Asylsøkjaren Suel Kassembo er varig utvist frå landet og har fått avslag på alle søknader, men har likevel budd og arbeidd på Søre Sunnmøre i årevis.
Både UDI, politiet, skatteetaten og Nav har kjent til situasjonen, men utan å gripe inn.
No må Runde Miljøsenter betale ei bot på 125.000 kroner og blir dømd for å ha brote utlendingslova.
– På dette punktet er eg ikkje samd med ressonementet i retten, men det sentrale er iallefall at resultatet er betydeleg betre enn kva som var utgangspunktet og politiet sitt krav, seier advokat Arild Humlen.
Kravet frå politiet var 360.000 kroner.
Retten har konkludert med at senteret har dårleg økonomi og ikkje sjølv tente noko på å tilsetje Kassembo. Bota er difor redusert vesentleg. Dei slepp også sakskostnader.
Advokat Arild Humlen meiner saka er heilt spesiell.
Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRKAvviser ansvar frå det offentlege
I retten gjorde advokaten eit stort nummer av at det skal ha vore Nav som tok initiativ til avtalen - og at politiet visste om at Kassembo arbeidde der.
Dette ser retten vekk frå og slår fast at han som var dagleg leiar, Nils Roar Hareide, hadde ansvar for å rydde opp i dette:
«Hverken henvendelsen fra NAV om praksis/frivillig arbeid, Kassembos sosiale ytelser eller den manglende reaksjonen fra NAV, ga Hareide tilstrekkelig grunn til å unnlate å undersøke om Kassembo hadde anledning til å arbeide i Norge.»
– Eg er ikkje overraska i det heile tatt. Styresmaktene og politiet trur jo ikkje på noko. Eg hadde nesten rekna med at vi blei dømde, seier Nils Roar Hareide til NRK onsdag.
Senteret skal ha orientert både UDI, politiet, Nav og skatteetaten om at han jobba der. Ifølgje skatteregisteret har Suel Kassembo betalt over ein halv million kroner i skatt fram til 2023 – samtidig som han hadde fått endeleg avslag på opphaldsløyvet i Noreg.
Nav har tidlegare avvist å ha tatt initiativ til ein slik avtale.
Nils Roar Hareide var tidlegare dagleg leiar ved Runde Miljøsenter. Han seier dei ønskte å hjelpe Suel Kassembo.
Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRKViste til søndagsskulen
Den tidlegare daglege leiaren i Runde Miljøsenter vitna i retten nyleg. Der forklarte han at han var opplært til å hjelpe menneske i naud.
– Vi har lært på skule, søndagsskule og frå besteforeldre at vi skulle ta vare på våre medmenneske. Flyktningar er også medmenneske, sa Nils Roar Hareide.
Dette var bakgrunnen for at leiinga bestemte seg for å ta imot asylsøkjaren.
Her ved Runde Miljøsenter arbeidde Suel Kassembo før han gjekk i kyrkjeasyl.
Foto: Gunhild SætreViste til lovverket
Politiadvokat Magne Kvalvik sa i retten nyleg at det er vanskeleg å forstå at leiinga ved Runde Miljøsenter ikkje har skjønt at dei har gjort noko gale.
Han sa det var prisverdig å ville hjelpe eit medmenneske, men sa at det likevel måtte skje på ein lovleg måte.
Miljøsenteret er sikta for brot på Utlendingslovens § 108 tredje ledd bokstav a for å ha gitt Kassembo arbeid i 12 år.
Politiadvokat Magne Baltzer Grimstvedt Kvalvik meiner det er rart om leiinga ved Runde Miljøsenter ikkje forsto at dei gjorde noko ulovleg.
Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRKStøttespelar for Suel Kassembo
Sjefen for Runde Miljøsenter, Nils Roar Hareide, har i ei årrekkje vore ein av støttespelarane for Suel Kassembo og har arbeidd for at han skal få opphaldsløyve i Noreg.
Det årelange arbeidsforholdet har vore eitt av momenta Kassembo har brukt som argument for å få opphald.
No har Runde Miljøsenter tapt i retten og må betale 125.000 kroner.
Ankefristen er ikkje ute, og dommen er dermed ikkje rettskraftig.
Publisert 03.12.2025, kl. 11.11 Oppdatert 03.12.2025, kl. 11.58

















English (US)