Reuters: Russland har gitt USA ei liste over krav til fredsforhandlingar.

1 day ago 8



Det er nyheitsbyrået Reuters som har fått opplysningar frå to ulike kjelder nær partane, melder NTB.

Russland skal ha stilt nokre generelle krav til forhandlingane, blant anna at Ukraina ikkje kan bli medlem av Nato.

Det er førebels uklart kva konkret som står på lista frå russarane og om krava må oppfyllast før dei går i forhandlingar, melder Reuters.

Kjeldene beskriv krava som generelle. Vidare heiter det at dei er likelydande med krav som Russland tidlegare har stilt til Ukraina, USA og Nato.

Dei krava har blant anna vore at ingen utanlandske soldatar kan utstasjonerast i Ukraina.

Krava skal også gjelde internasjonal anerkjenning av Russlands annektering av Krim-halvøya og regionane Donetsk, Kherson, Luhansk og Zaporizjzja.

Ifølge kjeldene har russiske og amerikanske embetsfolk diskutert lista på både virtuelle og fysiske møte dei siste tre vekene.

USA har fremja eit forslag om 30 dagar med våpenkvile, men Russland har førebels ikkje svart på dette.

Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj har sagt at han vil gå med på avtalen som eit første steg mot fredssamtalar.

Publisert 13.03.2025, kl. 05.04 Oppdatert 13.03.2025, kl. 05.27

Read Entire Article