Russetreff gjer endringar etter kritikk

1 day ago 1



Russetida er ikkje berre rulling i mai og dansing i vårvarme solnedgangar. Det kan også vere fest på eit vinterkledd Geilo.

Rundt 1000 russ kan bli møtt av 20 minusgrader til helga, noko som bekymrar kommuneoverlegen.

– Det handlar om omsorg for dei som skal delta. Det er utfordrande når du vel å samle så mange ungdomar og servere alkohol i januar. Det er ein høg risiko for låg kroppstemperatur, og det kan vere fare for liv og helse, seier kommuneoverlege Karin Møller til NRK.

Bergens Tidende og Hallingdølen har tidlegare omtalt saka.

– Når du drikk alkohol mistar du litt av vurderingsevna di.

Flyttar konserten innandørs

Russen kjem hovudsakleg frå Stavanger og Bergen, for å farge Geilo den siste helga i januar har vore ein tradisjon i fleire år.

Dei siste åra har konsertane vore utandørs, mens russen har hatt eit varmetelt tilgjengeleg om dei blir kalde. Birkelund Camping har stått for arrangementet, men i år har dei berre leigd ut plassen – og konsertane blir haldne inne i eit stort telt.

  • En person som smiler i snøen

    Diana Adampour

    • Dagleg leiar Birkelund Camping

– Det har vore hyggeleg og morosamt, og ikkje nokon store problem. Det er jo derfor vi har takka ja til å leige ut grunnen til firmaet som arrangerer, seier dagleg leiar Diana Adampour.

Russen bur på hotell og hytter på Geilo, som er eit kvarters køyring unna campingplassen. Deltakarane blir frakta til og frå med bussar.

En buss i mørket

Slik var ein av bussane dekorerte for to år sidan.

Foto: Diana Adampour

– Vi gjer dette for ungdommen, slik at dei ikkje berre vandrar rundt på Geilo, seier Adampour.

Har kjøpt nye klede

NRK har møtt tre bergensgutar som gler seg til russetreffet. Og 18-åringane er godt førebudde.

– Eg trur det blir bra, det verkar som det er godt planlagt. Vi visste det kom til å bli kaldt da vi bestilte billettane. Eg har kjøpt inn ekstra klede og sko, og eg trur dei fleste skjønner alvoret, seier Emil Trellevik.

Tre menn sitter og står i en bygate. To menn sitter på en benk, mens en står oppreist ved siden av dem. Alle er kledd i jakker og jeans, og det finnes en vannflaske på bakken. Omgivelsene inkluderer murvegger med fargekombinasjoner av rødt og hvitt, samt grønt beplantning.

Emil Trellevik, Adrian Sande og Odd-Marcus Gjerstad frå Bergen reiser til Geilo til helga.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

Kompisen Odd-Marcus Gjerstad skal også ha med seg ekstra klede.

– Det er nok lurt at det har komme nokre klesreglar slik at vi taklar kulda. Eg skal ha på meg ull, boblebukse og ei varm jakke.

18-åringane er ikkje einige i bekymringa frå kommuneoverlegen.

– Eg tenker ho overreagerer litt. Vi er ungdommar, vi kjem til å klare oss, seier Adrian Sande.

Reagerer på kritikken

Kommuneoverlege Karin Møller skreiv eit brev til arrangøren Event4you, der ho uttrykte stor bekymring. Arrangøren har nå vedtatt å kutte utescena.

– Det hjelper viss alle held seg nokolunde samla, og at dei held varmen. Da blir det også lettare å halde overblikk over dei, seier Møller.

  • En kvinne på restaurant

    Karin Møller

Eventbyrået roar både russ og foreldre.

– Vi har høyrt på bekymringane til kommunelegen, og har fått tak i eit varmetelt med plass til opptil 900 menneske, og så bygger vi ei stor scene inne i det, seier dagleg leiar Karl-Kristian Kristensen.

Skal sjekke kleda

Kristensen meiner dei har spelt med opne kort heile vegen.

  • En person står i en gang og ser i kamera

    Karl-Kristian Kristensen

– Vi har dokumentert og planlagt, med både beredskap og nødutgangar. Dei papira har vi sendt inn tre gonger.

– Kvifor kopla de på dei lokale myndigheitene så seint?

– Russen hadde uansett planlagt å ha eit arrangement på Geilo, og kontraktane var ikkje klare før på starten av året.

Han fortel at dei har leigd inn 15 vektarar frå eit godkjent selskap, og at det i tillegg vil vere 10 personar frå deira eige byrå der. Dei skal blant anna sjekke antrekk, og du kjem ikkje inn på området utan å ha varme nok klede.

en snødekt eng med trær og hus

Til helga blir det stor russefest her på Birkelund Camping.

Foto: Tordis Gauteplass

Publisert 28.01.2026, kl. 11.49 Oppdatert 28.01.2026, kl. 11.50

Read Entire Article