Samfunns­debatten i dag kan verke som om han er ferdig diskutert på bakrommet

2 weeks ago 10



Me må tole meiningsmangfaldet, for utan usemje, ingen framsteg, og utan ytringsfridom, er eit fallande demokrati på randa, skriv Vegard Snoksrud-Stokland, KrF. Foto: KrF
  • Vegard Snoksrud-Stokland

    Kommunestyrerepresentant for Klepp KrF

Publisert: Publisert:

For mindre enn 10 minutter siden

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

DEBATT: La meg ropa høgt, la meg få visa mi tru, og la meg få lov til å ytra mi meining utover heile Norge!

Me er heldige som lever i eit demokratisk samfunn som Norge, der trusfridom og ytringsfridom blir hegna om og verna av samfunnet. Difor likar me å påstå at me lever i verdas mest opne og tolerante land, der alle har ei røyst og der du skal få lov å bruke henne.

Våg å meina noko vågalt

Likevel er det fleire som teier enn før, den smale røysta får større plass, og meiningsmangfaldet er på veg til kollapse. Samfunnsdebatten i dag kan stundom verke som om han alt er diskutert ferdig, på bakrommet. For i vår tid må alle meine det same, elles må du teie, for di meining er med å polarisere samfunnet.

Dette står i sterk kontrast til formålet i opplæringa til elevane, som seier: «Opplæringa skal gi innsikt i kulturelt mangfald og vise respekt for den enkelte si overtyding. Ho skal fremje demokrati, likestilling og vitskapleg tenkjemåte.» For målet er at elevane skal kunne tileigne seg kunnskap og erfaringar, slik at dei aktivt kan delta og ytra seg i samfunnsdebatten med eigne overtydingar og meiningar.

I staden møter ein eit samfunn der det berre er plass til ei smal og høglydt røyst, som helst skal vere lik naboen, kollegaen eller den media legg fram. Men er du ein av dei vågale, som meg, som meiner at: «livet startar ved unnfanginga i mors mage», «Israel har rett til å eksistere», eller at «alkohol skal ikkje skjenkast i tidsrom barn og unge har aktivitet i kommunehuset», då ville media mest sannsynleg slått alarm, og som presidenten i det kvite hus, trykka på den raude knappen og starta jakta.

Våg og meina noko!

Sjølvsagt er det alt oppretta ei norm av ei smal høglydt røyst for desse tema, så andre røyster som di og mi skal teie. Men nettopp meiningsmangfaldet er eit grunnleggjande prinsipp i demokratiet. Difor treng ein fleire røyster, og helst høglydte røyster, som vågar å meine noko og stå støtt i meiningane sine.

Aldri før har så mange unge vore så tydelege og bevisste på verdiane sine som no. Det gjer det berre endå viktigare å ta debatten om kor avgjerande ytringsfridommen er for demokratiet, og for Norge. Me må tole meiningsmangfaldet, for utan usemje, ingen framsteg, og utan ytringsfridom, er eit fallande demokrati på randa. Så la oss ropa høgt, la oss visa vår tru, og la oss få lov å ytra vår meining utover heile Norge!

Publisert:

Publisert: 11. november 2025 12:06

Read Entire Article