Rekruttering til helse, omsorg og utdanning blir umogeleg utan løn som verkemiddel.
Publisert: 03.11.2024 20:00
Dette er en kronikk. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å sende et kronikkforslag, kan du lese hvordan her.
Koordinerte lønsoppgjer med eit frontfag som normgjevar er eit særmerke for lønsutviklinga i Noreg. Frontfagsmodellen inneber at konkurranseutsett sektor kjem først til forhandlingsbordet, og at resultatet her set norm for lønsveksten elles i samfunnet.
Intensjonen er god, for han er å sikre konkurranseevna for norsk næringsliv og leggje til rette for høg verdiskaping og låg arbeidsløyse.
Den norske modellen kjem til kort
Men det finst fleire omsyn i norsk økonomi, og no knirkar det i maskineriet. Ein grunn er at modellen for lønsoppgjera ikkje har levert vekst i realinntektene per innbyggjar dei ti siste åra. Kampen om knapp arbeidskraft er no elles ei større utfordring enn mangel på arbeidsplassar.
Frontfagsmodellen har heller ikkje svar på korleis arbeidskraft kan bli omdirigert frå privat til offentleg sektor når løn nærmast er utelukka som verkemiddel.
Dei siste åra har rekrutteringa til lærarutdanningane falle markant, og helse- og omsorgssektoren står i ein liknande situasjon. Behova peikar oppover, medan utdanning og rekruttering går ned. Dette er ikkje ei utdanningskrise. Problemet er at ungdommen ikkje er freista av yrket som ventar når utdanninga er fullført.
Korkje regjeringa sine rekrutteringsstrategiar eller profesjonsmeldinga gir overtydande løysingar, og det gjer heller ikkje Helsepersonellkommisjonen. Honnørord som «framsnakking», «motivasjon» og «inspirasjon» er til lita hjelp om ungdommen vegrar seg mot jobben som ventar i andre enden av utdanninga. Resultatet er mange hundre tomme studieplassar og stor overkapasitet i utdanninga av lærarar og sjukepleiarar landet over.
Å auke kapasiteten i utdanninga, slik Frontfagsmodellutvalet legg til grunn, vil dermed ikkje hjelpe.
Ungdommen har høge forventningar og krav
Om ein skal ta situasjonen på alvor, bør ein lytte til kva ungdommen faktisk er oppteken av. Ein omskifteleg arbeidsmarknad i stadig endring får studentane til å føretrekke utdanningar som opnar for val mellom ulike næringar, og som kan gje arbeid både i privat og offentleg sektor.
Her ligg truleg ei forklaring på kvifor rettsvitskap, økonomi og administrasjon held på attraktiviteten blant studentane.
Etter covid-pandemien har fleksibel arbeidstid og heimekontorordning rykka opp på listene over jobbattraktivitet. Når arbeidsløysa er låg, kan studentane tillate seg høgare krav til oppfølging, vidareutvikling og karriereplanar. I privat næringsliv er det i dag mange arbeidsgjevarar som lokkar med personleg rådgjeving (coaching og onboarding) til dei nytilsette.
Sist, men ikkje minst, er det veldig mange studentar som er opptekne av løn for strevet og av at vel utført arbeid skal stå i samanheng med utsiktene for karriere og inntekt. Med dette som utgangspunkt er det kanskje ikkje så rart at lærar- og sjukepleiaryrket ikkje er blant dei mest attraktive.
Det er stor forståing for at utdanning og helse er kritiske samfunnsfunksjonar, og at det er viktig å sikre kompetanse, kvalitet og kapasitet i tilbodet av tenester på området. Denne forståinga er ikkje reflektert i politikken, og LO og NHO ser heller ikkje ut til å ville opne for økonomiske verkemiddel i rekrutteringa, fordi dette kan utfordre frontfagsmodellen.
Ubøyeleg behov for helse og omsorg
Med utsikter til ei dobling av talet på 80-åringar innan 2040 vil behovet for helse- og omsorgstenester auke i høgt tempo. Demografien ligg fast, og behovet for helsepersonell kan dermed berre dempast gjennom redusert dekning i tilbodet av helse- og omsorgstenester, lågare kvalitet på tenestene eller gjennom betre produktivitet.
Helsepersonellkommisjonen satsa det meste på at produktiviteten må bli betre, slik at talet på tilsette kan haldast i tømme. Det er knapt noko område der teknologien har spelt ei større rolle enn i helsesektoren, med stadig meir avanserte reiskapar både for diagnostisering og behandling. Dette får ikkje behova til å bøye av. Tvert imot er høgare krav til standard og kvalitet ein kostnadsdrivar både i kommunane og i sjukehusa.
Ambisjonen om at sysselsetjinga i helsesektoren ikkje skal auke nemneverdig frå dagens nivå, fortonar seg difor som ein feberdraum.
Perspektivmeldinga peikar ut knappleik på arbeidskraft som ei av dei verkeleg store utfordringane for norsk økonomi i åra som kjem. Om ein skal sikre omfang og kvalitet innan helse og utdanning, kjem ein ikkje utanom ei flytting av arbeidskraft frå privat næringsliv til offentleg sektor. Dette er ikkje reflektert i dagens politikk. Her let dei fleste til å tenkje at det som manglar, er arbeidsplassar, og ikkje arbeidskraft.
Regjeringa har forvilla seg i satsing på eksport og grønt industriløft og legg ned stor innsats for å sikre aktivitet og skape nye arbeidsplassar i privat næringsliv, jamvel gjennom subsidiar og støtteordningar til gamle og nye næringar. Med nærmare 600 milliardar kroner i valutainntekter gjennom avkastninga frå Oljefondet er det ikkje eksportinntekter vi treng.
Det vi treng, er arbeidskraft til å møte innanlandske behov. Likevel blir nyetableringar, investeringar og nye arbeidsplassar i næringslivet feira med jubel og applaus. Men når ein treng 150.000 nye årsverk i helsesektoren, er det altså eit kjempeproblem.
Hovudkursen må leggast om
Utsiktene tyder på at for mange arbeider i næringslivet, og for få arbeider med helse og utdanning. For å endre på dette må lønene i offentleg sektor bli betre i forhold til lønene i privat sektor. Med andre ord må relative løner utvikle seg i favør av offentleg sektor. Ettersom lønene i næringslivet neppe vil falle, kan dette berre skje ved at relevante løner i offentleg sektor får eit løft, anten i ein omgang eller over tid.
Med den norske modellen for inntektsoppgjera blir dette vanskeleg. Om løna for kjerneoppgåver i offentleg sektor ikkje er attraktiv nok, er det til lita hjelp om ho stig i takt med lønsutviklinga i næringslivet.
Slik risikerer ein at tilbodet av samfunnskritiske offentlege tenester kan bli underminert og kvelt av frontfagsmodellen.