– Prosessen som me har blitt utsett for saknar vel eigentleg sidestykke i norsk eigedomshistorie.
Det seier Kolbjørn Selmer, styreleiar i dei tre selskapa som saksøker Trondheim kommune for 2,55 milliardar kroner.
- Kvifor er Trondheim kommune saksøkt?
Tre selskap har saksøkt Trondheim kommune for over 2,5 milliardar kroner fordi dei ikkje får bygge bustader på eit jorde.
Saksøkarane meiner dei med rette kunne forvente å få bygge ut området fordi politikarane i 2019 vedtok at det kunne brukast til utbygging.
Derfor sette selskapa i gang med investeringar og planlegging av å bygge bustader, men i fjor haust vedtok politikarane at området ikkje kan byggast ut likevel.
Saksøkarane seier at politikarane har lov til å ombestemme seg, men dei meiner det er erstatningspliktig i dette tilfellet.
Kommunen avviser krava frå utbyggarselskapa.
- Kven saksøker Trondheim kommune?
Saksøkarane er Overvik Eiendom AS, Overvik Lokalsenter AS og Blekkan Utvikling AS.
Kolbjørn Opsahl Selmer er styreleiar i alle dei tre selskapa.
- Kva er Trondheim kommune saksløkt for?
Trondheim kommune er saksøkt for 2,55 milliardar kroner av selskapa Overvik Eiendom AS, Overvik Lokalsenter AS og Blekkan Utvikling AS, for tapte utgifter.
Utbyggarselskapa har lagt ned følgande påstand:
i. Trondheim kommune betaler Overvik Eiendom AS erstatning fastsett etter retten sitt skjønn oppad begrensa til kr 1.911.000.000.
ii. Trondheim kommune betaler Overvik Lokalsenter AS erstatning fasteatt etter retten sitt skjønn oppad begrensa til kr 322.000.000.
iii. Trondheim kommune betaler Blekkan Utvikling AS erstatning fastsett etter retten sitt skjønn oppad begrensa til kr 322.000.000.
iv. Overvik Eiendom AS, Overvik Lokalsenter AS og Blekkan Utvikling AS tilkjennast sakskostnader.
Subsidiært ber dei om 688 millionar kroner for utgifter til utbyggingsselskapa.
- Kan politikarane berre ombestemme seg for kva området skal brukast til?
Begge partane i saka meiner at politikarane kan ombestemme seg.
Trondheim kommune meiner dette ikkje er erstatningspliktig, medan utbyggarane meiner dei har rett på erstatning.
Det har lenge vore ueinigheit blant dei politiske partia i Trondheim om kva området skal brukast til. Enkelte parti ville at det skal byggast ut, medan andre ville at det skulle brukast til landbruk og fleirtalet har variert mellom desse to standpunkta.
Først var området definert som matjord, så vedtok politikarane at det skulle brukast til bustadbugging.
Men i fjor vedtok eit einstemmig bystyre i Trondheim kommune at området skulle definerast som landbruksareal.
Difor har utbyggarslskapa no saksøkt kommunen.
I 2014 vedtok politikarane i Trondheim at område på familiegarden hans i Trondheim kunne byggast ut.
Men ti år seinare, etter mange diskusjonar og utgreiingar, snudde politikarane og verna området frå utbygging.
– Det er eit levande mareritt, for å seie det enkelt. Du gjer investeringar og brukar ressursar i tillit og samarbeid med ein kommune, seier Selmer.



OVERVIK: Utbyggarane krev fleire milliardar for at dei no ikkje får bygge ut på deler av dette området aust i Trondheim.
Roger Myren, NRKHan forklarar seg i retten om korleis dei avvikla drifta på familiegarden på Overvik og utvikla eigedommen for bustadbygging.
– Så går det litt tid og så skal dei dra teppet under beina på deg når du har gjort både investeringar og tilrettelagd alt i samarbeidet som har vore.
– Så det har vore mildt sagt forferdeleg, legg han til.
– Det var aldri eit tema at det ikkje skulle byggast ut
Etter at politikarane vedtok at området på Overvik kunne brukast til bustadbygging i 2014, sette Selmer i gang å planlegge for utbygginga.
– Frå 2014 begynte me å bygge opp ein eigen organisasjon. Det var ein omfattande prosess, seier Selmer.
Han fortel at dei hadde mange møter med kommunen, for å samarbeide om prosjektet.
– Det var aldri eit tema at det ikkje skulle byggast ut.
Den tredje dagen i retten blei avslutta med at alle involverte reiste med minibuss på synfaring til Overvik.
Foto: Sunniva Skurtveit / NRKIkkje før politikarane vedtok i 2021 at det ikkje skal byggast ut på resten av området likevel snakka dei om at området ikkje skulle byggast ut, ifølge Selmer.
Det skjedde mellom anna etter at Stortinget vedtok ein ny nasjonal jordvernstrategi.
Og i 2024 vedtok politikarane at delar av området skulle førast tilbake til landbruksføremål.
Men saksøkarane meiner tilbakeføringa kom for langt ut i prosessen, etter det var områderegulert til bustadbygging, til at det er lovleg.
Kommuneadvokaten er ueinig og meiner at politikarane var i sin fulle rett til å snu.
– Lettare for Cæsar å snu
– Det var eit stort areal som i fleire rundar hadde blitt frådelt frå landbruksdrift til føremålet bustad.
Det seier Torbjørn Sotberg, administrerande direktør i bustadbyggelaget Tobb, i retten.
Selskapet er deleigar i selskapa som har saksøkt kommunen.
– Då er det ikkje berre å vende tilbake. Det var lettare for Cæsar å snu med troppen sin då han skulle til Roma, enn for oss å føre dette tilbake.
Torbjørn Sotberg, administrerande direktør i Tobb, forklarte seg i retten onsdag.
Foto: Sunniva Skurtveit / NRKI retten har kommuneadvokaten påpeika at politikken er eit skiftande landskap og at avgjerder kan endre seg.
– Hadde de nokre tankar sjølv om det kostnadane de hadde og om det var ein risiko for at det ville bli forgjeves? spør dommar Kristin Rognan.
– Nei. Fordi diskusjonen om det internt var om korleis innhaldet i planen kom til å sjå ut, svarar Selmer.
– Det var aldri eit tema, før vedtaket av omreguleringa, at det ikkje skulle bli regulert, legg han til.
Brukte 688 millionar før spaden blei sett i jorda
Utbyggarselskapa har saksøkt kommunen for 2,55 milliardar kroner for tapte utgifter og tapt framtidig forteneste.
– Dei blir framstilte som dei er griske utbyggarar som krev dette, men her er det brukt betydelege beløp for at kommunen ville ha bustader som kommunen trong.
Det sa advokat Anders Flaatin Wilhelmsen som representerer saksøkarane, i retten tysdag.
Wilhelmsen viste fram områderegulering over Overvik då retten reiste på synfaring til det omstridde området.
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRKSubsidiært ber dei om 688 millionar kroner, som er beløpet utbyggarane til no har brukt på planlegging og tilrettelegging for utbygginga.
– Det er profesjonelle utbyggarselskap som har brukt 688 millionar på eit prosjekt som dei hadde ein velgrunna forventning om at skulle bli gjennomført.
Advokaten seier det kan høyrest mykje ut å bruke så mykje pengar før spaden blir sett i jorda.
– Men det er enorme utgifter i eigedomsutvikling, legg han til.
I utgiftene ligg det etablering av infrastruktur, veg, kjøp av tomter og anna utvikling som skulle mogeleggjere utbygginga.
I tillegg krev dei erstatning for utgifter for sesongkort, VIP-billettar, rafting på Geilo, iskulp i garderobe, samt turar til Planica og Svolvær.
– Det er reelle kostnader. Me gjorde masse forskjellig i prosjektet og samarbeida med mange forskjellige organisasjonar, seier Selmer i retten onsdag.
Han forklarar mellom anna at turen til Planica var med eit bedriftsnettverk og at reisene handla om å hente inspirasjon, halde foredrag og utvikle prosjektet.
– Me var også ute og henta mykje inspirasjon. Vårt mål, saman med Trondheim kommune var at me skulle lage Noregs beste bydel.
Kommunen avviser kravet
– Det er eit grunnleggande demokratisk prinsipp at innbyggarane skal påverke retninga på arealutviklinga.
Det sa kommuneadvokat i Trondheim, Lars Marius Heggberget, i retten tysdag.
– Saksøkarane er grunnleggande ueinige i dei arealpolitiske vurderingane som både det førre og det noverande bystyret har tatt.
Heggberget seier avgjersla til politikarane bygger på grundige politiske prosessar og avvegingar.
Kommunen avviser fullt og heilt kravet frå utbyggarane.
– Arealpolitikk som all anna politikk, er dynamisk. Det ligg i korta at det kan endrast, legg kommuneadvokaten til.
Han står fast ved at ei områderegulering ikkje er juridisk bindande.
På områda nord på Overvik er utbygginga i full gang. Her gav kommunen endeleg tillating til byggestart i 2019.
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRKPublisert 12.11.2025, kl. 17.11




















English (US)