MDG-topp etter regnbogeflagg-sabotasje: – KrF har eit særleg ansvar

20 hours ago 7



Festdagen for Bygdepride fekk ein trist start da nokon hadde rive ned regnbogeflagga i Ørsta og Volda.

– At nokon river ned prideflagg er forkasteleg, men dessverre ikkje overraskande. Både fordi det har skjedd før, men også fordi debatten har blitt skjerpa og meir polarisert, seier nyvald nestleiar i Miljøpartiet Dei Grøne, Jonas Nilsen.

Nilsen rettar ein peikefinger mot Kristeleg Folkeparti som nyleg gjekk inn for å forby regnbogeflagg på skolar.

Partiet vil at berre norske, samiske og kvenske flagg skal tillatast på offentlege skolars flaggstenger.

– Eg meiner at KrF har eit spesielt ansvar for at debatten har blitt slik. Dei nytta landsmøtet sitt til å angripe regnbogeflagget som eit samlande symbol, seier Nilsen.

– Bomskot

Partileiar i Kristeleg Folkeparti kallar dette fullstendig bomskot.

– KrFs forslag er på linje med den norske flaggpolitikken som det var tverrpolitisk einigheit om fram til 2021. Det er heilt meiningslaust å hevde at dette er grunnen til det triste, nedslåande og ulovlege hærverket i Volda, seier Dag-Inge Ulstein.

en mann i dress som peker

Dag-Inge Ulstein under Krfs landsmøte i april.

Foto: Paul S. Amundsen / NTB

Vil kjempe for regnbogeflagget

Nilsen meiner at når pridemarkeringar blir angripne slik som i Volda, bør politikarar heller samle seg om å forsvare retten til å vere seg sjølv og elske den ein vil.

– Vi i MDG lovar at vi skal ta kampen for at alle regnbogeflagg skal få vaie i fred, både i norske skolegardar og alle andre stader. Verken bøller som riv ned flagg eller KrF sine forbod vil endre på det.

– Splittande og polariserande retorikk

Ulstein svarer at det norske flagget er samlande og inkluderande.

– MDGs retorikk derimot er splittande og polariserande. Meiningsmålingar viser at KrFs forslag er noko som ein stor del av det norske folket er einig i. Betyr det at alle desse menneska er mot kjærleik, mangfald eller rettane til skeive? Nei, sjølvsagt ikkje, svarer Ulstein.

Kvart år er det diskusjonar knytte til regnbogeflagget. Kvifor det? Og kvar stammar det frå?

Publisert 11.05.2025, kl. 08.23

Read Entire Article