Over dei tre figurane står orda «bite the cumshot».
I lokalavisa har bussen fått reaksjonar.
– Eg veit at dette kan opplevast som belastande for dei som sjølv har erfaringar med overgrep. For dei handlar ikkje dette om ein spøk, men handlingar som har gjort noko med liva deira og skapt store traume, seier Cathrine Elholm i Nok. Sogn og Fjordane til Firda.
Russen sjølve seier det ikkje var meininga å visa støtte til Epstein eller handlingane hans.
– For oss handla dette om humor og provokasjon innan russekulturen, men me forstår no at mange kan oppfatta det annleis.
– Me tenkte på det som ein del av eit provoserande og ironisk uttrykk som ofte blir brukt i russekultur, skriv russen som står bak bussen til NRK.
– Me forstår godt at folk reagerer, og spesielt at dette kan opplevast sårande for personar som har erfaring med overgrep eller kjenner temaet nært. Det har aldri vore intensjonen å såra nokon, og me tek reaksjonane på alvor, seier ein av dei som står bak bussen.
Foto: Nils Ole Refvik / NRKEpstein-memar på TikTok
På sosiale medium florerer det av «Epstein-memar». Bilete og videoar av Epstein med humoristisk tekst på, folk som redigerer seg sjølve inn på bilete med Epstein og ein heil del KI-genererte videoar, til dømes med sitat som Epstein aldri har sagt.
Den britiske avisa The Observer skriv det slik: «Noko uhyggeleg skjer her: Epsteins groteske, omfattande nettverk for seksuelle overgrep blir behandla av internett som ein meme».
Berre på TikTok finst det over 680.000 videoar med emneknaggen #epstein. Fenomenet Epstein-memar har også fått ein eigen Wikipedia-artikkel.
– Betyr ikkje at dei støttar Epstein
Lucas Gottzén er professor i ungdomsstudiar ved Universitetet i Stockholm. Han ser ein tydeleg parallell mellom internettmemar og bussillustrasjonen.
– Logikken bak dei er like. Det å provosera og det at det er så openbert feil, seier han.
Han meiner at alle som vel å ha ein illustrasjon av Epstein på russebussen sin veit kva dei gjer.
– Det får alle til å heva på augebryna. Men det betyr ikkje at desse gutane støttar Epstein eller at dei støttar seksuell vald mot jenter.
Gottzén peikar på at provokasjon ikkje er noko nytt frå unge gutar.
Provokasjon ikkje er noko nytt frå unge gutar, seier Lucas Gottzén, professor i ungdomsstudiar ved Universitetet i Stockholm.
Foto: Trym Skrøvset Amundsen / NRK– Ei form for motstand eller opprør har funnest lenge. Det å gjera opprør er noko ein alltid har drive med, men ein ser det på ulike måtar gjennom tida.
Han humrar litt over bussillustrasjonen, men kallar det «tåpeleg» at dei tullar med Epstein.
– Eg har veldig vanskeleg for å tru at dei omfamnar Jeffrey Epstein og det han står for. Då er det jo ytst problematisk. Elles er det ein dårleg, ganske usmakeleg spøk.
Det finst over 680.000 videoar med emneknaggen #epstein på TikTok.
Faksimile: Edon Zeqa / NRKSkjønnar ikkje vitsen
Men kor god er eigentleg spøken her? Ikkje så veldig god, skal me tru komikar Christoffer Schjelderup.
– Eg skjønte han ikkje. Eg skjønnar ikkje linken mellom Epstein og Northug. Eg tek ikkje referansen her, seier han.
Han er tydeleg på at det går an å tulla med alt.
– Men det bør først og fremst vera morosamt. Ein ting er om det er morosamt, ein annan ting er om du kan stå inne for det. Det er mykje som er morosamt, men veldig upassande.
Også han peikar på at insentivet til russ gjerne er å sjokkera og provosera. Han meiner også til at russ skal få lov til å trakka over streken.
– Eg synest russen må provosera litt, elles er det ikkje gøy. Men eg skulle ønskja at det var noko me forstod, at det var gøy, seier komikaren.
– Eg skjønte han ikkje. Eg skjønnar ikkje linken mellom Epstein og Northug. Eg tek ikkje referansen her, seier komikar.
Foto: Nils Ole Refvik / NRK– Forstår godt at folk reagerer
Dei unge mennene som står bak bussen skriv til NRK at deira mål var å laga eit oppsiktsvekkjande design med referansar til kjende og kontroversielle personar frå media og populærkultur.
Dei viser til at det var meint humoristisk og at dei ikkje ønskjer å glorifisera eller bagatellisera alvorlege handlingar.
– Me forstår godt at folk reagerer, og spesielt at dette kan opplevast sårande for personar som har erfaring med overgrep eller kjenner temaet nært. Det har aldri vore intensjonen å såra nokon, og me tek reaksjonane på alvor.
– Kvifor har de plassert Petter Northug saman med Epstein? Kvifor den kombinasjonen?
– Det var ikkje meint som ei samanlikning mellom personane eller handlingane deira. Det handla berre om å bruka kjende namn som folk kjenner att frå media. Me ser likevel at kombinasjonen kan bli tolka annleis enn det som var tanken.
Det har ikkje lukkast NRK å få kontakt med Petter Northug i denne saka.
Publisert 22.05.2026, kl. 05.19














English (US)