Røykeloven 20 år: Frå hatobjekt til den nye normalen

1 month ago 24



Røykelova fekk ein brutal start med dødstrugslar og frykt for massedaud blant utestader. Kva gjorde at nordmenn ombestemde seg?

Natt til 1. juni 2004.

På ein utestad i Oslo stumpa gjestane dei siste sigarettane meir eller mindre motvillig. Samstundes gjekk vaktene rundt og samla inn oskebegera.

Kundar på denne utestaden i Oslo fekk slikkepinnar for å gjera opp for at dei måtte stumpa røyken natt til 1. juni 2004.

Framfor Stortinget var det meir action. Der kasta misnøgde røykarar tomatar mot hovudinngangen for å protestera mot den nye lova. Fire personar vart arresterte.

Det var sterke kjensler i sving då røykelova trådde i kraft den junidagen.

Då vart det ulovleg å røyka innandørs på serveringsstader i Noreg. Éin person beskreiv ho som «eit overgrep mot ein tredel av befolkninga».

Personer inne på en røykfylt bar

Røykfylte barar var meir regelen enn unntaket før røykelova kom. NRK har fått låna biletet av Museene i Akershus og har sladda det etter avtale med dei.

Foto: Camilla Damgaard / MiA – Museene i Akershus

Ein siste kartong

På utestaden Last Train i Karl Johans gate røyka enkelte om kapp. Ein sigg i kvar hand, ein heil kartong skulle røykast opp før midnatt.

– Det skulle vere deira siste dag. No skulle dei slutta, for no var det ikkje nokon vits lenger, fortel medeigar Stein Blomseth.

Stein Blomseth, medeigar og tidlegare daglig leiar av Last Train i Oslo

Stein Blomseth på Last Train. Sjølv om kameraet som er brukt i denne saka følast som ein antikvitet, er røykelova faktisk tre år eldre.

Foto: Silja Björklund Einarsdóttir / NRK

Den siste kvelden med røyking innandørs var han på jobb – eller kanskje ikkje, han hugsar ikkje heilt, det er jo faktisk 20 år sidan.

Men han var der iallfall. Eit augevitne til det som vart ein slags historisk kveld.

Eit veldig skeptisk augevitne.

– Eg var absolutt sterkt imot denne røykelova. Det var det fleire årsaker til, seier Blomseth.

Frå 1990 til 2003 jobba han fulltid på Last Train, dei siste åtte som dagleg leiar. I den perioden var det stadig nye regelendringar i Oslo som utelivet måtte ta omsyn til.

Blomseth beskriv det som å verte kasta fram og tilbake.

Fyrst kunne dei halda ope til eit visst tidspunkt, så vart reglane endra. Så kom det krav om matservering viss ein skulle selja brennevin. Deretter vart det påbode med duk på bordet for å kunna servera mat, bransjen vart nemleg for kreativ. Ikkje minst kom det restriksjonar på kor lenge utestader i dei ulike delane av byen kunne halda ope.

Sigarettstumper på fortauet

I dag røyker berre 7 prosent av vaksne kvar dag. Då kan det faktisk vere vanskeleg for fotografar å finna sigarettstumpar i gater og på fortau.

Foto: Silja Björklund Einarsdóttir / NRK

– Det var veldig mykje endringar av vilkår for utelivsbransjen, det var me ganske leie av. Røykelova såg ein berre på som endå eit tiltak for å få has på dei som gjekk ut på byen, fortel han.

Snudde fort

Eit av argumenta for røykelova var å trygga arbeidsmiljøet til dei som jobba på serveringsstader.

– Eg tenkte at det berre var tull, at dei skulle komma røykarane til livs. Eg syntest det var overformynderi. Det hjelpte heller ikkje at det var Høybråten som stod bak, KrF var ikkje kjend som eit utelivsvennleg parti, seier Blomseth og smiler.

Ein sigarettstump på gata og ein mann framffor ei dør

No må røykarane på Last Train ut døra før dei kan ta seg ein sigg med ølen.

Foto: Silja Björklund Einarsdóttir / NRK

Han – og stort sett alle dei andre tilsette – røyka sjølve som skorsteinar, ifølgje Blomseth sjølv.

Likevel tok det ikkje lang tid før dei snudde og skjønte at denne nye lova faktisk hadde noko for seg.

– Det vart ganske openbert etter ganske kort tid at dette var ganske ålreit. At det var mykje betre luft. Denne staden var jo heilt krise når det gjaldt røyk.

Aller tydelegast var røykproblemet kanskje på sommaren når det var litt klamt ute.

– Då dryppa det frå taket her. Då burde du ikkje ha på deg lyse sommarklede, for du fekk gulbrune nikotinflekkar på kleda, beskriv Blomseth.

Stein Blomseth inne på Last Train på venstre side. På høgre side eit prideflagg vikla rundt ei stang og ein raud lapp som fortel at ein jubileums-CD har 20-års jubileum.

Sjølv om Last Train ligg i Karl Johans gate, berre nokre steinkast unna Slottet, er det ei klassisk rockebule, trongt og svartmåla. Og dei har gitt ut samleplata «No music requests» som faktisk fyller 20 år samtidig med røykelova.

Foto: Silja Björklund Einarsdóttir / NRK

No er røykfrie utestader ein positiv ting for den gamle røykforkjemparen. Dei av kundane til Last Train som framleis må ta seg ein sigg eller fem, har det òg heilt greitt, trur han.

– Me har jo ei lita uteservering. Dei går ut dit, tar seg ein røyk og kjem inn igjen. Eg tenker at det fungerer ganske greitt no.

Strenge restriksjonar

Det er ikkje alle stader det er så enkelt som å berre gå ut av døra for å ta seg ein sigg.

På Ullevål sjukehus, til dømes, er det ganske strenge reglar for kor pasientar og tilsette får lov til å røyka.

Tre menn sit i eit røykeskur og røyker utanfor Ullevål sjukehus

Utanfor Ullevål sjukehus er det strenge reglar for kor ein får røyka. Serhii Protchenko (til høgre) og Oleksandr Obitskyi må finne seg i å bruka røykeskuret når dei skal ta seg ein sigg.

Foto: Silja Björklund Einarsdóttir / NRK

Røykerom inne finst ikkje lenger, no er det heller røykeskur ute. Små glasbur, som ein nesten kan forveksla med buss-skur, vert naturlege opphaldsstader for dei nikotinfrelste.

Ein av dei er Serhii Protchenko. Frå heimlandet Ukraina er han van med å ikkje kunna røyka innandørs, men å måtte finna seg eit røykeskur er likevel ei ny oppleving.

Det er ikkje berre positivt.

– Det er for lite plass, det vert så mykje røyk her inne.

Eit oskebeger ved Ullevål sjukehus og ein mann som sit og røyker i eit røykeskur

«Stump røyken» er hovudbodskapen frå Ullevål sjukehus. Men nokre få plassar kan røykarar som Serhii Protchenko framleis tenna seg ein sigg.

Foto: Silja Björklund Einarsdóttir / NRK

Røyking i legekvardagen

I eit hjørne bak eit av sjukehusbygga sit tre legar i grøne klede og tar seg ein liten pust i bakken.

For to av dei betyr det òg ein røyk – eller to.

Når dei skjønar at det er ein journalist frå NRK dei snakkar med, flirer dei fyrst litt, dei skjønar at dei er tekne på fersken. På ein vegg to meter unna heng det nemleg eit skilt som ikkje levnar tvil om kva reglar som gjeld.

Eit skilt som viser at det er røyking forbode på Ullevål sjukehus i Oslo.

Tilsette som vil ta seg ein røyk i løpet av arbeidsdagen, må finna seg i formanande ord på forbodsskilt utanfor sjukehuset.

Foto: Silja Björklund Einarsdóttir / NRK

– Eg opplever eigentleg ikkje at det er nokre avgrensingar for meg. Men eg er ikkje det typiske «offeret» for røykelova, seier anestesilege Tor Erik Anderssen.

Han har jobba på Ullevål i 25 år, og hugsar godt korleis det pleidde å vere. Men han klagar ikkje. Han tar seg ein røyk når det passar.

– Det går ganske greitt å få det til å passa inn i arbeidsdagen, seier legen.

Ein lege i grønne klede sit på ein benk og røyker

Tor Erik Anderssen er ikkje så bekymra for å røyka der det ikkje er lov. Han tar uansett omsyn til både pasientar og kollegaer når røyken skal fram.

Foto: Silja Björklund Einarsdóttir / NRK

Måtte ha politibeskyttelse

Dåverande helseminister Dagfinn Høybråten (KrF) vart på mange måtar ansiktet på røykelova.

Det var ikkje berre positivt, sjølv om han i dag meiner debatten både var viktig og riktig.

– Hatytringane som kom, dei var valdsame. Det var trugslar og det var ganske heftig å stå midt oppe i det. Men når eg ser tilbake på det, angrar eg ikkje. Eg er glad eg fekk gjort det på mi vakt, seier han til NRK.

Dagfinn Høybråten

Dagfinn Høybråten er glad han fekk røykinga ut frå arbeidsplassar og inn i røykeskur, som dette utanfor NRK. I framtida trur han òg røykeskura vil forsvinna.

Foto: Johanna Hauge / NRK

Kallenamna hagla, og dei var ikkje av den positive typen.

– Osama bin Høybråten, og det som verre var, fortel eks-politikaren.

Han fekk òg dødstrugslar, så alvorlege at han måtte ha politibeskyttelse døgnet rundt i ei periode.

Høybråten sjølv er einig i at det var ei inngripande lovendring, men meiner ho var naudsynt for å sikra alle retten til eit røykfritt miljø. Det skulle visa seg at ganske mange var einige i det.

– Dei fleste har komme opp til meg og bedt om unnskyldning, og sagt at eg hadde rett.

Framleis meiner den tidlegare helseministeren at det er mykje samfunnet kan gjera for å avgrensa tobakksbruk. Men òg på andre område trur han det kan vere behov for inngripande lover.

Dagfinn Høybråten og Irlands helseminister Micheál Martin i Oslo

Den irske helseministeren Micheál Martin tok turen til Oslo i 2004 for å besøka kollegaen sin Dagfinn Høybråten, i høve av at Noreg og Irland var dei to fyrste landa til å gjere røyking på utestader ulovleg.

Foto: Heiko Junge / NTB

– Ikkje minst på kva og kor mykje me et, fysisk aktivitet og klima. På alle desse områda er det rom for å ta kunnskapsbaserte grep som kan vere inngripande i liva til folk, seier han.

Betre luft og helse

Statens arbeidsmiljøinstitutt (Stami) gjorde ei undersøking ved fleire serveringsstader både før og etter at røykelova vart innført.

Funna var tydelege, og kanskje ikkje spesielt overraskande: Luftkvaliteten var mykje betre etter at det vart ulovleg å røyke innandørs.

Ikkje-røykarane fekk dessutan i seg mindre nikotin etter at forbodet trådde i kraft, og funna tyda på at dei òg fekk betre lungefunksjon.

Det er heller ikkje noko tvil om at samfunnet har endra seg sidan røykelova vart innført.

Ifølgje Helsedirektoratet er det no omtrent 7 prosent av vaksne som seier dei røyker dagleg. Same tal for ungdom mellom 16 og 24 år er 3 prosent.

Talet på dei som røyker dagleg er halvert dei siste ti åra.

Samstundes har det vore ei kraftig auke av folk som snusar; faktisk har talet nesten dobla seg i same periode. Ikkje minst er snus populært hos dei unge.

Så trass i auka i snusbruk, kan ein kanskje faktisk seia at Dagfinn Høybråten fekk rett.

Det er iallfall der Stein Blomseth har enda.

– Det var sjølvsagt mykje betre for dei som jobba, han hadde rett i det, Høybråten.

Publisert 01.06.2024, kl. 07.49

Read Entire Article