsleiar Ellen Maria Brende i ei melding til pressen.

Laurdag morgon fortel operasjonsleiar Stian Aalberg at politiet ikkje veit nøyaktig kva det er som har skjedd.

Men på videoen vi ser, så er det ein person som ligg nede og blir sparka etter i ansiktet, seier Aalberg til NRK.

Mannen i 30-åra var ved bevisstheit da han blei køyrd til St. Olavs hospital for undersøkingar.

– Det er jo berre flaks her, seier Aalberg.

Det seier jo seg sjølv at når ein sparkar etter hovudet til nokon som ligg nede, så er det stor fare for at det kan gi alvorlege skadar.

Har video av hendinga

Dei fem mennene politiet meiner var involvert i hendinga drog frå staden, men politiet fann dei etter kort tid.

– Vi har søkt etter dei og påtreft fem stykk som har blitt innbrakt, fortel Aalberg.

Ein av personane har status som pågripen.

Aalberg fortel at politiet har fått tak i ein video frå staden.

– Den er filma av publikum.

Aalberg fortel at det ikkje er noko relasjon mellom dei to partane i hendinga. Politiet kjenner ikkje til kva som var årsaka til episoden.

Sentrum politistasjon i Trondheim

Fire menn sit i arresten etter hendinga. Ein har status som pågripen.

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

Vil bli avhøyrde

– No er vi på den staden at vi avventar vidare tiltak til vi har fått avhøyrd dei tre innbrakte og den pågripne.

– Når det er blitt gjort vil ein ta ei vurdering på vidare tiltak i saka.

Aalberg fortel at politiet også vil gjere ei vurdering av om nokon av dei involverte skal bli framstilt for varetektsfengsling.

Publisert 13.12.2025, kl. 08.08 Oppdatert 13.12.2025, kl. 08.56

Read Entire Article