Samaritanen og samtida

1 day ago 12



 ØYVIND STRØMMENREPLIKK: ØYVIND STRØMMEN

religionsvitar og lokal folkevald for MDG

«Barn bør lære om den miskunnsame samaritan, ikkje detaljar om Krishna og Mohammed», skriv KrfU-leiar Hadle Rasmus Bjuland i eit innlegg i VG, som vert avslutta med at kristne verdiar er betre enn andre verdiar.

Difor vil dei auka kristendomsandelen i KRLE-faget til 75 prosent.

Eg veit ikkje om eg orkar ein religionsdebatt på dei premissane. Men eg er utdanna religionsvitar, og eg gjer meg jo likevel nokre tankar.

For det fyrste: Om lag 50 prosent av KRLE-faget fokuserer i dag på kristendom. Resten av tida vert fordelt på andre religionar, livssyn, etikk og filosofi.

Du når ikkje å læra særleg mange detaljar om verken Muhammed eller Khrisna då.

Litt grunnleggande kjennskap til islam og til hinduismen (som knappast er ein einskapleg religion) får du kanskje med deg. Det er ikkje dumt.

Eg har likevel ikkje noko vidare problem med fordelinga av tida i faget, eller med at kristendom står sentralt.

Kristendomen har hatt avgjerande påverknad på norsk historie og på heile den vestlege verda.

Å læra om kristendom og kristendomshistorie er dermed også å læra om norsk samfunnsliv, om europeisk kunst- og litteraturhistorie, om rettshistorie, om politisk historie og jamvel om norsk språk.

Heilt uavhengig av livssyn er dette viktig. Det handlar om å forstå det norske samfunnet.

Men denne fordelinga gjer også at eg er ganske viss på at norske skulebarn faktisk lærer om den miskunnsame samaritanen. Læreplanen legg iallfall opp til det.

 Xueqi Pang / VGSVARTE OGSÅ: – Du har ikke monopol på gode verdier fordi du er kristen, skrev Grønn Ungoms Frøya Skjold Sjursæther i debatten. Foto: Xueqi Pang / VG

For det andre: Som skulebarn i ein skule der kristendomsfaget var kristendom, kristendom og stort sett berre kristendom (rett nok med ein og annan avstikkar innom jødedomen), lærte også eg om denne likninga.

Ho er barnelærdom. Kva handlar likninga om?

Vel, det er ei historie om ein fyr som blir rana på landevegen. Både ein prest og ein tempeltenar (ein levitt, står det; det er eit komplisert omgrep, men kan nok omsetjast slik) går forbi.

Dei såg sikkert på seg sjølv som gode og fromme menneske, med gode verdiar. Men dei gav blaffen i ransofferet.

Det gjorde derimot ikkje den miskunnsame samaritanen. I barneskulen lærte eg at samaritanane var ei gruppe som vart sett ned på, at dei vart rekna som nokre slemmingar, rett og slett.

Men det var samaritanen som stogga og tok seg av det stakkars ransofferet.

Moralen var at det var det ein burde gjera. Men det ligg også ein annan moral der: Ei åtvaring mot fordomar.

Er KRLE-fagets kristendomsandel passande?aFor høgbPassandecFor lavdVeit ikkje

For det tredje: Det var samstundes ein heil del eg ikkje lærte i barneskulen, og som eg mistenker at framleis ikkje står så sentralt.

Eg fekk rett nok høyra at samaritanane budde i Samaria, og altså at dei var mislikte. Men eg fekk ikkje vita noko særleg meir om dei.

Eg fekk til dømes ikkje vita at dei framleis eksisterer.

Samaritanane er i dag ei lita etnoreligiøs gruppe. Dei er nokre hundre i talet, i Israel og på Vestbreidda.

Dei har ein abrahamsk religion med mange fellestrekk med jødedomen. Ifølgje deira eigne tradisjonar vart dei ikkje tekne i assyrisk fangenskap då det nordlege kongedømet Israel fall rundt 720 år før vår tidsrekning.

Samaritanane meiner at deira religiøse fetrar, jødane, har endra den opphavlege israelittiske religionen. Dei har sin eigen torah (mosebøker), som på nokre område skil seg frå den jødiske.

Dei har også eit anna syn på kor Abraham vart kommandert å ofra son sin, ikkje på den noverande Tempelhøgda i Jerusalem, men på Gerisim, eit fjell ved Nablus.

Ingenting av dette fekk eg høyra om på barneskulen. Det var nok for detaljar å rekna.

Men av og til ligg også djevelen i detaljane.

For den jødiske motviljen mot samaritanane — som vert spela på i likninga — var nemleg religiøst fundert.

Les også: KrFU-Hadle: Kristne verdier er bedre

Og då er jo også andre bibeltekstar interessante, som teksten om Jesus sitt møte med ei samaritansk kvinne i Johannes-evangeliet 4:1-26, ein tekst som for så vidt synleggjer religiøse skilnader og religiøse fordomar, og der Jesus sjølv seier at frelsa kjem frå jødane.

Eller kva med Johannes 8:48, der «jødane» skuldar Jesus for å vera samaritan, og for å ha «ei vond ånd» i seg?

Med andre ord: Fordomane som vert utfordra i forteljinga om den miskunnsame samaritanen var religiøse fordomar. Det var fordomar mot menneske med eit anna livssyn.

Og slik sett lurer eg på om ikkje også Hadle Rasmus Bjuland i KrFU burde læra meir av likninga.

Dette er en kronikk. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdning. Du kan sende inn kronikker og debattinnlegg til debatt@vg.no.
Read Entire Article